![]() |
| Hauske bru blei bygd i 1905 og var i bruk til 1985. |
I dag susar dei fleste bilane forbi på riksveg 13 utan å sjå til sides på den gamle steinbrua og rasteplassen på Hauskje i Hjelmeland. Men ein del turistar stoppar for å bruka toalettet og studera brua frå 1905.
Nå gjer brua nytte som ei kvileplass og turist-attraksjon. Hausken bru som ho blei kalla, var ein del av den fyrste kjørevegen mellom Årdal og Hjelmeland. Den var i bruk heilt fram til 1985. Me som er litt opp i åra har sett allslags kjørety fara over brua. I dag ser den både lita og smal ut. Kan trailerane ha kjørt der, spør du. Svaret er ja.

Frå bygginga i 1905. Det var sjefen for byggjearbeidet, amtsingeniør J.L. A. Bassøe
som tok bildet.
Eg oppdaga dette bildet av sjølve brubygginga i boka "Fotografi frå Ryfylke 1880 – 1940" som kom ut på Wigestrand forlag i 2007.
Det var sjefen til brubyggjarane, amtsingeniør J.L.A. Bassøe, som tok bildet.
Brua er ei 14 meter lang steinkvelvbru bygd av naturstein med stabbesteinar som rekkverk. Ferdig kom byggverket på 1551 kroner og 58 øre. Ganske billig når ein tenkjer på at den var i bruk i 80 år.

Ved brua hadde Hauskje-gardane både kvernhus og vaskeplass.
Rett nedanom brua hadde Hauskje-gardane kvernhus. Her hadde dei og ein vaskeplass. Ved rasteplssen var det også ein drikkestein for hestane.
Ein dag du har tid, må du stoppa og sjå på den fine brua. Det finst ei liknande bru på Mæle i Årdal ved utløpet av Riskadalsvatnet.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar