onsdag 10. mars 2021

Stavanger-fiffen på skitur for å se og bli sett!

 

Skituristane frå Stavanger på veg frå Fundingsland til Stakstøl i 1918.

Se og bli sett, heiter det. Dette var nok ein del av motivet for byfolka som drog på ein krevande påsketur og leva primitivt i dagavis i fjellbygda Fundingsland. I dag, i den tredje bloggen om dei fire Stavanger-para på tur, tek eg utgangspunkt i det som står fortalt om skituren på påskeafta 30. mars 1918.


Lørdag morgen tok hele selskapet til Stakstøl, hvor man spiste den medbragte mat og drak kaffe. Man traf nogle gode bekjendte fra påsketuren 1917, frk. Christiansen og frk. Valentinsen, samt som ny bekjendt frk. Vedø (senere på dagen tillige frk. Isachsen og hr. Gill) og man avtalte at møtes paaskedags formiddag for igjen at ta til Stakstøl (den nærmeste plads hvor det var godt skiføre).



OBS! Kva les me her? Hr. Gill! Var Jøsenfjordens store sønn, den seinare kjente inspektøren i Stavanger Turistforening og profilerte læraren i Stavanger, Johannes Gill, på påskaferie på Fundingsland. Dette var nesten som å gå over til fienden. Og han var ute på tur med ei frk. Isachsen.


Dette har eg granska og her er svaret som var litt søtt. Frk. Isachsen og hr. Gill var på før-bryllupsreise til Fundingsland i 1918. Dei gifta seg 12. april 1918 i Stavanger og levde lukkeleg til døden skilte dei ad i 1961. Både den seinare fru Gill og hr. Gill sette begge spor etter seg i byen og resten av Rogaland.


Bryllupsnotisen i Aftenbladet.


Andre prominentet Stavanger-folk har også sett spor etter seg i Fundingslandsheia. Den profilerte Stavanger-advokaten Trygve Wyller var tidleg ute i desse heietraktene. Han bygde fyrste hytta ved Djupadalsvatnet. Dette vatnet ligg der bilvegane til Vormeland og Fundingsland skiljer lag. Murane etter hytta er stadig å sjå ved vatnet.


Men Wyller slo seg ikkje til ro der. Han flytta hytta til Stakstøl i 1921. Der står den ennå. Nå er det Christian Wyller, tidlegare sorenskrivar i Ryfylke, som eig hytta og han har vore der omtrent kvar einaste påske i heile sitt liv. Han har også indoktrinert etterkommarane så kraftig at dei ikkje overlever utan å vera på Stakstøl kvar einaste vinter.


Wyller-familien gjekk ikkje til Stakstøl på sommaren. Då heldt dei seg på hytta på Jøsneset. Den blir stadig mykje brukt av Wyller-familien.

Ein annan kjent Stavanger-mann, kunstmalaren Thoralf Gjesdal hadde hytta på Fundingsland i alle år og Gjesdal-familien blei ein integrert del av befolkninga i fjellbygda.

Lærdal-familien, ikkje ukjente folk i Stavanger, har også hatt hytta i Fundingslandsheia i alle år. 


Stadig nye opplevingar på påskaturen. Kva skjer i neste kapittel?

6 kommentarer:

  1. Huset til Lærdal-familien har en egen, interessant historie. Jeg synes å huske at den opprinnelig ble bygd som turisthytte, men dette må nok verifiseres.

    SvarSlett
  2. Johannes Gill var grandonkelen min. Eg har halde berre ein 17. maitale, og det var i Jøsenfjorden 1968. Eg spurde han til råds om tema. "Du må få fram kor godt me har det". Og så fortalde han om husmannsfamilien på Oksabåslia som ein gong hadde så stor matnau at dei måtte grava opp settepotetene for å berge seg. Tema var gitt. Etter talen gjekk eg tur til Gjil, husmansplassen han var fødd på. Einaste som stod att der var hustuft og ei bjørk han hadde planta som gutunge.

    Draumane om "Ryfylkeheiene" var med på å halde motet oppe på Tryggve Wyller då han sat i tysk krigsfangenskap. Han bygde seg også ein sommarstad på Skiftun, Solbakken. Det låg vakkert til med bekk og hage. Han planta ein rikholdig frukthage. Eit tre hadde eple så store som "barnehoder" fortalde han ein gong eg var med å hausta. Ellers var Wyllerane eit eksotisk innslag i bygdemiljøet. Det hende dei både klemte og kyste ved gledelige gjensyn på Skiftukaien, ikkje akkurat kvardagskost på femtiåras Jøsneset.

    SvarSlett
  3. Det er en liten feil i denne interessante bloggen: Hytten ved Djuapadalsvannet ble bygget av min oldefar - Thomas Christian Wyller (1858-1921) - og det var hans sønn som flyttet den til Stakstøl for hundre år siden. Huset på Skiftun kjøpte jeg i 2007 og her bor jeg fast sammen med min Marit. Vi trives som Hjelemlandsbuer og er blitt godt mottatt på Jøsneset og vi både klemmer og kysser når vi får gjester (unntatt nå i koronatiden).
    Christian Fr Wyller

    SvarSlett
  4. Veldig kjekk lesing selv om jeg har sett albumet, men med alle tilleggsinformasjonen blir det jo ekstra kjekt.

    SvarSlett
  5. Artig lesning for nye generasjoner som opplever Stakkstøl!

    SvarSlett