fredag 13. november 2020

Robåten var pickupen for folk før i tida

 


Johannes Liarhalsen og dottera Rakel Elisabet fraktar sauer til sommarbeite på Randøy.
Bildet tilhøyrer Ryfylkemuseet.

Å dra på damebesøk med robåt i nabobygdene, hadde sine risikable sider i tidlegare tider. Det finst mange historier om nattefriarar som fekk store problem når dei skulle heim igjen. Både med å finna båten igjen og få den på sjøen på morgonkvisten. Utanbygds friarar var ikkje alltid velkomne.


Ein gutt frå Ombo rodde over fjorden til Jøsneset for å besøka ei jenta. Då han skulle heim igjen, var færingen borte. Etter å ha leita både lenge og vel, fann han båten igjen oppå ein stein langt frå sjøen.


Robåten var pickupen i det gamle veglause Ryfylke. Den blei brukt til alle typar gjeremål. Dei fiska med den og rodde når det var viktige ærend som skulle utførast. Eller sauer som skulle over fjorden.  Viss det var dans ein stad i nabolaget ein laurdagskveld, var det alltid ein robåt som var ledig. 


Far til forfattaren, Magnus Langvik, sjekkar laksenota. Foto: Kjell M. Langvik.


Eg har kosa meg dei siste dagane med å lesa i den rykande ferske boka «Småbåtar i Rogaland» med ombobuen Svein Langvik som forfattar. Sjølv om tittelen tyder på at dette er ei kanskje litt kjedeleg bok som fortel om trebåtar bygde i Rogaland, er dette så mykje meir. Her finn du mykje å lesa om folka som brukte båtane og livet deira i kvardag og helg.


- Det første eg hugsar om båtreiser, var å ro over fjorden frå Ombo til Jelsa. På den tida var øya Ombo delt mellom tre kommunar: Jelsa, Hjelmeland og Sjernarøy. Jelsa var derfor kommunesenteret vårt med kyrkje, lensmann, bank og heile to butikkar. Der var det også ein bakar med spesialiteter som strandsitjar, essar og jødekaker, skriv Svein Langvik.


Teknisk sett er roing meir avansert i Ryfylke enn når ein kjem nordover til Hordaland, les eg i denne boka. I Ryfylke er det runde årar og ein skal snu årebladet for kvar åretak. I Hordaland er ikkje årane runde og kan ikkje snuast. Å snu årebladet lærte ungane etterkvart.


Når ungane skulle læra å ro, sat det gjerne to ungar jamsides på framtofta med kvar si åre med ein vaksen som sat på baktofta og skoda (hamla). Den vaksne hadde då full oversikt og kontroll. Det følgde status med å oppnå ein innøvd roteknikk med årane lågt over sjøen og med årebladet snudd når åra blir ført fram.


Kvinnene lærte seg også å ro, fortel Svein Langvik. Både mor og bestemor var gode til å ro. Bestemor var i åttiåra då eit av barnebarna i konfirmasjonsalderen skulle ro henne til eit besøk. Då dei skulle lenda var det straum og sjø og vanskeleg å komma inn i støa. Det er best eg tek over nå, sa bestemor då, og tok over årane.


Dei styrte med det mesta, kvinnene i Ryfylke, i gamle dagar også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar