Ånen og Lars Helgaland med eit gammalt ølkrus i tre. Oppe i høgre hjørne skimtar ein telefonen som kom i 1946. (Foto: Oddvar Lavold) |
Under krigen hekta det seg fast ein engelsk sperreballong i bjørkeskogen i Svartevasslia. Sperreballongane blei brukte av engelskmennene til vern mot tyske flyangrep. Denne ballongen førte vinden over Nordsjøen i retning av Vest-Norge, Ryfylke og fjellgarden Helgaland. Der hengde den seg fast i bjørkelia. Den blei ikkje verande der lenge.
- Folka på Helgaland gjorde som mannen i kråkevisa. Dei kjørte den heim på låvegolv og der vart sperreballongen som skulle verna mot flyåtak, lema sund og nytta til fredelege føremål, fortel Ingvar Bjørnhus frå Vormedalen.
- Det gummi-aktige ballongstoffet blei det laga regnklede av. Heile Helgalandsslekta fekk spesialsydde regnklede av ballongstoff. Eg hugsar godt den spesielle gummilukta. Med ballongen følgde det også massevis av tauverk. Kor det blei av, er det ingen som veit i dag. Rester av sperreballongen blei liggjande på låven på Helgaland i årevis etter krigen, fortel Einar Helgaland frå Hjelmeland. Bestefar hans, Olaus, var frå Helgaland og var bror av dei ugifte syskena som blei buande igjen på garden mellom Kleivaland og Trodla-Tysdal.
Ånen Helgaland på veg til bygda med hesten. |
- Ånen Helgaland gjekk forbi hjå oss på Kleivaland rett som det var, og jamt tok han opp dropsposen, «Kongen av Danmark», og gav meg ein bombom, fortel Ingvar Bjørnhus.
Ånen og dei andre syskena var snille, gjestfrie og vel orienterte om det meste som skjedde i verda.
Medan Ånen var åpen, praten og smilande, var eldstemann Lars meir stillferdig og smålåten. Men ingen må tru at Lars var nokon tosk. Han var interessert i kva som skjedde i verda og var pådrivar for at dei skulle skaffa seg radio på straumlause Helgaland. Løysinga var sjølvsagt batteri-radio. Dermed var det viktig at det alltid var eit godt og full-lada radio-batteri i huset.
Her kom bymannen Sverre Torjusen til å spela ei viktig rolle. Han ferierte tilfeldigvis på nabogarden Kløv påsken 1943. Då gjekk dei forbi Helgaland og oppdaga folgehuset til Lars som sto tomt. Han spurte om få leiga dette huset. Familien Torjusen frå byen blei tekne i mot med åpne armar på Helgaland. Dei leigar stadig same huset. Nå er det sonen av Sverre Torjusen, Rolf, som er leigetakar.
Sverre Torjusen hadde arbeid i Televerket i Stavanger. Han hadde ofte med seg nytt radio-batteri då han kom til Helgaland.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar