søndag 13. oktober 2024

Melkespannet til minne om Rennesøy-ruta

 

Melkespannet frå Vestre Åmøy er rosemalt av Robyn Garrat.




Midt i samlingen av skipsklokker frå tidlegare Ryfylke-ferjer på Norled-kontoret i Stavanger ligg det eit melkespann frå Vestre Åmøy. Kva skal dette bety? Rosemalt, til og med.


«Folket på Vestre Åmøy takker RT og DSD for god innsats . Fra 1909 til 1992», står det på spannet.


Ove Vareberg var formann i velforeninga på Åmøy og primus motor i 
ferjemarkeringa.



Rennfast er stikkordet. Byfjordtunnelen og Mastrafjordtunnelen var ferdige og ei ny bru mellom Åmøy og Sokn hadde gjort fjordabåtar og ferjer arbeidslause frå mandag 30. november. Heile Rennesøy kommune, med unntak av Brimse, var nå blitt "landfast" med Nord-Jæren.


Då ferja kom til Vestre Åmøy for siste gong i historia denne november-dagen i 1992, hadde Ove Vareberg sørga for at det blei stor ståhei ved ferjeleiet. Han var formann i velforeninga i bygda. Skulekorpset og dei fleste i bygda hadde møtt fram for å markera storhendinga med både ny bru og Rennfast-tunnellar.


Ove Vareberg var ikkje berre formann i velforeninga. Han var også bonde og melkeprodusent nummer 743 i Frue Meieri.  Han spanderte eit av sine gamle spann. Dette var rosemalt av Robyn Garrat.


Ferjeskipper Erling Olsen.



- Viss eg hugsar rett var det Erling Olsen, mangeårig ferjeskipper og kommunepolitiker, som tok mot gåva frå bygdefolket, seier Ove Vareberg i dag. På dei andre øyane blei dei litt missunelege då dei høyrde om den store festivitasen på Åmøy.


Den festlege markeringa på Åmøy tok si tid. Det gjekk ei stund før ferja sette kursen mot byen. Mange av bygdefolket var med på denne siste turen med ferja som hadde navnet «Rennesøy». Ferja blei omdøypt til «Lysefjord» i 1992. Den var ny i 1969 og gjekk i Rennesøy-ruta til Rennfast gjorde den arbeidslaus her.


"Øybuen" var Rennesøy.dampen frå 1913 til 1959.



Den gamle fjordabåten «Øybuen» var Rennesøy-dampen framfor alle andre. Frå 1913 til 1959 gjekk den i Rennesøy-ruta.


I denne ruta var det mange kaiar med mykje last av alle slag. Og farvatnet var ureint med mange holmar og skjer. Dette krevde sitt både av dei i styrehuset og folka på dekk.


Historia frå spalten «Folk e løgne» i Aftenbladet er klassisk. Ein mann som møtte i retten i Stavanger, blei spurt om han var tidlegare straffa. Nei, bortsett frå eit år som matros i Rennesøy-ruta, svara han.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar