torsdag 11. mars 2021

Retur til byen med hesteskyss, hamstring og overnatting

 




Deltakarane på påsketuren til Fundingsland i 1918, minus fotografen.



Den strabasiøse påskereisa frå byen til Fundingsland på skjærtorsdag var for blåbær å rekna samanlikna med returen til byen då ferien var slutt andre påskedag.


Ein eller fleire av dei åtte turdeltakarane frå Stavanger må ha hatt ein god del kunnskap både om lokale forhold og hadde kjente både på Fundingsland og i Vormedalen. Det var ikkje berre provianteringa som krevde planlegging. Sjølve reisa med båtruter og hestetransport kravde sitt.


Wilhelm og Waline Bøe.

Andre påskedag tok dei avskil med folka på Stuarhaugen. Ved to-tida la dei ut over Fundingslandsvatnet. Ein time seinare var dei ved vegen ned til Vormedalen. Eg reknar med at der venta skysskarane Tore Laugaland og Mandius Mæland med hestar og sledar. Dei lasta opp alle pakkenellikar og utstyr. Dessutane fekk damene lov å sitja på nedover mot bygda.


Heimturen var delt opp i to etapper. Turfølgjet delte seg den kommande natta. Dei overnatta heime hjå skysskarane på Meland og Laugaland. I tillegg blei dei trakterte etter alle kunstens regler med ulike matretter som ein ikkje fekk tak i byen i denne rasjoneringstida.



Neste dag er skildra slik i minneboka:


3die paaskedags morgen gik turen efter en herlig tilbragt nat, hvor man riktigt hadde uthvilt sig, paa apostlenes heste (damerne kjørte) i det herligste solskinsveir til Hjelmeland, hvortil man ankom efter 2 1/2 times ilmarsch.


Efter det traditionelle besøk på meieriet gik man ombord i fjordkrydseren "Robert", som ankom til Stavanger ved 7-tiden om kvelden, hvor man takket hinanden for turen.




Dermed var den minnerike påsketuren over. Minneboka har sett oss i stand til å forstå koss det var å reise frå byen til påskefjellet for over 100 år sidan. Ikkje mange i byen kunne kosta på seg ein slik tur til Ryfylkeheiane. Det var fyrst i etterkrigstida påskeutfarten omfatta ein større del av befolkninga. Og då kom Sirdal inn som det viktigaste reisemålet då vegane blei utbygde og folk flest fekk privatbil.


Då turfølgjet reiste frå Fundingsland var foto-apparatet pakka ned. Synd at det ikkje finst bildet av hestar, skysskarar og mennene som måtte bruka "apostlenes heste" for å komma seg til Hjelmeland. Viss det finst lesarar med interessante bilder av skysskarar, hestar eller andre motiv som hadde egna seg her, er det berre å ta kontakt med bloggaren. 



I 1918 var dette "fjordkrydseren Robert". Seinare blei navnet "Aardalsfjord". Her er den 
fotografert på Helgøy.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar