søndag 8. november 2020

Den sære båtbyggjaren som levde i synd

 

Seilbåten «Viking» blei bygd av Ingebrigt Knudsen Eide i 1898 for familien Archer. Dagens
 eigar, Erling Kleiberg ved roret. Foto: Gro Kleiberg

Båtbyggjaren på Ombo levde i synd. Han budde saman med ei kvinne i fleire år utan å vera gift. Dei hadde til og med blitt foreldre til ei jente. Og dette skjedde ikkje i fjor. Nei. Det kom for dagen for 165 år sidan då mannen blei dregen for retten i Stavanger, skulda for «Forargerligt samliv».


På mange måtar var det ei lukke for ettertida at båtbyggjar Ingebrigt Knutsen Eide var så pass uortodoks at han måtte møta i retten for å gjera greie for seg. Utan dei opplysningar som blei protokollert der, ville det ikkje vore lett å finna ut noko særleg om mannen som bygde dei særmerkte Tingvik-båtane som var gode bruksbåtar og spesielt gode å segla med.


Den rykande ferske bokar «Småbåtar i Rogaland» er skriven av Svein 
Langvik. Det er han som er rormann på omslagsbildet.


Eg sit og les dette i den rykande ferske boka «Småbåtar i Rogaland» skriven av Svein Langvik. Han har skrive ei fyldig bok om dei småbåtar som blei bygde i Rogaland opp gjennom åra og han fortel mykje spenndande både om båtane, båtbyggjarane og om bruken av desse båtane.


Ingebrigt Knutsen Eide var ein sær mann. Grunnen til at han ikkje var gift? Han ville ikkje ha noko med statskyrkja å gjera forklarte han i retten i 1855. Han var rett nok konfirmert i Sjernarøy-kyrkja i si tid, men var ikkje konfirmert. Og nå var han derfor heller ikkje gift. Men for å få denne saka ut av verda inngjekk han ekteskap Anne Helgesdatter Eidskro hjå Notarius Publicus i Stavanger og dermed var saka ute av verda.


I retten opplyste Ingebrigt Knutsen Eide som var fødd i 1829, at han hadde vore jekteskipper sidan han blei vaksen og at han hadde si eiga jekt.Men nå bygde han båtar i Tingvik, like ved Eidssund. Kor han lærte seg båtbyggjar-kunsten, skal det ikkje finnast opplysningar om.


Båtbyggjar Ingebrigt Knutsen Eide budde med familien i Tingvik ved Eidssund på Ombo.
 Huset sto i grasbakken til høgre i bildet.


Tingvik-båtane hadde svært godt ord på seg. Dei var spesielt raske seilbåtar. Skulle du henta jordmora, var Tingvik-båten best blei det sagt.


Desse båtane hadde eit slankare undervass-skrog enn dei fleste andre båtane og ein djup kjøl. Linjene, både i spring og kjølgangar, var harmoniske og elegante.


Som den særingen han var, ville ikkje båtbyggjaren ha læregutar. Han lika heller ikkje at det kom folk innom i Tingvik og såg på medan han var i arbeid. Dei stel med auene, skal han ha sagt.


Dermed gjekk Tingvik-båtane ut av soga med Ingebrigt Knutsen Eide som døydde i 1913. Men det finst båtar etter han. Ein av dei er seilbåten som Erling Kleiberg eig i dag. Den blei bygd i 1898 for familien Archer.


Som du sikkert forstår nå, er det ei bok med mykje forvitnelig stoff som nå er laga. Svein Langvik fortel mykje om båtane og båtkultur som er spennande å lesa sjølv om du ikkje er ein utprega trebåt-nerd. «Småbåtar i Rogaland» vil vera eit godt julegåve-tips til mange vaksne mannfolk dette året.


Boka som er på over 200 sider er utgjeven av Wigestrand forlag i Stavanger.


Eg kjem med fleire blogge-glimt frå denne boka utover i veka viss eg får tid.


1 kommentar:

  1. Du er blitt ein slik "influenser", eg leste om boka, søkte og med Vipps så ligg boka klar til å lesast i jula. Takk for mange kjekke innlegg i bloggen din!

    SvarSlett