torsdag 5. november 2020

Elgen – eit husdyr på Laugaland?

 


Elgkua med kalv er ikkje langt frå terassen. Foto: Marit Laugaland.


- På føremiddagane passerer elgane rett forbi hytta der eg bur. Dei går på vegen, fire-fem meter frå husveggen, fortel Brita Laugaland som bur heilt i skogkanten på Laugaland i Hjelmeland.


- Blir du utrygg av å ha elgane så nære?


Elgane passerer hytta til Brita
 Laugaland nesten kvar dag. I går kveld
var dei nesten oppe på terassen.


- Nei. Det gjer meg ingenting, men dei er nære nok nå. Dei må ikkje bli husdyr, akkurat, seier pensjonisten som er oppvaksen på Laugaland, men flytta ut i vaksen alder. Men nå, dei siste to åra, har ho budd fast i hytta.


Synet av elg har ho blitt vane med. Dei går rett ved husa på Laugaland, spesielt om våren og utpå haustparten.


Men ho likar ikkje å gå åleine i skogen i nabolaget lenger. For det er ingen spøk å møta ein elg med kalv dersom dei blir skræmde. Då kan elgkua gå til angrep viss du er uheldig.


- Kva med å laga forretning av dette. Invitera folk til elgsafari i stova di?


- Nei, eg trur ikkje det. Eg kan ikkje garantera at besøkande vil få sjå elg. Dei går ikkje forbi kvar einaste dag, sjølv om eg ser dei svært ofte, seier Brita Laugaland.


Naboen, Marit Laugaland er også vane med at elgane går rundt husa.

- Ein flokk med fire elgar gjekk over plenen min ein gong i fjor, fortel Marit Laugaland som for tida har ei elgku med kalv gåande rundt huset der ho bur. . Rett som det er står dei og ventar på meg når eg kjem frå jobb om ettermiddagen. Då er dei ikkje meir enn 10 meter frå garasjen,


Elgane ligg ofte ved garasjen og ventar når Marit Laugaland kjem heim frå jobb. 


Ho blir heller ikkje redd av å ha elgane rundt seg.


- Eg har budd her i 44 år nå. Nærgåande elgar er ikkje noko nytt fenomen, seier Marit Laugaland.

 I 1977 sto svigerfaren hennar, Bernhard Laugaland, rett utanfor huset sitt og skaut ein svær elgokse med ei slaktevekt på 280 kilo. Det skulle vera elgjakt på Laugaland denne dagen og Bernhard var ein del av jaktlaget. Då dei andre møtte opp, var elgoksen alt avliva.

Fyrstesida i Aftenbladet 4. oktober 1977.

- Elgane pleier å halda seg vekke i jakttida, men dette året har dei ikkje brydd seg, seier Njål Hetlelid som har hatt nærkontakt med elgane på Laugaland mange gonger i haust. Dei ligg ofte i buskane rett ved Laugalandsåna når han kjører forbi. Han bur i Hjelmelandsvågen, men har sin eigen møbelverkstad på Laugaland. Sjølv om han er pensjonist, er han der nesten kvar dag og putlar med ulike arbeidsoppdrag på hobbybasis.


Elgkua strekte på øyrene då ho såg fotografen. Foto: Njål Hetlelid.

Den flotte elgkua møtte han for eit par dagar sidan på ettermiddagen då han skulle kjøra heim. Han gjekk ut av bilen og mot dyret som sto roleg og strekte opp øyrene då han tok fram mobilen for å fotografera.


Forresten er dei ferdig med elgjakta på Laugaland for i år. Dei felte ein svær elgokse i heietraktene ved Undestølsvatnet, seier Njål Hetlelid.


PIP PIP. Sms i går kveld rett før eg la ut denne bloggen: Hei. Ikkje berre om føremiddagen dei er her. Nå var dei nesten heilt oppe på terrassen. Helsing Brit.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar