søndag 20. oktober 2024

Skipsklokka på ferja "Sand" held stand etter 51 år!

                                 



 

Skipsklokka frå "Sand" er stadig på same plass sjøl om ferja 
har skifta navn. Foto frå Magne Gunnar Andersen.


Skipsklokka var sjølsagt på plass då den nybygde ferja «Sand» blei levert frå Skaalurens Skipsbyggeri i Rosendal i august 1973. Denne klokka heng på same plassen på styrehusveggen den dag i dag.


Sjølv om ferja blei for liten for Ropeid-sambandet og seldt til Austlandet i 1993 og mista navnet sitt, står det «Sand 1973» på klokka ennå. Siste året som Stavangerske-ferje var  navnet «Ropeid».


Stor stas då ferja "Sand" blei sett inn i Rppeid-sambandet i 1973. Du kan skimta 
skipsklokka ved døra inn til styrehuset. Foto: Aftenbladet.




Dei nye eigarane, Ferjeselskapet Drøbak – Hurum -Svelvik, gav den tidlegare Ropeid-ferja navnet «Hurum-ferja». Ferja skal stadig vera i bruk som reserve-ferja i ulike ferjesamband i fjordane austpå, blant anna over Svelvikstrømmen mellom Svelvik og Verket. Rederiet Bastø Fosen er nå eigar av ferja.


"Hurum-ferja" skal stadig vera i bruk som reserveferje. Foto: Svelvikposten.



«Sand» var ei av dei fyrste pendelferjene i Ryfylke. Den var rask og funksjonell i ruta og hadde ein fart på 11 knop. Ferja var bygd etter Vegdirektoratet sine standard-teikningar og blei ikkje oppfatta som vakker som ny. Ferja hadde ein Wichmann hovedmotor på 625 HK.


I 1973 representerte «Sand» eit stort framskritt i Ropeid-sambandet. Forgjengaren «Ropeid» som var ny i 1965, tok berre 12 bilar og blei raskt for liten etter at Ryfylkevegen var åpna. Trafikken auka i åra som kom med Ulla Førre-utbygginga og då Suldalsvegen blei åpna for trafikk, blei «Sand» etterkvart i minste laget.


Mange hugsar Carstein Mortensen som blid
billettør på "Sand".



Ferja var i god stand då den blei seldt. Maskineri og teknisk utstyr fungerte godt. I tillegg hadde mannskapet malt, pussa og vaska slik at ferja var like fin som ny etter 20 år i Ropeid-sambandet. Dette gjaldt nok skipsklokka om bord, også.


I boka mi, «Fjordabåtene», som kom i 2005, kan du lesa ein fyldig omtale av «Sand». Eg er sjølsagt interessert i alle innspel frå lesarar av denne bloggen.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar