torsdag 3. oktober 2024

Annette har 20 års fartstid. Ho har aldri brukt skipsklokka

 

Annette Røberg er driftsledar for Norled-ferjene i Rogaland.


    Alle dei nye ferjene har skipsklokker. Det er stadig påbudt utstyr ombord, seier Annette Røberg. Ho er driftsledar for Norled-ferjene i Rogaland.

  • Ho er 57 år og har 20 års fartstid på ferjene i Ryfylke som matros, styrmann og skipsførar før ho begynte på Norled-kontoret. Skipsklokkene om bord har ho aldri brukt. Ho har heller ikkje nokon klar meining om kvifor det stadig er påbudt med ei slik klokke om bord.



Skipsklokkene på ferjer og fjordabåter blei alltid brukt før avgang på fjordabåter og ferjer for eit par mannsaldrar sidan. Men på 1970-talet stilna ringelyden langs kaiane i Stavanger. På dei fyrste Tau-ferjene, «Tau» frå 1961 og «Strand» frå 1966, blei det ringt ved kvar einaste avgang. På nattruteskipa blei det også ringt i alle år.


Annette Røberg var grei og tok meg med til rommet der dei avlagde skipsklokkene er plassert i dag. Dei har ikkje lenger nokon hedersplass i kontor-korridorane.


"Stavanger" frå 1973 er den vakraste ferja som har gått
 i Tau-sambandet. Foto: Johannes Østvold.



Klokka til «Stavanger», den vakraste ferja som har gått i Tau-sambandet, er også plassert på dette rommet på Norled-kontoret i Børevigå. Denne ferja kom i 1973 og blei svært godt likt av dei reisande. Folk planla ferjeturane sine slik at dei fekk reisa med denne ferja.


Som passasjerbåt var ferja fabelaktig, men trailersjåførane fekk den i vrangstrupen. Det var trangt på bildekket og fleire bilar fekk skadar ved inn- og utkjøring.


Malvin Langvik har vore matros, styrmann og kaptein
på Tauferjene. Her som styrmann i 1977.



«Stavanger» blei seldt til Finnmark fylkesrederi i 1982. Der fekk den navnet «Porsangerfjord». 10 år seinare blei den seldt vidare til Danmark og enda til slutt i Italia.


Men skipsklokka forlet aldri Stavanger. Den blei skrudd ned og plassert på rederikontoret.


- Den klokka blei aldri utsleten. Den var plassert på styrehus-veggen på styrbord side. Det var slutt med klokke-ringing ved avgang i 1973. Den blei heller ikkje brukt til andre formål, seier Malvin Langvik som var styrmann om bord då ferja var ny. Som matros var han i si tid "klokkar" både på dei fyrste Tau-ferjene og på nattruteskipet «Stavanger».



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar