mandag 8. mars 2021

Hesten på garden åt opp såpa til påskaturistane

 

Hesten Bruno blei kjæledeggen til byturistane etter at den åt opp såpa deira. Eg veit ikkje
kven av turdeltakarane som poserer med hesten. 


Hesten Bruno på Stuarhaugen kjende lukta av ferskt brød frå gardshuset der byturistane hadde installert seg. Då blei den nærgåande og snusa både her og der utan resultat. Men der oppdaga han såpa så lett tilgjengeleg i vindfanget. Før nokon fekk sukk for seg, var såpa i hestemagen.


Å du så synd byasane tykte det var for hesten. Dei gav han både brød og vatn for å kvikka han opp. Og kvikk blei gampen igjen. Resten av påskaferien blei den reine kjæledeggen for gjestene på garden på Fundingsland.


Såpe-saka er med i minne-albumen som blei laga etter at fire Stavanger-par drog på påskatur til Fundingsland i Hjelmeland i 1918. Deltarane på turen: Waline og Wilhelm Bøe, Ellen og Julius Seim, Margit og Erik Lunde, Ida og Jon Bøe og Harriet og Arthur Bøe. Fyrste del av reiseskildringa blei publisert på denne bloggen for tre-fire dagar sidan.


Det var ikkje kven som helst i Stavanger som hadde forbindelsar og pengar til å kunna rusta seg ut til ein skikkeleg, fleire dagars påskaferie i 1918. Fyrste verdenskrig rasa i Europa. Det var jobbetid, dyrtid og rasjonering på mange slags matvarer.


Ut frå det eg les i minneboka, var brørne John og Wilhelm Bøe krumtappane i opplegget.


Brørne Bøe dreiv 
Corona Canning

Eg siterer direkte frå minneboka: John Bøe var utrættelig i sin virken for at skaffe proviant, og der lykkedes ham – foruten kaffe, svedsker og aprikoser m. m. - at tilveiebringe 30 (tredive) landsbrød, og, man tør nesten ikke uttale det, altsammen uten kort. Det var derfor med beklagelse at man ved de forskjellige maaltider måtte konstaterte at han ikke spiste sig mæt, og vor deltagelse kulminerte da han senere fortalte, at han først var blit mæt 3 dage efter hjemkomsten.


Om broren Wilhelm og kona Waline står det følgande: Wilh og Waline Bøe lurte sig til at reise ind 8 dage forut og fik samtidig tilladelse til at sørge for proviantens rigtige framkomst . - Parret gjorde omegnen uskikket til handel med smør i de 3 kommende maaneder ved deres store indkjøp.



Kva slags jobbar brørne Bøe hadde i 1918, står det ingen ting om i reiseskildringa. Men dei markerte seg seinare som hermetikkfabrikantar i Stavanger. I 1922 starta dei Corona Canning som etterkvart fekk eit stort fabrikkbygg i Hillevåg. Dette aksjeselskapet blei fyrst avvikla i 1967.


For vertsfolket på Stuarhaugen i Fundingsland var det gull verdt å få påskegjester i hus. Som nevnt var dette ei tid med pengemangel og matmangel. Dei pengane dei fekk for å innlosjera byfolka var viktige i ei tid då korkje alderstrygd eller landbrukssubsidier var oppfunne.


Slik eg forstår det, var det to hus på Stuarhaugen: Gardshuset pluss eit ekstra hus. Dei leigde vekk både huset og det meste av gardshuset. Sjølv trykte vertsfolket seg saman så godt dei kunne desse dagane. Dei kunne ha overnatta i høyet i løa for det eg veit. Dei hadde god timeløn for det, kan du skjøna.


Tjerand Stuarhaug fekk fin omtale i 
Aftenbladet då han var 75 år i mai 1954.


Ekteparet Anna og Albert Stuarhaug, dottera Inger og sonen Kjerand budde på Stuarhaugen. Foreldra døydde i løpet 1920-åra. Anna og Kjerand selde garden sin til Lars Sandvik frå Suldal i 1932.Barnebarnet hans, Lars Strøm, bur på Stuarhaugen i dag.


Inger og Kjerand flytta til Kleppa rett utanfor Hjelmeland sentrum.


Tjerand var ein spesiell type. Hundrevis av hermer har levd etter han. Han tok avskjed med naboane i fjellbygda for å flytta til den frodige fjordbygda på Kleppa med orda: Dokke må komma og sjå om oss pinsti. Då er plommå monte!


Inger Stuarhaug døydde i 1943, 60 år gammal. Tjerand døydde i 1954. Han blei 75 år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar