lørdag 30. november 2024

Gestapo blei stoppa av Eldrid Helgaland

  

 


Eldrid Helgaland var ikkje redd tyskarane.


 


Til og med Gestapo og norsk statspoliti  stoppa då dei møtte Eldrid Helgaland i trappa med armane i kross. Vegen var stengd. Då hadde dei saumfore resten av huset,  men inn på loftet i Tordenskjolds gate i Stavanger der husholdersken hadde sitt jomfrubur, fekk dei ikkje komma uansett om dei dreiv med razzia aldri så mykje.

Nazistane var på jakt etter motstandsmannen Andreas Cappelen, seinare både justisminister og utanriksminister, då dei trengde seg inn i huset til parfyme-handlar Hans Koch og møtte den vel 40 års gamle jenta frå fjellgarden Helgaland i Hjelmeland.

- Eg opplevde Eldrid som ei mektig dame og strengt religiøs. Ho abonnerte på det kristelige bladet «For fattig og rik», kan eg hugsa. For oss barna var ho veldig viktig og lærde oss mange ting om nøysomhet som kom godt med i slutten av krigen, fortel Fredrik Koch. Han var son i huset der Eldrid Helgaland kom inn som hushjelp og seinare husholderske for enkemannen Hans Koch. I ti års tid styrte ho huset til familien Koch.

Hans Koch gifta seg på ny i 1942. Den nye kona fekk også oppleva at Eldrid var myndig. Ho slapp omtrent ikkje inn på kjøkken. Der var det Eldrid som regjerte.

Kvar påske og sommar reiste familien Koch på hytta på Høle. Der var Eldrid sjølvsagt med. Då låg ho på flatseng på golvet på loftet saman med ungane.

To somrar tok Eldrid med seg Fredrik Koch og syskena til Helgaland der fire ugifte sysken av Eldrid budde. Byungane fekk  vera med i arbeidet på garden.


Dei fire syskena på Helgaland i 1960 rett før dei flytta frå garden. Frå venstre: Eldrid, Anna, Ånen og Lars. Dei var ti sysken i alt. (Foto: Oddvar Lavold)



På Helgaland var syskena til Eldrid stolte over at søstera hadde fått seg huspost hjå Hans Koch som var «parafyme-handlar i Kørkjegadå i byn».

- Det var ein fest å vera med Ånen i gardsarbeidet. Han var åpen og kjekk å snakka med. Broren Lars var meir stillfarande, fortel Fredrik Koch som hadde fortalt kona si, Kari om den myndige og strenge Eldrid. Då ho seinare møtte Eldrid, stilte ho seg tvilande til at den gamle husholderska skulle ha vore så streng og myndig. Ho virka ikkje slik på henne.

Medan Eldrid var i byen under krigen og opplevde korleis tyskarane herja og huserte der, gjekk den 17 år eldre systera heime på Helgaland der livet gjekk omtrent som det alltid hadde gjort.

- Tenk nå er krigen slutt utan at eg fekk sjå ein einaste levande tysker, sukka Anna i 1945.

Fire år seinare, i 1949, døydde Karina Helgaland. Anna var då  igjen med dei to brørne Lars og Ånen. Dermed flytta Eldrid heim til garden igjen slik at Anna ikkje blei åleine med dei to brørne. Dei fire syskena blei buande på Helgaland fram til hausten 1960. Då blei garden fråflytta.


Nekrolog i Aftenbladet i februar 1978.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar