Gabbi Sømme budde i hytta Lisehaugen på Fister store deler av krigen. Slik ser denne hytta ut i dag. Kirsten Sandvik Madesen er eigar. |
Unge guttar og menn kom og gjekk i hytta til den fråskilde 40 år gamle bydamå Gabbi Sømme. Så folkesnakket på Fister var ikkje alltid heilt nådig overfor denne frua og det huset ho heldt. Dette sto på fyrstesida på Aftenbladet 25. juni 1945. Altså ikkje noko eg har funne på for å pirra forvitenskapet og interessa for å lesa denne bloggen.
For 85 år sidan var det heilt uvanleg at folk skilde seg. På Fister og i resten av Ryfylke var det så godt som uhøyrt. Og tenk Gabbi som alle i bygda kjende omtrent som ein sambygding etter mange og lange sommerferiar på hytta til familien Holst. Faktum var at Gabbi og mannen skilde seg i 1939 etter 12 års ekteskap.
Kanskje var det like godt at det blei ein viss distanse mellom bydamå og dei fleste i bygda. For den engasjerte Gabbi kasta seg inn i motstandsarbeidet frå fyrste dag.
Men for all del, ho var ikkje isolert. Ho var med både her og der. Den musikalske dama blei brukt som organist i Fister-kyrkja!
Fister kyrkje. Her var Gabbi Sømme organist. Ei tid laga ho illegale aviser i klokketårnet.
Då tyskarane kom 9. april 1940, var Gabbi Sømme på veg til Bergen. "Som en stormfugl var hun plutselig på Voss og bokstavelig talt midt i bomberegnet fra tyskerne. Hun hjalp til med evakueringen fra en gamleheim. Og dermed var Gabbis plass i okkupasjonens Norge gitt", står det i nekrologen i avisa "1. mai" den 1. mars 1952.
Johan Hans Laab og Reimund Huber var to unge menn som fekk hjelp av Gabbi Sømme. Desse mennene var kommunistar frå Østerrrike som hadde flykta då Nazi-Tyskland overtok fedrelandet deira. Dei kom til Norge og busette seg i Stavanger i 1938. Medan andre politiske flykningar hadde komme seg ut av Norge i tide, blei dei to mennene verande heilt til tyskarane kom.
Etter krigsutbrotet søkte dei to fyrst tilflukt i Strand. Seinare kom dei til Peder Vodalen på Randøy i Hjelmeland der dei heldt seg dei fyrste ti vekene av krigen. Så kom det melding frå Stavanger om at dei måtte gå i dekning. Gabbi Sømme var med på å hjelpa dei med gøymestader både i Barnevik og på husmannsplassen Halsen på Fister.
Ei tid seinare blei dei frakta med motorbåt til Tysse heilt innerst i Erfjord. Der sørga Jonas Tysse for gøymestad for dei fram til tyskarane begynte å leita etter dei der. Motstandsfolk frå Stavanger hjelpte dei då med kontaktar slik at dei kom seg vidare. I 1942 greidde dei å komma seg over grensa til Sverige.
I 1942 kom det ein ny mann til Fister. Rasmus Jonassen var navnet hans. Han laga illegale aviser og då jorda begynte å brenna under føtene hans i Stavanger, søkte han hjelp hjå Gabbi Sømme på Fister. Fru Sømme hadde duplikator, skrivemaskin, stensilar, papir og anna utstyr. Jonassen installerte seg i ein motorbåt i Barnevik. Der laga han dei fyrste nummera av "Ukens Nytt" som kom ut i over to år. Heilt fram til hausten 1944.
Gabbi Sømme var sentral i arbeidet med å distribuera avisa. Ho fekk hjelp av distriktslege Gjemdal på Hjelmeland og styrmennene Jone Helgøy og Nils Staurland.
Ein periode var "avistrykkeriet" for "Ukens Nytt" plassert i kyrkjetårnet på Fister.
(Kjelder: Njål Tjeltveits bok "Krigsåra i Ryfylke og diverse avisartiklar)
Modige folk.
SvarSlett