mandag 29. mars 2021

Ka i all verda ville stadsfysikus Wyller på Vormeland?

 

På dette gardsbruket på Vormeland fekk dei besøk av stadsfysikus Wyller som ville byggja 
hytte ved Djupadalsvatnet. I dag er det ikkje fastbuande her. 

Ein bymann, austlending til og med, sto i tunet. Kan tru dei lurte på fjellgarden Vormeland i Hjelmeland då denne karen var kommen til gards. Det er godt og vel 100 år sidan han dukka ubeden opp. Me kan fantasera litt. Ingen av dei som opplevde dette, lever i dag og kan faktasjekka oss.


Her ser du Tøtlandsvik, Vormeland og
Djupadalsvatnet.

Vett du kor Vormeland er? Har du vore i Tøtlandsvik? Vormelandsbrekkå startar der, heilt nede ved sjøen. Det går ikkje rett opp, men det er ikkje langt i frå. Vormeland ligge høgt oppe på åskanten opp i der ein plass. Nummeret før høgdeskrekk når du kikkar ned mot Tøtlandsvik.


Ein stadsfysikus, ka er det for någe? Thomas Christian Fredrik Wyller (1858 - 1921) var lege eller dokter som dei seier i Ryfylke. I dag ville dei kalla ein slik mann for helsesjef. Han var ein betydelege mann i Stavanger. I dag er ei gata i byen oppkalla etter han.


Det var Per og Johanna Vormeland, begge fødd i 1853,
fekk besøk av stadsfysikus Wyller. Foto:
Ryfylkemuseet.

Tenk det du. Denne betydelege mannen, med flotte jobb, kåna og åtte ungar i byen, farta rundt i Ryfylke på leiting etter ein plass der han kunne byggja seg ei hytta der han kunne slappa av og nyta naturen.


Sonen, den kjende Stavanger-advokaten Trygve Wyller (1888 - 1960), fortel:


Far drog i adskillige år rundt omkring i de lavere heier for å finne tomt til ett hus som kunne egne seg til hans daværende store barneflokk. I 1903 kom vi første gang til Vormeland (far, jeg og endel andre). Vi bodde på Laugaland og far tok sig en avstikker til Djupadalsvatnet, hvor han bestemte sig til å legge sin hytte på Per Vormelands grunn.


Veien fra Hjelmeland til Vormedalen rakk den gang kun til Hetlandsvatnet.1 Det var en hel vandring å gå «over fjeldet» som det da het, og som folket i Vormedalen endnu uttrykker sig, tiltross for at «fjeldet» nu, efter at vei er lagt, mer fortoner seg som runde bakker.


Stadsfysikus Wyller med familie. Foto:
Stavanger byarkiv.

Stadsfysikusen brukte ikkje

lang tid på å få seg ein avtale

med Per Vormeland.

I 1904 blei hytta ved Djupadalsvatnet teken i bruk. Den blei flittig brukt, både av Wyller sjølv, men endå meir av av ungane som såg på dette som ein fjellgard i øydemarka.


Det var ei heil reise frå byen til Djupadal. Når Wyller-familien kom med dampbåten til Tøtlandsvik, tok dei seg opp Vormelandsbrekkå og overnatta på Vormeland. Fyrst neste dag kom dei fram til hytta ved Djupadalsvatnet.



Koss går denne historia vidare? Eg kjem med ein ny blogg om Wyller-familien si hyttehistorie ein av dei fyrste dagane.



2 kommentarer: