![]() |
Slik ser dei ut! Brillene mine. |
Koss kan det ha seg? I den seinare tid har eg blitt meir og meir plaga av dei usynlege rundt meg. For eksempel er dei alltid ute etter brillene mine. Viss eg tek glas-auene av meg for å ta på meg ei T-skjorta eller ein jumper, er dei ikkje råd å finna når eg har tredd klesplagget på meg.
Så må eg til og leita. For dei usynlege stel ikkje. Dei flytter ting. Det må vera for å plaga meg. Viss eg, til dømes, skiftar klede på badet og har lagt brillene på benken ved sida av vasken, så finn eg dei gjerne igjen på nattbordet. Dette er rett og slett mobbing! Skapningar som eg verken høyrer eller ser, er rundt meg heile tida.
Takka meg til kånå! Ho har eg også rundt meg heile tida. Men eg kan ikkje unngå å høyra og sjå henna. Av og til kan det bli i meste laget, men ho vil meg vel og har omsorg for meg. Det blir ein heilt annan ting, viss du forstår.
Desse plageåndene heng etter meg på butikken også. For eksempel: Enkelte av varene som eg samvittighetsfullt har notert på handlelista, er plutseleg borte frå hylla der det skal stå.
![]() |
Kan ikkje gå forbi ein så synleg kjekspakke. |
- Kjøp Kaptein-kjeks, sa kånå. Ho kan knapt nok slå eit halvstikk, men ho vil ha någe maritimt med ost på til frokost.
På butikken styrte eg rett mot hylla der det sto KJEKS med store bokstavar. Eg gjekk fram og tilbake. Seint. Kikka høgt og lågt! Ikkje ein kapein-kjeks å sjå. Til slutt gav eg opp heila greiå. Dei andre varene som eg skulle ha, sto på rett plass.
Nå kunne eg sjølsagt gått til butikkdamene eller betjeningen om du vil, og bedt om hjelp. Men då blir det alltid så mykje styr. Dei geleidar meg inn mellom hyllene og gir seg ikkje før eg har fått det eg skal ha. Eg likar ikkje så mykje oppstyr på grunn av meg sjøl.
Og vett du ka? Kånå til Bøggningsmaen på Hjelmeland berre lo av meg då eg spurte om dei hadde gøymt Fjordland-hylla på Sparen på Hjelmeland. Ho jobbar på Sparen, ser du.
Ikkje kjekt når folk ler av deg. Rett opp i trynet. Eg tok ein tur til i kjekshylla. Minst like grundig som sist. Då! Midt i hylla, heilt synleg, sto kjeksen eg var på leit etter. Ikkje fortel meg at ikkje såg den fyrste gongen. Nei, her har det vore någen som har herja med meg.
Eg kunne lett rekna opp fleire eksempel på denne elendigheta. For eksempel mobiltelefonen. Den havnar på dei mest utrulega plasser. Men den går det heldigvis an å ringja til når kånå mi er hima. Verre viss eg er åleina.
Dei usynlege burde finna på någe meir positivt. Fjerna hybelkaniner frå stovegolvet, for eksempel.
Uff! Ikkje særligt til framtidsutsikter viss eg skal bruka resten av mi tid til å gå rundt å leita etter brillene mine.
Førebels klarer eg meg heldigvis slik passeligt.
Ha ein god dag, du også!
(Du kan dela denne bloggen ved å trykka på facebook-logoen rett ned forbi her.)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar