![]() |
| Stor stas då denne nye "Høgsfjord" kom i 1978. |
Ferja som snart er 50 år, har vore i fart i alle år, men fekk ikkje noko særleg langt liv på Høgsfjorden. Det viste seg snart at bilkøane hopa seg opp i helgene. Etter nokre få år måtte det setjast inn ekstra-ferjer på fredagar og søndagar.
Stavangerske kjøpte i 1989 den tidlegare «Hvalerfergen III». Denne ferja blei sett inn i Høgsfjord-sambandet med navnet «Frafjord». Den tok 60 bilar. «Høgsfjord» blei reserveferja.
![]() |
| I 20 år gjekk ferja på Møre med navnet "Halsa". |
I 1992 var det slutt. Då mista den navnet også. Det kom ein ny «Høgsfjord». Den «gamla» blei omdøypt til «Ternøy» og gjekk nå i Midtsambandet. Der blei den ikkje populær. Det var ikkje godt nok med ein salong under dekk i den forholdsvis lange ruta mellom Stavanger og Nedstrand.
Stavangerske kvitta seg nå med ferja. Møre og Romsdal Fylkesbåtar kjøpte den og nå blei navnet «Halsa».
I 20 år, frå 1993 til 2013, gjekk ferja vår i ulike ruter på Møre.
![]() |
| Ikkje vanskeleg å finna historien her. |
Men då var det slutt på eksilet. Nå kjøpte L. Rødne og Sønner ferja. Sidan har den gamle «Høgsfjord» farta rundt i Ryfylke igjen. Det gamle, originale navnet på skutesida er overmalt og erstatta med «Rygerfjell», men det er lett å sjå dei originale bokstavane under kvitmalinga.
I dei seinare åra har ferja gått mykje på Vassøy, men er også brukt ein god del som lasteferja til byøyane og i Homersåk-ruta. Eg reknar med at den også har vore innom i dei andre ferjerutene i Ryfylke når Norled har vore i nauå.
| "Rygerfjell" i lasterute på byøyane i april 2021. Her på Hellesøy. |
«Rygerfjell» er nok ikkje den eldste ferja som stadig er i bruk. Mellom dei ferjene som har gått mellom Oanes og Lauvvik dei seinare år, er nokon minst like gamle. Det finst nok andre seniorferjer også.
«Rygerfjell» blei bygd ved Trønderverftet i Hommelvik. Det står ein firesylindra Wichmann hovedmotor på 1200 hestar om bord.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar