![]() |
13 år gamle Emil Mohr haika med statsministeren. Tenk det er 70 år sidan! Her er heikaren fotografert i sitt rette element i Hjelmelandsvågen. |
Emil skulle på cupfinalen i fotball. Men han var seint ute. Ka gjorde han då? Han stilte seg opp og haika. Ein svart bil stoppa. - Hopp inn, sa sjåføren som også skulle på fotballkampen på Ullevål Stadion.
Den blide sjåføren prata om kampen, vêret og laust og fast.
Brått forsto 13-årige Emil kven sjåføren var. Det var sjølvaste statsmisteren som sat bak rattet.
Nei, det var ikkje Støre som kjørte. Dette var statsminister Oscar Torp og årstalet var 1954.
![]() |
Statsministeren som var kompis med kongen. Kong Haakon 7. og statsminister Oscar Torp frå Arbeiderpartiet. |
På den tida budde 13-åringen Emil Mohr og familien hans på Frogner i Oslo. I dag bur 84-åringen og kona Kjellfrid Laugaland på Hjelmeland og delvis i Oslo. Dei er begge pensjonerte legar. I mange år budde og jobba dei i Haugesund.
Guttungar får ikkje haik med statsministeren lenger. Det var andre tider i 1954. Statsministeren budde i ein heilt vanleg leilighet i Bygdøy Alle og kjørte sjøl bilen viss han skulle ut ein tur. Livvakter og privatsjåførar var uaktuelt for norske topp-politikarar på den tida.
Søndag 24. oktober 1954 var det Oslo-laget Skeid og Fredrikstad som møttes til cupfinalen. Lyn var favoritt-laget til Emil. Statsministeren var frå Skjeberg i Østfold og var kanskje tilhengar av "aristokratane" frå Fredrikstad. Skeid slo FFK 3 – 0.
Kanskje var statsministeren invitert som gjest på cupfinalen. I Aftenposten står det dagen etterpå at kong Haakon var på finalen saman med prins Harald og prinsesse Astrid.
Og kong Haakon og statsminster Torp var svært gode venner. Dei var i London under krigen og der oppsto dette spesielle vennskapet. Frå 1941 til 1945 var Torp forsvarsminster. Han avløyste Einar Gerhardsen som statsminister i 1951. Ved stortingsvalet i 1953 gjorde Arbeiderpartiet sitt beste valresultat nokon gong. Den populære statministeren fekk ein god del av æra for det.
- Viss kong Haakon hadde hatt stemmerett, ville han også ha stemt på Arbeiderpartiet, blei det sagt den gongen.
![]() |
Forfattar Hans Olav Lahlum hart laga biografien om Oscar Torp. |
Oscar Torp var ein usedvanleg vennleg og imøtekommande mann. Det gjekk gjetord om hans væremåte. Forfattar Hans Olav Lahlum skreiv biografien om han i 2008. Eg har lese denne boka som gjorde sterkt inntrykk på meg.
Då Emil kom heim til Frogner etter kampen, fortalte han foreldra om haiketuren med statsministeren.
- Kva sa dei då?
- Dei var ikkje spesielt imponert?
- Dette var "et borgerlig hjem, seier Emil som aldri har komme så nært inn på statsministrar seinare i livet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar