tirsdag 30. mars 2021

Fundingsland – reine eventyrbygda for Wyller-familien!

 

For ferierande byfolk framsto Fundingsland-bygda og folka der som reine eventyret. Her
er folka på Stuarhaugen fotografert. Foto: Digitalt Museum.

Wyller-familien følte at dei befant seg på sivilisasjonens yttergrense på hytta si ved Djupadalsvatnet i dei indre deler av Hjelmeland kommune. Dei hadde reist i timavis med ein gammal dampbåt frå Stavanger og inn til Tøtlandsvik. Allslags rare folk og dyr hadde dei sett både om bord i båten og på bryggjene der båten stoppa før den endeleg kom til Tøtlandsvik som låg der omkransa av stupbratte fjell.


Byfolka sleit seg opp den stupbratte Vormelandsbrekka. På Vormeland måtte dei overnatta før dei tok siste etappe fram til den nye hytta si ved vatnet.


Dette var skikkeleg gamledagar. Stadsfysikus Wyller og familien tok i bruk hytta før Norge hadde kvitta seg med svenskane i 1905. Kong Haakon den sjuande var ikkje oppfunnen ein gong.


Vegen frå Hjelmeland til Tøtlandsvik var ikkje bygd på den tida. Det var heller ikkje veg frå Vormedalen opp til Djupadalsvatnet. Folk måtte nøya seg med ein sti langs Tøtlandselva. - Den var interessant, men besværlig for bør og bærende mann, skriv sonen til stadsfysikusen, Trygve Wyller.


At det ein dag skulle komma veg inn til Fundingslandsvatnet og gardane inne i enden av vatnet, var det ingen som hadde tenkt på ein gong,


For Wyller-familien ved Djupadalsvatnet fortonte gardane ved Fundingslandsvannets indre seg som ei fjern eventyr-bygd. Av og til la dei ut på vel førebudde turar til dette eventyrlandet.


Trygve Wyller var ingen pudding. Han lika seg godt i Fundingslandsheiane.


Men Trygve Wyller var ingen pudding! Det varte ikkje lenge før han tok seg vidare enn Fundingsland. I 1909 kunne han slå rundt seg med navn høgare oppe i heiane. Snart hadde han vore både på Stakstøl og i Kvanndalen. Saman med jamaldringar overnatta han i stølsbuer og uteløer. Den unge mannen var student og hadde flotte år i heiane i 1913 og 1914. Trygve Wyller tok juridisk embetseksamen den sommaren då fyrste verdenskrig braut ut.


Nå kom det år med store forandringar også i meir avsidesliggjande deler av landsdelen vår. Folk med penger gjorde sitt inntog i Fundingslandsheiane. Dei bygde store, flotte hytter på setervollen på Stakstøl.


- Sammen med husene kom større behov og flottere vaner. Mang en kasse med proviant og spirituosa gik i disse dager opover. Jeg saa lidt til det, skriv Trygve Wyller.


Men mista den unge Stavanger-advokaten interessa for Fundingslandsheiane nå? I neste blogg får du svaret.

2 kommentarer: