Gabbi Sømme blei frakta gjennom dei tyske sperrestillingane med ambulanse og diagnose som sinnsjuk. |
Gabbi Sømme var ikkje den einaste frå byen som søkte tilflukt på Fister då krigen kom. Brigt Aksnes som var lærar på Solborg ungdomsskule i Stavanger tok med seg heile familien til Fister då tyskarane tok Solborg.
Fleire av sønene hans var aktive i motstandsarbeidet. Den eine av dei, Øyvind, hadde eit omfattande samarbeid med Gabbi.
Med-rømling Øyvind Aksnes hadde oppdrag som sjukepassar for Gabbi. |
Knut Aksnes, bror til Øyvind, kom i 1944 som kurer frå Sverige. Oppdraget hans var å betra kontakten mellom motstandsbevegelsen i Sør-Rogaland og XU-leiinga i Stockholm. Knut hadde stukke til Sverige året før saman med Harald Sem. Knut hadde kontakt med broren og Gabbi Sømme også.
Då Knut Aksnes oppsøkte ein av sine kontaktar i Stavanger, var han alt arrestert. Det var ein Stapo-mann som åpna døra. Aksnes greidde ikkje å riva seg laust. Han havna i klørne på Stapo og tyskarane.
Fjordabåten «Kvitsøy» gjekk kort tid etterpå frå byen godt lasta med norske og tyske nazistar. Dei skulle til Fister og leita etter fleire medlemmer av Aksnes-familien.
Denne dagen var Øyvind Aksnes i byen. Gabbi var på Fister, men stakk av derifrå. Ho fekk motorbåt-skyss utover fjorden. På veg ut fjorden møtte dei ein annan båt der Øyvind var om bord. Dei to aktivistane blei sette i land på Nordskår ved Årdalsfjorden. Tyskarane var på sporet etter dei. Nå var dei på flukt.
Frå Nordskår gjekk ferda til Hjelmeland og vidare til garden Følekammane ovanfor Jøsenfjorden. Her budde Olaus Rødlende som Gabbi kjende frå før. Der hadde ho funne gøymestad for den russiske krigsfangen Alexis Gladki som hadde stukke av frå tyskarane sin fangeleir i Sauda.
Rømlingane laga seg ei hytte eit stykke frå Følekammane. Dette blei gøymestaden deira. Olaus Rødlende hjelpte dei så godt han kunne og handelsmann Knut Gil på Vadla skaffa dei mat.
Olav Haraldstad blei boren på gullstol på Sand etter krigen. Berarar: Edvard Marvik og Torger Hauge. Foto: Julius Bårdsen. |
Ei tid seinare blei det omfattande arrestasjonar i Førre. Då var det ikkje trygt lenger på Følekammane heller. Då drog Gabbi Sømme og Øyvind Aksnes til Hjelmeland. Dei heldt seg i naustet til distriktslege Gjemdalei vekes tid før dei stakk over fjorden til Skår på Ombo og deretter vidare til Randøy der dei budde på loftet i huset til Olga og Rolv Breivik i Breivik.
Handelsmann Per Aukland på Ombo var ein sentral kontaktformidlar for dei to flyktningane.
Jon Brommeland (i kvit skjorte) skyssa rømlingane til Ropeid. Foto: Tor Sylte. |
Etter eit par veker kom ein motorbåt-skyss og henta dei. Dyrlege Olav Haraldstad på Sand var sentral i arbeidet med transporten vekk frå Randøy og sørga for flukt over Nordsjøen til Shetland.
Med motorbåten til Jon Brommeland gjekk turen frå Randøy til Ropeid.
Overlege Julius Ridderrvold gav Gabbi Sømme diagnose som sinnsjuk. |
Overlege Riddervold på Sauda sjukehus ordna skyss vidare med Røde Kors sin sjukebil til Skånevik og så ferje vidare til Valen. Legen i Sauda hadde gitt Gabbi Sømme diagnosen "casus belli" eller sinnsjuk. Johan Solheim var sjåfør og Øyvind Aksnes var "sjukepassar".
Røde Kors-bilen i Sauda. Bilmerke Hudson. 1938-modell. Foto frå boka til Aslaug Tangeraas om Sauda sjukehus. |
I avisa "1. Mai" frå 25 juni 1945 tek eg med dette: Gabbi Sømme fortalte etter at jeg hadde lovet å stikke blokk og blyant i lommen. Og slik hun fortalte. En mer spennende bok, nei filmmanuskript, er ikke skrevet. Jeg synes jeg ser henne for meg da hun i høljende regn og stummende mørke kryper på alle fire for å føre russeren Alexi over fjeller fra Sand til Førre. Da hun i fem døgn måtte ligge musestille i uren ovenfor Førregårdene mens Gestapofolkene bokstavelig talt gikk over hodet hennes. Eller da hun sto på distriktslegens kontor og forlangte at han skulle skrive ut sinnsjukeattest og rekvirere sjukebil og skriveinnleggelses-seddel til sinnsjukehospitalet for at hun skulle slippe gjennom de tyske sperrestillingene."
Eg trur at journalisten med fordel kunne hatt notisblokka oppe og skrive ned Gabbi Sømme sin historie i staden for å ta den på minnet i ettertid.
Neste Gabbi-blogg kjem om eit par dagar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar