fredag 13. november 2020

Robåten var pickupen for folk før i tida

 


Johannes Liarhalsen og dottera Rakel Elisabet fraktar sauer til sommarbeite på Randøy.
Bildet tilhøyrer Ryfylkemuseet.

Å dra på damebesøk med robåt i nabobygdene, hadde sine risikable sider i tidlegare tider. Det finst mange historier om nattefriarar som fekk store problem når dei skulle heim igjen. Både med å finna båten igjen og få den på sjøen på morgonkvisten. Utanbygds friarar var ikkje alltid velkomne.


Ein gutt frå Ombo rodde over fjorden til Jøsneset for å besøka ei jenta. Då han skulle heim igjen, var færingen borte. Etter å ha leita både lenge og vel, fann han båten igjen oppå ein stein langt frå sjøen.


Robåten var pickupen i det gamle veglause Ryfylke. Den blei brukt til alle typar gjeremål. Dei fiska med den og rodde når det var viktige ærend som skulle utførast. Eller sauer som skulle over fjorden.  Viss det var dans ein stad i nabolaget ein laurdagskveld, var det alltid ein robåt som var ledig. 


Far til forfattaren, Magnus Langvik, sjekkar laksenota. Foto: Kjell M. Langvik.


Eg har kosa meg dei siste dagane med å lesa i den rykande ferske boka «Småbåtar i Rogaland» med ombobuen Svein Langvik som forfattar. Sjølv om tittelen tyder på at dette er ei kanskje litt kjedeleg bok som fortel om trebåtar bygde i Rogaland, er dette så mykje meir. Her finn du mykje å lesa om folka som brukte båtane og livet deira i kvardag og helg.


- Det første eg hugsar om båtreiser, var å ro over fjorden frå Ombo til Jelsa. På den tida var øya Ombo delt mellom tre kommunar: Jelsa, Hjelmeland og Sjernarøy. Jelsa var derfor kommunesenteret vårt med kyrkje, lensmann, bank og heile to butikkar. Der var det også ein bakar med spesialiteter som strandsitjar, essar og jødekaker, skriv Svein Langvik.


Teknisk sett er roing meir avansert i Ryfylke enn når ein kjem nordover til Hordaland, les eg i denne boka. I Ryfylke er det runde årar og ein skal snu årebladet for kvar åretak. I Hordaland er ikkje årane runde og kan ikkje snuast. Å snu årebladet lærte ungane etterkvart.


Når ungane skulle læra å ro, sat det gjerne to ungar jamsides på framtofta med kvar si åre med ein vaksen som sat på baktofta og skoda (hamla). Den vaksne hadde då full oversikt og kontroll. Det følgde status med å oppnå ein innøvd roteknikk med årane lågt over sjøen og med årebladet snudd når åra blir ført fram.


Kvinnene lærte seg også å ro, fortel Svein Langvik. Både mor og bestemor var gode til å ro. Bestemor var i åttiåra då eit av barnebarna i konfirmasjonsalderen skulle ro henne til eit besøk. Då dei skulle lenda var det straum og sjø og vanskeleg å komma inn i støa. Det er best eg tek over nå, sa bestemor då, og tok over årane.


Dei styrte med det mesta, kvinnene i Ryfylke, i gamle dagar også.

søndag 8. november 2020

Den sære båtbyggjaren som levde i synd

 

Seilbåten «Viking» blei bygd av Ingebrigt Knudsen Eide i 1898 for familien Archer. Dagens
 eigar, Erling Kleiberg ved roret. Foto: Gro Kleiberg

Båtbyggjaren på Ombo levde i synd. Han budde saman med ei kvinne i fleire år utan å vera gift. Dei hadde til og med blitt foreldre til ei jente. Og dette skjedde ikkje i fjor. Nei. Det kom for dagen for 165 år sidan då mannen blei dregen for retten i Stavanger, skulda for «Forargerligt samliv».


På mange måtar var det ei lukke for ettertida at båtbyggjar Ingebrigt Knutsen Eide var så pass uortodoks at han måtte møta i retten for å gjera greie for seg. Utan dei opplysningar som blei protokollert der, ville det ikkje vore lett å finna ut noko særleg om mannen som bygde dei særmerkte Tingvik-båtane som var gode bruksbåtar og spesielt gode å segla med.


Den rykande ferske bokar «Småbåtar i Rogaland» er skriven av Svein 
Langvik. Det er han som er rormann på omslagsbildet.


Eg sit og les dette i den rykande ferske boka «Småbåtar i Rogaland» skriven av Svein Langvik. Han har skrive ei fyldig bok om dei småbåtar som blei bygde i Rogaland opp gjennom åra og han fortel mykje spenndande både om båtane, båtbyggjarane og om bruken av desse båtane.


Ingebrigt Knutsen Eide var ein sær mann. Grunnen til at han ikkje var gift? Han ville ikkje ha noko med statskyrkja å gjera forklarte han i retten i 1855. Han var rett nok konfirmert i Sjernarøy-kyrkja i si tid, men var ikkje konfirmert. Og nå var han derfor heller ikkje gift. Men for å få denne saka ut av verda inngjekk han ekteskap Anne Helgesdatter Eidskro hjå Notarius Publicus i Stavanger og dermed var saka ute av verda.


I retten opplyste Ingebrigt Knutsen Eide som var fødd i 1829, at han hadde vore jekteskipper sidan han blei vaksen og at han hadde si eiga jekt.Men nå bygde han båtar i Tingvik, like ved Eidssund. Kor han lærte seg båtbyggjar-kunsten, skal det ikkje finnast opplysningar om.


Båtbyggjar Ingebrigt Knutsen Eide budde med familien i Tingvik ved Eidssund på Ombo.
 Huset sto i grasbakken til høgre i bildet.


Tingvik-båtane hadde svært godt ord på seg. Dei var spesielt raske seilbåtar. Skulle du henta jordmora, var Tingvik-båten best blei det sagt.


Desse båtane hadde eit slankare undervass-skrog enn dei fleste andre båtane og ein djup kjøl. Linjene, både i spring og kjølgangar, var harmoniske og elegante.


Som den særingen han var, ville ikkje båtbyggjaren ha læregutar. Han lika heller ikkje at det kom folk innom i Tingvik og såg på medan han var i arbeid. Dei stel med auene, skal han ha sagt.


Dermed gjekk Tingvik-båtane ut av soga med Ingebrigt Knutsen Eide som døydde i 1913. Men det finst båtar etter han. Ein av dei er seilbåten som Erling Kleiberg eig i dag. Den blei bygd i 1898 for familien Archer.


Som du sikkert forstår nå, er det ei bok med mykje forvitnelig stoff som nå er laga. Svein Langvik fortel mykje om båtane og båtkultur som er spennande å lesa sjølv om du ikkje er ein utprega trebåt-nerd. «Småbåtar i Rogaland» vil vera eit godt julegåve-tips til mange vaksne mannfolk dette året.


Boka som er på over 200 sider er utgjeven av Wigestrand forlag i Stavanger.


Eg kjem med fleire blogge-glimt frå denne boka utover i veka viss eg får tid.


torsdag 5. november 2020

Elgen – eit husdyr på Laugaland?

 


Elgkua med kalv er ikkje langt frå terassen. Foto: Marit Laugaland.


- På føremiddagane passerer elgane rett forbi hytta der eg bur. Dei går på vegen, fire-fem meter frå husveggen, fortel Brita Laugaland som bur heilt i skogkanten på Laugaland i Hjelmeland.


- Blir du utrygg av å ha elgane så nære?


Elgane passerer hytta til Brita
 Laugaland nesten kvar dag. I går kveld
var dei nesten oppe på terassen.


- Nei. Det gjer meg ingenting, men dei er nære nok nå. Dei må ikkje bli husdyr, akkurat, seier pensjonisten som er oppvaksen på Laugaland, men flytta ut i vaksen alder. Men nå, dei siste to åra, har ho budd fast i hytta.


Synet av elg har ho blitt vane med. Dei går rett ved husa på Laugaland, spesielt om våren og utpå haustparten.


Men ho likar ikkje å gå åleine i skogen i nabolaget lenger. For det er ingen spøk å møta ein elg med kalv dersom dei blir skræmde. Då kan elgkua gå til angrep viss du er uheldig.


- Kva med å laga forretning av dette. Invitera folk til elgsafari i stova di?


- Nei, eg trur ikkje det. Eg kan ikkje garantera at besøkande vil få sjå elg. Dei går ikkje forbi kvar einaste dag, sjølv om eg ser dei svært ofte, seier Brita Laugaland.


Naboen, Marit Laugaland er også vane med at elgane går rundt husa.

- Ein flokk med fire elgar gjekk over plenen min ein gong i fjor, fortel Marit Laugaland som for tida har ei elgku med kalv gåande rundt huset der ho bur. . Rett som det er står dei og ventar på meg når eg kjem frå jobb om ettermiddagen. Då er dei ikkje meir enn 10 meter frå garasjen,


Elgane ligg ofte ved garasjen og ventar når Marit Laugaland kjem heim frå jobb. 


Ho blir heller ikkje redd av å ha elgane rundt seg.


- Eg har budd her i 44 år nå. Nærgåande elgar er ikkje noko nytt fenomen, seier Marit Laugaland.

 I 1977 sto svigerfaren hennar, Bernhard Laugaland, rett utanfor huset sitt og skaut ein svær elgokse med ei slaktevekt på 280 kilo. Det skulle vera elgjakt på Laugaland denne dagen og Bernhard var ein del av jaktlaget. Då dei andre møtte opp, var elgoksen alt avliva.

Fyrstesida i Aftenbladet 4. oktober 1977.

- Elgane pleier å halda seg vekke i jakttida, men dette året har dei ikkje brydd seg, seier Njål Hetlelid som har hatt nærkontakt med elgane på Laugaland mange gonger i haust. Dei ligg ofte i buskane rett ved Laugalandsåna når han kjører forbi. Han bur i Hjelmelandsvågen, men har sin eigen møbelverkstad på Laugaland. Sjølv om han er pensjonist, er han der nesten kvar dag og putlar med ulike arbeidsoppdrag på hobbybasis.


Elgkua strekte på øyrene då ho såg fotografen. Foto: Njål Hetlelid.

Den flotte elgkua møtte han for eit par dagar sidan på ettermiddagen då han skulle kjøra heim. Han gjekk ut av bilen og mot dyret som sto roleg og strekte opp øyrene då han tok fram mobilen for å fotografera.


Forresten er dei ferdig med elgjakta på Laugaland for i år. Dei felte ein svær elgokse i heietraktene ved Undestølsvatnet, seier Njål Hetlelid.


PIP PIP. Sms i går kveld rett før eg la ut denne bloggen: Hei. Ikkje berre om føremiddagen dei er her. Nå var dei nesten heilt oppe på terrassen. Helsing Brit.



fredag 30. oktober 2020

Då dampbåten «Hjelmeland» gjekk prøvetur

 



«Hjelmeland» ved kai i Årdal.

I ein lang einspalta artikkel skildra Aftenbladet 27. september 1910 prøveturen med dampskipet «Hjelmeland».  Eg måtte stava meg gjennom eposet med gotisk skrift og gammeldags norsk-dansk bokmål. Her har eg skrive av heila stykket slik at dei interesserte kan få med seg overtakinga av fjordabåten. Den var bygd ved Stavanger Støberi & dok og gjekk i fjordane for Stavangerske fram til 1958.


God tur!


Dpsk. «Hjelmeland» 

Igaar foretoges prøvetur


Frå Aftenbladet
1919

arrangeret af Stavanger Støberi & dok med Stavangerske dampskibsselskabs nye fjordedamper «Hjelmeland». Ombord befandt sig de to selskabers direktion, enkelte af funktionærerne, avisernes repræsentanter m. fl., ialt ca. 20 personer.


Man gjennemgik til at begynde med de forskjellige lokaliteter ombord og konstaterte, at «Hjelmeland» er en smuk og usedvanlig praktisk og bekvemt indrettet baad for sit øiemed. Og spesielt vakte naturligvis arrangementet med 3dje plads agterud stor opmerksomhed. Aftenbladet har for kort tid siden indeholdt en detaljeret beskrivelse av skibet, og vi skal derfor ved denne anledning bare minde om, at «Hjelmeland» kan føre føre 322 passagerer, at dens maskine er paa 250 indikerede hestekræfter, og at den er bygget til klasse 1 A 1 – K i Norsk Veritas; dets længde overalt er 120,6 fod, dets bredde 20 og det dybde moulded 9,6 fod.


Efterat skibet var kommet igang og havde sat kursen for Lindøsunde; og videre indover mod Stjernerøy, havde man også anledning til at konstatere, at det gaar usedvanlig rolig og støt. Det er m. h. t. Stabilitet den bedste av alle selskabets fjordebaade. Saavel paa veien indover som tilbage foretoges fartsprøver, og det viste sig, at gjennemsnitsfarten var 10 1/4 mil. Den fart, som er forudsat, er 10 mil.


Paa turen bevertedes deltagerne med kager og vin, og senere servertes smørbrød, boullion, kaffe m. m. Under dette tog skibsreder Jespersen ordet og overleverte paa Støberi & doks direktions vegne «Hjelmeland» til Dampskibsselskabet, idet han udtalte, at det solide og smukke skib vilde hævde sin plads i selskabets øvrige flaade. Indredningen var noget afvigende fra det tilvante, men det var hans mening, at dette vilde vinde bifald og støtte hos befolkningen. Han ønsket selskabet tillykke med «Hjelmeland».


Skibsreder Georg T. Monsen modtog skibet paa selskabets vegne som formand i repræsentantskabet. Han takket for det smukt og solid utførte arbeide og udtalte haabet om, at forsøget med 3dje plads agter vil vise sig heldig.


Direktør Simonsen: Der gør sig mange meninger gjeldende, naar vi skal bygge en slig baad. Mange prosjektet kommer op, og alle lar sig ikke realisere. Der har ogsaa gaat megen diskussion forud for det resultat som nu foreligger, og som selskabet føler sig vel og godt tilfreds med. Han bragte en tak for det udførte arbeide rettet til direktør Gulbrandsen og verkstedets funktionærer, ogsaa fordi man var naad frem til dette resultat med saavidt lidet af skjærmydsler, som tilfældet havde været.

Paa tilbageturen gjorde man en svint indom til Tou, hvor enkelte av deltagerne besaa sig i mølleavdelingen, mens andre besaa sig i bryggeriet.

Ved 5-tiden sattes kursen for byen igjen. Herunder foretoges divers forsøgs-manøvrer. Man demonstrerte, hvorledes man fra det øvre dæk i paakommende tilfælde øieblikkelig kunde stoppe maskinen ved at dra i et håndtag. Man prøved, hvor lang tid der medgik, før skibet gik med fuld fart, til det var «dønn» - fra 1 1/4 til 1 1/2 minut. Og man raabte «mand overbord» for at se, hvor fort man kunde faa ud en baad.

Ved 6-tiden laa «Hjelmeland» ved kaien igjen.





torsdag 29. oktober 2020

«Hjelmeland» dampa ut av soga i 1958

 

I 48 år dampa «Hjelmeland» rundt i Ryfylke. Her er den på veg til kai i Stavanger. 
 Foto: Marthon A. Høiland. Bildet henta frå den nye boka om Stavanger-fotografen.


Då den 48 år gamle «Hjelmeland» blei utrangert i 1958, var dampatida slutt for dei reisande både til Finnøy og Sjernarøyane. Folk var heilt sikkert glad for å bli kvitt dei gamle travarane. Nå var det nybygde, moderne båtar som overtok på heile rutenettet til Stavangerske.


Dei siste åra gjekk«Hjelmeland» mykje på Steinnesvåg, Sjernarøyane og Vatlandsvåg. Men frå 1. desember var det slutt. Då forsvann både «Hjelmeland» og kollega «Øybuen».


«Hjelmeland» ved Idsekaien.  Foto: Aftenbladet.
 

Nybygde «Hjelmeland» blei levert frå Stavanger Støberi og Dok hausten 1910 og var det den fyrste nybygde fjordabåten Stavangerske fekk på 32 år. På prøveturen heldt «Hjelmeland» ein fart på 10,5 knop. Helmik Eriksen var den fyrste kapteinen på den nye båten.


Den nye dampen blei sett inn i Skjoldaruta fyrste vinteren. I den tida starta fjordabåtane frå Stavanger tidleg på morgonen og gjekk ei lang og omstendeleg rute innover i Ryfylke før dei returnerte til byen i kveldinga. Dermed var folk frå fjordane nøydde for å ha ei overnatting i byen. Seinare gjekk båtane innante om morgonen med retur same kveld.


Klasseskiljet var det også på Stavangerske-båtane på denne tida. Dei kondisjonerte sat på plysjen akterut på fyrste klasse. Folk flest reiste på andre klasse.


«Hjelmeland» gjekk i dei fleste rutene i Ryfylke. På Sandeid og Åmsosen, om Hjelmeland og Fisterøyane, Årdal og Sauda.


 «Hjelmeland» si fredagsrute
sommaren 1958.
I 1950-åra gjekk «Hjelmeland» på Sjernarøyane – Steinnesvåg og Rennesøy. Men den var også innom i Skjoldaruta.



I januar 1959 selde Stavangerske «Hjelmeland» til Brødrene Anda for opphogging. Dette arbeidet blei utført same året og «Hjelmeland» blei sletta frå skipsregisteret.


Sommaren 1959 kom den flunkande nye fjordabåten «Sjernarøy» til Finnøy og Sjernarøyane. Den overtok det meste av kaiane der den gamle dampen hadde gått.


(Kjelde: Magnus Torgersen: Fjordabådane)


Nybygde «Sjernarøy» overtok i 1959 mange av kaiane
 der«Hjelmeland» hadde gått. Foto: Stavanger
sjøfartsmuseum.


tirsdag 27. oktober 2020

Full fart med bilar, folk og kinesiske turistar

 


«Eidssund» var ferje-navnet frå 1982 til 1991.
Foto: Digitalt museum.


«Strand» blei denne ferja døypt som ny i 1966. I 1982 blei navnet «Eidssund». I 1991 skifta ferja eigar og nå blei navnet «Fugløysund». I 1998 var det tid for neste navneskifte: «Forsand». Viss det ikkje har skjedd noko dei siste to åra, heiter ferja nå «Showtime» og ligg i vinteropplag på Askøy ved Bergen. Det siste navnet fekk den gamle Tau-ferja i 2009.


«Strand» gjekk som ei kula i 1966.
Eige foto.

Kapasiteten i Tau-sambandet blei fordobla då den nybygde
«Strand» blei sett inn i denne ruta sommaren 1966. Biltrafikken hadde eksplodert etter at personbilsalget blei sluppe fritt i 1960. Før dette hadde det vore rasjonering på privatbilar her i landet. Dermed greidde ikkje «Tau» å ta unna trafikken og det kom ei ny ferja som likna mykje på den gamle.


Men det var ein viktig skilnad. «Strand» hadde 1500 spreke Wichmann-hestar, 250 fleire enn den gamle, under dekk og gjekk som ei kula. Den kom til Tau, slapp bilane på land og fylte bildekket med nye bilar og var klar for å gå igjen fem minutt før ruta.


Folk var jo begeistra for den nye, raske ferja, men det var ikkje sjefane i Stavangerske. Diesel-forbruket var for høgt. Farten blei senka slik at dei to ferjene gjekk like fort. Men dette medførte at maskinane gjekk på eit turtal som førte til vibrasjonar i den nye ferja. Folk merka dette godt og tykte den nye ferja var ubehageleg å reisa med.


Hausten 1969, i ein kraftig hauststorm, fekk «Strand» slått inn baugportane og dei store dørene framme på bildekket. Dette var ei skakande oppleving for dei reisande, men det gjekk heldigvis godt. Andre større uhell har ikkje denne ferja vore innblanda i, så vidt eg veit.


«Ombo» og «Eidssund» i opplag på Klasaskjæret. Foto: Svein Torske.

I andre halvdel av 1970-talet kom det nye pendelferjer i Tau-sambandet. Den nye «Tau» kom i vinteren 1977. Då var «Strand» ferdig i Tau-ruta. Nå blei den plassert i Rennesøy-ruta ei tid og deretter i Midtsambandet der den blei gåande i årevis saman med sin tidlegare kollega i Tau-sambandet som nå hadde fått navnet «Ombo». I 1982 skifta «Strand» navn til «Eidssund».


Frå 1980 hadde Midtsambandet fylgjande kaiar: Stavanger, Talgje, Fogn, Judaberg, Halsnøy, Eidssund, Nord-Hidle, Nesheim, Nedstrand. Ferjekaien på Helgøy kom ikkje før i 1989.


På slutten av 1980-talet var dei gamle Tau-ferjene i ferd med å bli umoderne. Også i Midtsambandet var det tid for pendelferjer.


Det skjedde også andre endringar. Det gamle tradisjonsrike Stavangerske som hadde drive lokaltrafikk i Ryfylke sidan 1855, hadde fått modernitetsnykker. Lokaltrafikken blei utskilt i eit dotterselskap som fekk navnet Rogaland Trafikkselskap. For å markera at det var eit nytt selskap med nytt navn som dreiv ferjene, blei den eine skorsteinsringen fjerrna. Nå var det berre to ringar igjen.


I 1991 blei «Eidssund» overteken av Stavanger-rederiet AS Party som dreiv med blåturar og tilbringartjeneste til oljeplattformene som var under bygging i Gandsfjorden. Redar Jostein Hevrøy kalla ferja for «Fugløysund» som var navnet på eit sund i Austevoll der Hevrøy var oppvaksen. Dette sundet skal ha vore ein svært god fiskeplass.

Frå Aftenbladet 1991.

Redaren hadde uflaks i starten. Han hadde inngått kontrakt med Kværner om å frakta arbeidsfolka som skulle gjera ferdig ståldekket til Sleipner-plattforma i Gandsfjorden. Men betongplattforma gjekk til bånns i Gandsfjorden og dermed hang kontrakten i ein tynn tråd. Men det ordna seg. Ståldekket blei plassert på Marøysteinen og ferdigstilt der og «Fugløysund» gjekk inn i transporten av mannskap dit.

Ferja blei også brukt til blåturar og som restaurantbåt. Derfor blei bildekket heilt innebygd og det blei sett inn store vinduer på styrbord side.


«Fugløysund» blei også utleigd til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og brukt i turistruta Flåm – Gudvangen.


Stavangerske var ikkje ferdig med gamle «Strand». I 1998 blei ferja overteken av Fjordservice AS, eit dotterselskap av Stavangerske. Nytt navn: «Forsand». 


I 2004 blei den nesten 40 år gamle ferja stasa opp i Stavangerske sine gamle fargar og fekk dei tre raude ringane på plass på skorsteinen igjen. Den låg så vakker i Børevigå då Stavangerske runda 150 år i 2005.

Som «Forsand» i 2005. Foto: Aftenbladet.


Gamle «Strand» blei også med inn i nyskapninga Tide Sjø i 2007.


Men i 2009 kvitta det store ferjerederiet seg med den gamle ferja. Nå overtok blåtur-rederiet Showboat på Askøy og nytt navn ble «Showtime». Seinare har denne ferja frakta turistar innerst i Sogn den eine sommaren etter den andre. Smekkfull av kinesarar har den gått trufast mellom Flåm og Gudvangen. Koss det gjekk nå i sommar, veit eg ikkje. 

«Showtime» fullasta med kinesarar i Flåm. Eige foto.



søndag 25. oktober 2020

Frakta freidige strandbuar og fromme finnøybuar

 


Då «Tau» blei for liten i Tau-ruta, blei ferja flytta til Midtsambandet frå 1974. Seinare blei
ferja omdøypt til «Ombo» i 1976. Foto: Stavanger sjøfartsmuseum.

«Tau» var blitt for liten i det hektiske Tau-sambandet. Den hadde frakta all slags frekkasar og ein mengde bilar mellom Strandalandet og Stavanger i meir enn ti år. Frå den var ny, flott og stor i 1961 og fram til den nye fjordaferja «Stavanger» blei flaggskipet på Hidlefjorden mellom Tau og Stavanger sommaren 1973.


«Ombo» i farten. Bildet er henta
frå boka «Ferje-Rogaland».

Kor skulle «Tau» nå gjera av seg? Den blei sendt langt inn i fjordane. Til Sand for å vera Ropeid-ferja fram til den nye ferja «Sand» blei ferdig og kunne setjast inn i ruta i august 1973.


«Tau» fekk ny jobb. Den blei flytta til Midtsambandet der det blei bygd ferjekaiar på øyane ettkvart som det blei avgjort kor kaiane skulle plasserast. På Sjernarøyane var meiningane delte og ordskiftet opphissa. Fyrst i 1974 blei det avgjort at ferjekaien skulle liggja på Nesheim. Same sommaren blei ferjekaien på Fogn teken i bruk. Då måtte «Finnøy» få hjelp for å ta unna trafikken. Midtsambandet gjekk nå frå Stavanger til Talgje, Fogn, Judaberg, Ombo og Nedstrand. «Tau» gjekk to daglege rundturar i denne ruta. Talgje fekk nå fire daglege ferjeanløp i kvar retning.


I si tidlegare rute var det ei travel rute med mykje freidige strandbuar i salongane både tidleg og seint. Nå blei det stort sett ein fredelegare stemning om bord. Ikkje så mange reisande, men på bildekket var det ein travel kvardag når ein skulle plassera kjøretya i rett rekkefylgje slik at ein kunne kjøra dei i land på rett kai.


Etter to år i den nye ruta skifta «Tau» navn til «Ombo».


Her er den tidlegare «Ombo» fotografert som vrak i
Afrika. 


Dei som var så heldige å få jobb om bord i denne ferja, lika seg så godt at dei ikkje ville slutta, blir det fortalt. Men utviklinga gjekk sin gang. Den gamle fjordaferja var i ferd med å bli gammaldags.


Etter travle år i fjordane, blei «Ombo» turistferje på Lysefjorden nokre somrar, før den blei seldt til utlandet og sett inn i trafikk i Vest-Afrika i 1992. Ferja enda sine dagar som vrak på grunt vatn i Ekvatorial-Guinea.