fredag 1. november 2024

Har du sett "Stavanger 1"-klokka ?

 


Denne klokka sto og støva ned under ein benk hjå 
Brødrene Anda i Stavanger. 



Under ein benk hos Brødrene Anda, skipsopphoggeriet i Stavanger, sto skipsklokka frå gamle «Stavanger 1» og støva ned. Dette skipet, «Stavanger 1», var det klassiske nattruteskipet med ein spesiell plass i hjerta til alle ekta siddisar i si tid. Det ærverdige dampskipet mista navnet sitt i 1950. Etter den tid var navnet «Kong Sverre». Den blei hogd opp i 1962.


Dette klokkefunnet blei omtalt i ein artikkel i Aftenbladet 31. desember 1976. Det går ikkje fram av denne artikkelen kva tid klokka dukka opp hjå Brødrene Anda, men i 1976 var det 14 år sidan «Kong Sverre» blei hogd opp til spiker.


«Det klinger ikke på kaien lenger» var overskrifta på avis-artikkelen. Her blir det konstatert at det er slutt på bruken av skipsklokker når fjordabåter og ferjer var klar til avgang frå byen.


- Den siste faste ringinga tok slutt 31. august 1974. Då gjekk det siste nattruteskipet frå Stavanger til Bergen. Dette sa Torgeir Torgersen, passasjersjefen i Stavangerske, til Aftenbladet.


Martin Hodnefjell med skipsklokka på "Hidle"



-Nei, det er ikkje mykje klokkeklang på kaien, sa andreføraren på fjordabåten «Hidle», Martin Hodnefjell, til Aftenbladet. Einaste unntaket skulle vera eit og anna klemt frå «Årdalsfjord», meinte Hodnefjell.


Sjølv om skipsklokke-klangen hadde stilna ved kaiane i Stavanger, var dei gamle klokkene meir ettertrakta enn nokon gong mellom suvenir-jegrane. - Me har ikkje tal på koss mange som spør etter gamle skipsklokker. Dei er tydelegvis blitt kostbare samlarobjekt, sa Per Anda.


"Stavanger 1" i fordums glans.



Klokka frå «Stavanger 1» havna på Stavanger Sjøfartsmuseum. Den fekk plass ved sida av fyrsteklasse-salongen frå det same skipet. Men i dag er hverken klokka eller salongen å sjå på museet. Plassmangel førte til at minnnene om Stavangerske sitt gamle flaggskip nå er havna på eit lager på Åmøy. Om dette er eit midlertidig opphald eller eit endestopp, har eg ikkje fått greie på. Men eg håpar på å få tak i eit fint bilde av denne klokka. Det skal få ein fin plassering i denne bloggen.


Tidlegare "Rennesøy" og "Hidle" går nå i rutefart i Vest-Canada under navnet
"Frances Barkley". 



Kan forresten ikkje dy meg. På bildet av Martin Hodnefjell på «Hidle» ser du godt klokka om bord. Heng den ennå om bord i denne båten som stadig er i fart? Nå som rutebåten «Frances Barkley» i farvatnet rundt byen Vancouver i Vest-Canada. Denne rutebåten frå 1958 hadde navnet «Rennesøy» som ny i 1958. Den skifta navn til «Hidle» i 1969. Blei klokka med til Canada?


Eg har eit visst forhold til den gamle «Rennesøy». I tre dagar, i august 1967, var eg matros om bord. Då gjekk denne båten til Skudeneshavn om sommaren. Det var surt ver. Me måtte surra bilar og ta oss av spykorger som passasjerane hadde brukt. Må vedgå at eg spydde sjøl også. Etter det var ikkje draumen om å bli sjøoffiser så forlokkande lenger.


Aftenblad-artikkelen som eg har sitert frå, var skriven av Per Fjeld. Harald Sem var fotograf.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar