torsdag 10. oktober 2024

Skipsklokka som blei kyrkjeklokke

 


Skipsklokka til "Sanct Svithun" heng i Ervik kapell. Foto: Johan Kråkenes.




Skipsklokka om bord i hurtigruteskipet «Sanct Svithun» som blei senka av britiske bombefly utanfor Stadlandet i september 1943, heng i dag som kyrkjeklokke i tårnet på Ervik kapell på Stadlandet.


Klokka var ein av få gjenstandar som blei redda i land før vraket av «Sanct Svithun» gleid ut på djupt vatn og forsvann. Over 40 nordmenn, 22 passasjerar, 19 av mannskapet og 10-15 tyskarar mista livet i dette krigsforliset.


DS "Sanct Svithun " var flaggskipet til Stavangerske. Det gjekk i Hurtigruta frå 
1927 til krigsforliset i 1943.



Folk i Ervik gjorde ein heltemodig innsats i redningsarbeidet. Stavangerske ville gjerne ha skipsklokka frå flaggskipet sitt. Den blei sendt til Stavanger, men kom etter kort tid tilbake til Erevik. Då hadde den fått innskripsjonen: "Til Ervikfolket, for redning av menneskeliv ved DS «Sanct Svithun»s krigsforlis 30. september 1943".


Klokka hang fyrst i tårnet ved gravplassen i bygda. Då det blei bygd kapell i 1970, blei klokka hengt opp i tårnet. Eit anker frå "Sanct Svithun" er plassert utanfor kapellet.


Skipsklokka på "Sanct Svithun" heng nå i tårnet på Ervik kapell på Stadtlandet. Eit
anker frå skipet står til venstre på bildet.



I følge kaptein Samuel Alshager på «Sanct Svithun», var dette den flottaste skipsklokka på heile norskekysten. Den hadde ein sterk klang og dei slo dobbeltslag på den.


Dampskipet «Sanct Svithun» blei bygd i 1927 i Danzig (Gdansk) i det nåverande Polen. Den gjekk i hurtigruta Bergen - Kirkenes i alle år. Dette var flaggskipet til Stavangerske.


Etter krigen bygde Stavangerske eit nytt hurtigruteskip som også fekk navnet «Sanct Svithun». Dette skipet forliste hausten 1962 på havstykket Folda vest for Rørvik. 41 personar omkom.


(Eg har henta det meste av fakta-opplysningane om DS «Sanct Svithun»-forliset frå ein artikkel i Aftenbladet 6. desember 1975.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar