torsdag 17. oktober 2024

«Solbakk»-klokka blei ikkje med til Sameland!

 


"Solbakk"-klokka er stua vekk på eit Norled-kontor i dag.




Før den tidlegare Tau-ferja «Solbakk» blei sendt nordover til  Bjørklids Ferjerederi på Lyngseidet i 2000, blei skipsklokka fjerna. Seinare blei den hengjande til pynt i ein korridor på rederikontoret i Stavanger. Då ferja var ny i 1978, var rederinavnet Stavangerske, seinare Rogaland Trafikkselskap og nå Norled.


Viss ferja gjekk nordover utan skipsklokke, har dette strengt tatt vore eit brot på sjøvegsreglane. Det er påbode også på dagens nye ferjer. Sjølv om dei sjeldan eller aldri er i bruk,


Dei gamle skipsklokkene blir ikkje brukt som "dekorasjon" på korridorveggene lenger. Dei er stua vekk på eit tomt kontor for tida.


"Solbakk" i full fart i Ryfylke. Som ny i 1978 var det tre raude ringar i skorsteinane.
 Foto: Johannes Østvold.



-Denne klokka hang ved døra inn til styrehuset på «Solbakk». Det var berre dør på eine sida av styrehuset  på denne ferja, seier Malvin Langvik som var styrmann og vikar-kaptein på denne ferja frå den var ny i 1978.


I kraftig sidevind begynte klokka, som ikkje var i dagleg bruk, å slå på eiga hand. - Då blei det sett opp ein tau for å halda klokka i ro, seier Langvik.


Sjølv om «Solbakk» var ei moderne pendelferje, fekk den ikkje noko langt liv i Tau-sambandet der trafikken auka kraftig frå år til år. I 1982 blei den flytta over til Rennesøy-sambandet. Seinare gjekk den i Midtsambandet mellom Stavanger og Nedstrand.


"Stallovarre" tilbake i Stavanger som reserve-ferje.



Bjørklids ferjerederi gav ferja navnet «Stallovarre». Dette er det samiske navnet på ein fjelltopp i Lyngen.


Ferja med det "løgna" navnet kom tilbake til Ryfylke-fjordane i 2010. Då hadde Bjørklids ferjerederi mista anbudet sitt. «Stallovarre» var arbeidsledig og blei leigd ut til Norled i Stavanger som reserve-ferje. Mange av oss ferje-interesserte kjende sjølvsagt ferja igjen.


Eg har laga fleire bloggar om den tidlegare Tau-ferja som er den einaste ferja som har hatt navnet «Solbakk» og så seinare blei kalla opp etter ein fjelltopp i Sameland. Ferja eksisterer ennå. Nå med navnet «Jotunheim».




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar