mandag 22. mars 2021

Då byfolka blei hyttefolk

 


Seima-hytta tilhøyrer stadig same familien. 


Byfolka kom som eit friskt pust frå den store verda i påskaferien og sommarferien inn i våre enkle Ryfylke-bygder kvart einaste år då eg var guttunge.



Me såg på dei med store auer og dei kikka vel litt meir nedlatande på oss. Men feriane var lange, varme og solfylte i gamle dagar då me voks opp. Dermed fann med utav det med kvarandre og kontakten blei god. Byguttane var med på fisking i elva, fotballkampar på kveldane og allslags ukjureskap av den uskuldige sorten som gutelarvar kunne finna på i den tida.


Byfolka hadde jenter også. Me enkle landsens småguttar hadde eit distansert forhold til dei. Men løye nok. Dette endra seg med åra. Som halvstyvingar blei jente-innslaget i byhyttene det einaste interessante med ferierande byfolk.


Her har eg liten personleg erfaring å byggja på, men eg kan opplysa at eg har søskenbarn som er ein krysning av hytte-jenta og bondegutt. Der er heilt sikkert haugevis av den slags døme rundt forbi.


I løpet av denne månaden har eg laga fem bloggar om veletablerte byfolk som rusta seg ut og drog på påskatur til Fundingsland i Hjelmeland for over 100 år sidan. I 1918 drog fem ektepar frå Stavanger til Fundingsland. Tre av desse ektepara blei så sjarmerte og interesserte i området at dei i åra etterpå bygde seg hytter på Laugaland.


Dette var hytta til Waline og Wilhelm Bøe. Den ligg ved Bedehuset.


Det var komplisert å komma seg frå Stavanger til Fungdingsland for over 100 år sidan. Frå rutebåtkaien i Tøtlandsvik til den veglause fjellgarden der dei skulle bu, trong dei transport. På skjærtorsdag sto Tore Laugaland og Mandius Mæland frå Vormedalen klar i Tøtlandsvik med hestar og sledar. Dei sørga for at bydamene og alle typar nødvendige pakkenellikar blei frakta trygt opp til Fundingslandsvatnet. Mennene måtte fint gå.


Wilhelm og Waline Bøe.

På andre påskedag venta dei same bøndene på byfolka då dei skulle returnera heim til byen. Då sørga Tore Laugaland og Mandius Mæland også for kost og losji for dei reisande den kommande natt. Fyrst på tredje påskedag tok byfolka seg ut til Hjelmelandsvågen for å ta dampbåten heim til Stavanger.


Påsketuristane kom godt ut av det med dei innfødde på Laugaland og Mæland. Seinare – eg trur det var i 1920-åra – bygde Ellen og Julius Seim, Waline og Wilhelm Bøe og Ida og John Bøe hytter på garden til Tore Laugaland.


Folka frå by og land fann tonen.  Etterkvart ville byfolka kjøpa grunnen der hyttene sto. Men det var ikkje enkelt. Tore Laugaland ville ikkje selja vekk noko av slektsgarden.


Dette førte til at alle desse tre hyttene blei flytta ein eller annan gong i løpet av 1930-åra. To av hyttene blei flytta heile. Dei blei rulla på stokkar til sine nye tomter. Mens den tredje blei riven og bygd opp igjen på den nye eigedommen. Eg har ikkje sett bilde av desse hytte-flytte-operasjonane. Det hadde vore interessant. Akkurat kva tid hyttene blei flytta, har eg heller ikkje funne ut.


Oddatun. Denne hytta blei flytta då John Bøe fekk kjøpa denne eigedommen.


Men det som er klart er at hytta til Ellen og Julius Seim blei flytta ut i fellesteigen til Laugaland rett ved elva på Laugaland. Denne eigedommen fekk navnet Skogbryn.


Ida og John Bøe.

Brørne Bøe kjøpte sine eigedommar av Kristian Hauge som overtok det eine gardsbruket på Laugaland i 1931. Hyttene står på kvar si side av vegen nede ved Bedehuset. 

Wilhelm Bøe kalla sin eigedom for Motun og John Bøe gav sin eigedom navnet Oddahaug.

 Denne siste eigedommen var på tre dekar. Då dei skulle byggja ny skule i Vormedalen, måtte dei kjøpa 1,5 dekar av hytte-eigaren.


Seima-hytta er stadig i same familien. Det er nå tredje og fjerde generasjon som ferierer der.

 Bøa-hyttene er nå på andre hender.  Sveinung Sørensen eig Oddahaug i dag.
















































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar