![]() |
Bestemor Duck på farten Tenk å kalla vår bil for Bestemor Duck-bil. |
- Den gamle Bestemor Duck-bilen! Du må kvitta deg med den. Jo før, jo heller.
Eg har venner som snakkar slik til meg.
Ka skal du med uvenner når du har slike venner?
Bilen vår er ikkje heilt ny. Det er rett. Men den har virka godt. Og når eg er på EU-kontroll: Kan dei ikkje skrøyta nok på verkstedet.
For å vera heilt ærleg. Den er blitt 20 år gammale. Viss dette hadde vore ei dotter eller ein son, hadde me vore aleina i leiligheten i dag. Det er me jo, rett nok. Men me har den gilde bilen vår nede i garasjen. Den lagar ikkje mykje sjau.
Ein grå Subaru Forrester. SUV, blei slike bilar kalla. Den kom seg fram overalt. Fira hjulstrekk og allslags.
Me gløyme aldri dagen då me fekk han. Eller kjøpte den for å vera heilt presis. Litt over 300.000 kroner.
Den sto der og skein på den svære parkeringsplassen utanfor IKEA i Sandvika utanfor Oslo.
Ein kjenning på Jæren hadde ein kontakt i Oslo som dreiv med bruktbilar. - Eg kan kontakta han. Ka slags bil vil du ha? spurte han på Jæren.
- Eg vil ha ein Subaru Forrester med automatgir, svara eg.
![]() |
Kånå i sving med hjulskift. |
Det gjekk ikkje lenge før eg fekk melding. Bilen var klar. Men seljaren ville gjerne ha den gamle, litle Volvoen vår i bytte. Den var gammale, og eg hadde fått klar melding om at det ikkje var lurt å kosta meir pengar på den. Men seljaren hadde ei dotter som skulle ta førarkort for bil med manuelt gir. Eg skulle få vrakpant-pengane i betaling.
Avtalen var raskt i boks. Kånå og meg drog til Oslo med den gamle Volvoen og bytta med seljaren på ein grå søndag i august 2004.
Den var rett nok brukt, men berre tre-fire månader og kjørt 3-4000 kilometer. Så god som 0m den var splitter ny, vil eg seia.
Me har kjørt og kjørt. Høgt og lågt. Nord og sør. Med tilhengarfeste og greier. Og blitt glad i denne kjøregreiå. Dei seinare åra har med kjørt mindre. Me, eigarane, er blitt 20 år eldre, me også. Derfor tar me ofta bussen. Reiser på honnør. Dermed får bilen stå tørt og varmt i fellesgarasjen i blokkå vår.
Eg har tatt det med eit flir når venner kallar våre kjære familie-medlem for Bestemor Duck-bil, men det er jo litt sårt. Det må eg vedgå.
Sjokket kom nå i haust. Dynamoen rauk. Ein ny kosta tusenvis av penger. Det var bare å krypa i det sura eplet og punga ut.
Forresten har me hatt vårt, me eigarane også. Alderen krev sitt. Kan skjøna bilen også merker alderen. Så slik går dagane.
For eit par dagar sidan gjekk kånå og meg saman om den store anstrengelsen. Det var tid for vinterdekk. Me drog vinterhjula ut av kjellarbuå og gjekk i gang.
Kånå var så ivrige at hu var i full gang med å fjerna alle mutrane på det venstra framhjulet før eg hadde jekka opp bilen. Men det ordna seg. I tur og orden skifta me hjula. Og dei andre beboarane i blokka som kom og gjekk, var øvejidde over oss som ordna med dekka sjøl. Dei andre fekk fagfolk til å ta seg av denne jobben.
Men for meg som er så hjelpaslaust upraktiske, er det ein boost for sjølkjensla (selvtilliten på norsk-dansk) kvar gong eg greier det. Sjøl om kånå måtte trø til og hjelpa meg.
Me er klar for vinterføret. I Bestemor Duck-bilen. I år også.
God tur!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar