torsdag 7. desember 2017

Med trauste Trygve til rors



Matros Trygve Marvik trong ikkje mykje rettleiing av kaptein Nikolai Døskeland ved roret om bord i "Fjordsol".
Foto: Leif Berge.

Trygve Marvik var ein skikkeleg godgutt. Ein trufast arbeidsmann og familiemann som viste godt igjen både som matros om bord i "Fjordsol" og som lokalpolitikar frå Marvik i Suldal kommunestyre. Han hadde tid til å snakka med folk og høyrde etter kva dei sa og gav alle eit skikkeleg svar.

Kaptein Nikolai Døskeland trong ikkje seia eit ord til rormannen når han hadde Trygve Marvik med seg i styrehuset. Matrosen hadde vore på fjordabåtane i mange år og visste koss han skulle styra. Stavangerske-karrieren starta om bord i "Sauda". Seinare kom han om bord i "Fjordsol" og var innom Marvik to gonger til dagen på veg til eller frå Sauda med rutebåten. Trygve kunne vinka til kona, Solveig, som styrte heime i det store huset med to skorsteinar midt i Marvik.

Trygve fritidsfiskar på fyrstesida av Aftenbladet
7. mars 1980.


Det var ikkje mange båtafolk som var politikarar. Trygve var ein av dei. Han representerte Arbeiderpartiet. For han var det viktigast i politikken å passa på interessene til folket på Ropeid-halvøya der Marvik ligg.

- For meg har det ikkje vore noko problem å vera med i kommunestyret. Kollegene mine om bord har vore greie og stått om bord for meg når eg må ha fri, sa Trygve Marvik til meg i Afenblad-reportasjen frå 1. oktober 1977.

Ferjematros kunne han heilt sikkert blitt viss han ville. Marvik hadde ferjesamband på begge sider i Sandsfjorden. Sand - Ropeid lenger inne og Tverrsambandet mellom Jelsa. Foldøy, Hebnes og Nedstrand lenger ute. Då "Fjordsol" gjekk i opplag, heldt han fram i Sauda-ruta som matros på "Fjordlast.

Trygve tykte det var gildare er vera på fjordabåtane der det var lenger mellom kaiane. Det såg masete ut å vera på ferjene. Men han såg jo at dei som begynte på ferjene, blei gåande der år ut og år inn.

Trygve Marvik og andre DSD-pensjonistar fekk bilde i Aftenbladet i desember 1981.


Som så mange av folka på fjordabåtane var Trygve Marvik også flaska opp med båtar rundt seg. Han var med faren på skøyta hans før han gjekk om bord i Stavangerske-båtane. Då han runda 60 år, gjekk han i land frå "Fjordlast" som pensjonist.

Bror hans, Olav Marvik, var handelsmann i Marvik i fleire mannsaldrar og broren Arne var den siste tønnemakaren på Ropeid-halvøya.

Brørne til Trygve Marvik på kaien når "Stordøy" klappar til kai. Handelsmann Olav i lagerfrakke og tønnemakar Arne
i bakgrunnen. Matrosen på "Stordøy" er Per Nårstad.


Kommentarer frå Facebook:

Jørn Haugvaldstad Det var slik på fjordabåtene at alle måtte være allsidige og ha kjøkkentjeneste. Tryggve sin spesialitet var kokt makrell i kvit sos , kokte poteter m.m. Det var eit fint måltid


onsdag 6. desember 2017

Døskeland -brothers på "Fjordlast"-brua

Døskelandsbrørne Sigurd og Nikolai var kapteinar på kvar sitt skift på lastebåten "Fjordlast" som blei sett inn i
Sauda-ruta i 1978. Foto: Harald Sem.


"Fjordsol" var ferdig i fjordane i 1977, men kaptein Nikolai Døskeland kunne ikkje gå i opplag for det. Han var trufast mot Sauda-rutå. Nå blei han kaptein på "Hidle" og han avslutta karrieren på "Fjordlast" som kom i 1978. På denne nye, spesialbygde lastebåten var han og den yngre broren Sigurd kapteinar på kvar sitt skift.

Døskeland-familien leverte mykje arbeidskraft til Stavangerske-båtane. Faren til Nikolai og Sigurd var i sine unge dagar matros på dei gamle dampbåtane som gjekk i fjordafarten. Fire av sønnene hans seilte i Stavangerske i kortare eller lengre tid.  Brørne Oddvin og Vilhelm var matrosar på båtane i tillegg til Nikolai og Sigurd som blei styrmenn og seinare kapteinar. Dei var åtte sysken i alt.

Lastebåten " Fjordlast" blei sett inn i Saudaruta i 1978. Den blei ingen suksess. I 1982 blei den tatt ut av fart.
Foto: Georg Hoff.


Broder Oddvin  var matros på rutebåtane i mange år. Han var ein spesiell type som det er mange hermer etter. Ein gong var han så lei av jobben at han blei bekymra. Då spurte han skipperen om ein kunne døy av "leielse".  Det blir også påstått at han ein gong bar på land ein kasse med dynamitt frå "Snøgg", tidlegare "Ekspress". Då skal han ha mumla: Eg håpar det smedle.

Nikolai Døskeland var ein av superveteranane i selskapet då han takka for seg i desember 1979. Då blei han 60 år og gjekk av med pensjon etter 37 år i DSD.

I sine unge dagar var han med på fiske, men i begynte i Stavangerske i 1942. Fyrst var han matros på "Askøy" som gjekk i Kvitsøy-ruta på den tida. Seinare blei det dampbåten "Fjordbuen" som blei fyrt både med kål og ved under krigen. Etterkvart fekk han med seg alle dei gamle båtane i lokalfarten.

Kystskipperskulen av fyrste klasse tok han i 1943. Han begynte som styrmann i 1946. På "Fjordsol" var han styrmann frå 1949 og begynte som kaptein-avløysar i 1953.

- Eg har liksom høyrt til i Sauda-ruta og er blitt godt kjend der, sa Nikolai Døskeland i eit avskjedsintervju med Aftenbladet i 1979.

Intervju i Aftenbladet 13. desember 1979.

Som ung styrmann blei Nikolai Døskeland kjent med mange av dei reisande. Men etterkvart fekk han fast plass i styrehuset og hadde lite med ferdafolk å gjera.

- Eg kjenner ikkje mange saudabuar lenger, sa han til meg i 1977.

Kona til Nikolai Døskeland, Malena, var syster til Martin Hodnefjell som også var DSD-kaptein i mange år. Han var i mange år kaptein på ferja "Bokn", også kalt "Gullhønå".

Nikolai Døskeland døde i 1993, 73 år gammal.

Mange hugsar med stadig den gamle "Fjordsol"-kapteinen med glede. Det har eg merka godt dei dagane eg har drive med desse bloggane.

Viss du har innspel, "Fjordsol"-bilde eller andre opplysningar, er eg interessert i det. Mailadressa mi: hjelmelandsfjord@gmail.com.

tirsdag 5. desember 2017

Halve livet i Sauda-rutå

Kaptein Nikolai Døskeland på bruvingen når "Fjordsol" klappar til kai
på Nord-Hidle i 1977. Foto: Leif Berge.


"Fjordsol" hadde berre to kapteinar i sin 29-årige rutefart mellom Sauda og Stavanger.  40 år gamle Nikolai Døskeland overtok etter Alfred Risanger då han blei pensjonist i september 1960. Kapteinskiftet var så viktig at Aftenbladet hadde ei melding om dette 19. september 1960.

Notis i Aftenbladet 19, september 1960.


Mosterøybuen Døskeland gjekk om bord i "Fjordsol" som styrmann då båten var nesten ny i 1949. Dette blei båten i hans liv. Han sto om bord til "the bitter end" 30. september 1977.

Han fekk med seg gullalderen i fjordabåt-trafikken. "Fjordsol" var full av folk og last omtrent alltid. Den gjekk fort og var komfortabel for dei reisande. Båten var raskaste reisemåten for alle som skulle til og frå Sauda og Sand. Ein jobb på "Fjordsol" hang høgt blant dei som jobba på DSD-båtane.

Den unge kapteinen på "Fjordsol",  Nikolai Døskeland og kona Malena, ein sommar dag på fjorden.
Bildet tilhøyrer Solveig Søllesvik. 

Det kunne likevel ta si tid med "Fjordsol" frå Stavanger  til Sauda med mykje folk og last om bord. Båten gjekk klokka 15 frå byen. I Sauda kunne klokka vera 22 når dei klappa til kai. Etterkvart som det minka på lasta, blei turen litt kortare.

I 1961 blei hydrofoilbåten "Ekspressen" sett i fart i Ryfylkefjordane. Den gjekk nesten tre ganger raskare enn "Fjordsol". Du høyrte berre duren etter den då den susa utover Saudafjorden om morgonen, Eit spennande alternativ for ein som ville fort ut fjorden.

Men hydrofoilen var ikke nokon alvorleg konkurrent. Den tok berre eit begrensa antal passasasjerar. I mørket hadde ikkje hydrofoilen lov å gå og isen tålte den ikkje i det heile tatt. Hydrofoilane sto på land på Klasaskjæret i Stavanger om vintrane.

Saudabuane gjekk rett forbi "Fjordsol" og om bord i westamaranen "Fjorddrott" når dei skulle ut og reisa i 1977.
Foto: Leif Berge. 


Det var westamarane som stakk av med passasjerane i 1970-åra. Samstundes var vegane blitt betre. Folk kunne reisa med buss til Haugesund. Etterkvart kjøpte folk seg eigne bilar og slutta heilt å ta båten. Det var ikkje mange passasjerar igjen på den gamle rutebåten i Saudaruta dei siste åra "Fjordsol" gjekk der.

Meir om Nikolai Døskeland og hans liv i Saudaruta i morgon.



Viss du har innspel, "Fjordsol"-bilde eller andre opplysningar, er eg interessert i det. Mailadressa mi: hjelmelandsfjord@gmail.com.

Kommentarar på Facebook:

Rutt Sverresdotter Herabakka Har mang flotte minne etter Nico ,den tida eg på gymnaset Sauda var eg mest som eit fast følgje med Fjordsol. Som ein kuriositet kan eg vel fortelja at eg fekk æra av sy på den tredje stjerna då han vart kaptein. Det var spennande om eg fekk det til, og det vart bra.

Leiv Bjarte Mehus Veldig kjekk lesing. Mang en gang reiste jeg med båten til Sand som guttunge og enda flere ganger var jeg på kaien i Stavanger bare for å kikke på fjordabåtene, da særlig Fjordsol og Fjordbris. God minner dette

Torbjørg Mydland For oss som var unge i dei tider Fjordsol blei sett inn i Saudaruta er det umåtelig kjekt lesnad dette

Tora Liv Thorsen ....fine huer hadde di og........









mandag 4. desember 2017

"Fjordsol"-kapteinen - ein konge på fjorden

"Fjordsol" før avgang frå Sauda onsdag 28. september 1977.
Foto: Leif Berge.


"Fjordsol"-kapteinen låg og sov søtt i lugaren sin om morgonen når den kvite, elegante fjordabåten gjekk frå Sauda kvar morgon. Det var styrmannen og rormannen som var på vakt på brua og sørga for at båten gjekk til sine faste kaiar utover: Saudasjøen, Sand, Marvik, Jelsa.

I dag er det omtrent uforståleg å forstå kor stor prestisje det var knytta til det å vera kapteinar på dei finaste og nyaste fjordabåtane. Det var ei anna tid. Aftenbladet meldte frå om alle ny-tilsette kapteinar. Det er lett å finna stoff om dei ved å søka i arkivet.

I mi tid som sommarmatros på båtane fortalde dei om kaptein Risanger som sov seg utover fjorden om morgonen. Hausten 2005 var eg på Sand og kåserte om fjordabåtane. Då sa eg at kaptein Risanger ikkje sto opp før "Fjordsol" kom til Sand. - Jelsa, kom det kontant frå tilhøyrar Carstein Mortensen. Han visste kva han snakk om. I årevis var han og broren Anton motormenn på "Fjordsol".

At kaptein Risanger låg og sov i lugaren viss det var tjukk skodd eller fullt av is i fjorden, har eg inga tru på. Han var ein påpasseleg og pliktoppfyllande skipper med eit langt liv bak seg om Stavangerske-mann.

I Suldal sogelag sitt årlege tidsskrift "Gamalt frå Suldal" frå 1915 står det om Ropeid-ferja. Her fortel Årstein Bustad at som motormann om bord i gamle "Ropeidferjen" (1938 - 1946) fekk han ofte besøk av kaptein Risanger, då på "Fjorddrott". Medan båten låg på Sand og lasta og lossa, kom kaptein Risanger ned leideren og sette seg på ein benk i maskinrommet. Han sette seg og beundra Wichmann-motoren. Han blei aldri lei av det. Denne maskinen skal ha vore så blankpussa og fin at ein kunne slikka den.


Alfred Risanger var fødd i Skjold i 1895. Sjølivet frista og som 16-åring reiste han ut på kvalfangst.  I 1916 begynte Risanger som matros på fjordabåtane til Stavangerske. To år seinare rykka han opp til styrmann og var om bord i mange av dei gamle dampbåtane til selskapet: "Fjordbuen", "Austri", "Bergen", "Sand" og "Saude".

1. april 1938 blei han utnevnt til kaptein i DSD og førte "Saude" til han i mai 1939 overtok kommandoen på den topp moderne sjøbussen "Fjorddrott".

Etter at "Fjorddrott" blei rekvirert av tyskarane i 1941 gjekk Risanger tilbake til "Saude". Der var han kaptein 13. november 1944 då "Saude" blei pårent at av ein tysk ubåt i Vatlestraumen sør for Bergen. "Saude" gjekk ned, men alle om bord blei redda. Alfred Risanger gjorde ein strålande innsats under bergingsarbeidet.

Etter krigen gjekk Risanger tilbake til "Fjorddrott". Der blei han verande fram til han overtok den nye "Fjordsol" i mai 1948. I 12 år sto han om bord i båten som gjekk trufast i Sauda-ruta. 1. september 1960 gjekk han av og blei pensjonist. Han døde i 1983, 87 år gammal.

Alfred Risanger var kaptein på "Saude" i fleire år. Båten gjekk ned i Vatlestraumen sør for Bergen i 1944. Her er båten fotografert på Jørpeland. Bildet står i Stavangerske si jubileumsbok frå 2005.

Eg siterer siste avsnittt i nekrologen: "Kaptein Risanger var en hedersmann i all sin ferd. Han var en meget dyktig sjømann som i alle år nøt rederiets fulle tillit. Han var meget avholdt og respektert av kolleger og underordnede, og vant mange venner blant de utallige passasjerer han kom i kontakt med i sin lange tjeneste. "

Det skulle absolutt vore ein skikkeleg bilde av kaptein Risanger her. Tek gjerne i mot eit med takk. Portrettet har eg avfotografet frå Stavangerske si jubileumsbok frå 1955.

Viss du har innspel, "Fjordsol"-bilde eller andre opplysningar, er eg interessert i det. Mailadressa mi: hjelmelandsfjord@gmail.com.



,

søndag 3. desember 2017

Da fjordabåtane kappkjørte frå byen på ettermiddagen.

"Fjordsol" på veg mot Engøysundet. "Hidle" har eit lite forsprang. "Veni" ligg
i opplag i Pinå. Foto: Leif Berge.


Mange hugsar barndommens fjordabåtturar frå byen på ettermiddagen.  Båtane var proppa med bønder og byfolk og gjekk i tett stim frå sine faste kaiplassar. Dei pressa seg inn mellom dei andre fjordabåtane som skulle innover i fjordane. Her var det til dels kappkjøring. Det var prestisje å vera på den raskaste båten.

På strekninga Stavanger - Tau var det knallhard konkurranse i årevis mellom "Fjordbris" frå Stavangerske og "Årdalsfjord" frå Jøsenfjord Rutelag.  Dei kjempa om bilar og passasjerar og sjefane på rederikontora følgde nøye med på kjappkjøringa. Stressa maskinistar skrudde og justerte på motorane i kvar ledige stund. Tøffe greier.

På dei andre rutestrekningane var det meir avslappa-kappkjøring.

"Fjordsol" heldt ein marsjfart på 14 knop då den var ny. Dermed var den ein av dei raskaste rutebåtane i Ryfylke. Den gjekk godt i mange år. Eg kan hugsa ein gong "Fjordsol" kom opp på sida av Tau-ferja "Strand" og gjekk forbi ferja på veg mot byen. Ferja hadde maskinkraft nok til å kjøra frå den gamle fjordatravaren,  men farten var redusert for å spara drivstoff til stor irritasjon for kaptein Johan Johnsen på "Strand" som såg at ferja blei for treg for "Fjordsol". Eg veit det fordi eg sto til rors på den turen.



Sjølv om "Fjordsol"-farten var sett ned til 13 knop, var det ikkje noko problem å henta inn "Hjelmelandsfjord" i
Lindøysundet. "Hidle" har også fått eit forsprang på  "Hjelmelandsfjord".  Foto: Leif Berge.


I 1977 var "Fjordsol"-farten redusert til 13 knop. Fjordabåtlivet var ikkje som før. Mykje av den store fjordabåt-flåten var borte. Men me var ikkje åleine på veg frå byen denne dagen heller. 

"Hidle" som me hadde lag med eit stykke innover fjorden, skulle overta for "Fjordsol"  i Saudaruta veka etterpå. Den blei gåande i Ryfylkefjordane fram til 1990. Då ble den seldt til Canada. Der går den stadig i rute frå Vancouver under navnet "Frances Barkley".

"Hjelmelandsfjord" gjekk i Hjelmelandsruta frå 1949 til 1978. Den var som "Fjordsol" trufast mot distriktet sitt i heile sitt fjordaliv. Den havna  på Bahamas. Der enda den sine dagar som vrak.

Sidan det snart er jul og me skal vera ekstra snille med kvarandre, tek eg med to bilde frå Johannes    Østvold sin rikhaldige samlig av fjordabåtbilde:



Her ser du frå venstre:  "Jøsenfjord", "Hjelmelandsfjord" og "Fisterfjord"- Bildet er tatt ein gong mellom 1962 og 1970.
"Fisterfjord" blei øydelagd i brann i februar 1970.
Og her ser du "Fjordsol" i  full fart tek igjen dei saktegåande Jøsenfjord-båtane. 
Viss du har innspel, "Fjordsol"-bilde eller andre opplysningar, er eg interessert i det. Mailadressa mi: hjelmelandsfjord@gmail.com.

Kommentarer frå Facebook:


Ole Kristian Egaas Alle ringte samtidig. Den hvite flåte og Jøsenfjord rutelag sine svarte og hvite. Tror det var avgang 14.30 om lørdagene Og det var lenge før broen til Buøy. Ute på Hidlefjorden ble det en vifte av båter. Men som alltid: Fisterfjord nest sist og så Erfjord i sluttroppen. Men Årdalsfjord og Jøsenfjord beit godt fra seg. Gode minner.

Rolf G. Torgersen Huske dette godt. Vi bodde øverst i Store Skippergate (Planen) og så når Hjelmelandsfjord kjempet med Fjordbris for å komme først ut på Pinå, eller Høle før Fisterfjord..


lørdag 2. desember 2017

DSD-historie i søkk og kav å sjå frå "Fjordsol"

Kaptein Nikolai Døskeland legg kursen forbi Klasaskjæret. Her er det
mange gamle kjenningar å sjå. Foto: Leif Berge. 



"Fjordsol" bakkar ut frå Børevigå i Stavanger og set baugen mot Sauda. Men hallo! Kaptein Nikolai Døskeland legg kursen i ein heilt annan retning enn det me hadde venta. "Fjordsol" går på nordsida av Klasaskjæret og skal tydelegvis under brua over Engøysundet. OK. Dei veit vel kva dei held på med i styrehuset. Døskeland gjekk om bord i "Fjordsol" då båten var ny i 1948 og han står støtt i styrehuset i 1977 då "Fjordsol" går sine siste turar til Sauda.

Men sjå her: Dette er jo eit syn for alle som er interessert i Stavangerske-historien. Skru tida tilbake til 1977. Me kan oppretta eit suverent maritimt museum. Dette bildet går me gjennom båt for båt.

Utsikt frå styrehuset på "Fjordsol" september 1977. Du kan mimra i timesvis når du ser båtane på Klasaskjæret.
Foto: Leif Berge.

Heilt til høgre står "Ekspressen" trygt på land. Slik sto dei tre hydrofoilane på land i vinteropplag på 1960-talet. Men dette er seinare. I 1975 var "Ekspressen" ferdig i Ryfylke. Då blei den erstatta av westamaranen "Mayflower" i Sandeid-ruta. I 1978 blei "Ekspressen" seldt til ein privatmann i Sarpsborg. Seinare havna den gamle hydrofoilen i Kristiansand. Men nå i sommar kom den tilbake til Stavanger for å bli pussa opp og bli veteranbåt.

Bak "Ekspressen" ligg "Kong Sverre", det tidlegare nattruteskipet "Stavanger", som mista navnet sitt då den gjekk i opplag i 1973. Same året blei "Kong Sverre" seldt til eit rederi på Mauritius for 1,3 millionar kroner, men dei nye eigarane kom aldri og henta båten.På eit eller anna tidspunkt blei navnet "Capricorne". Det kan vera rett navn i 1977. Den gamle nattruta blei liggjande på Kålatomtå på Sølyst i sju år før den blei taua til Finnland og hogd opp.  Dermed gjekk den i spikeren til slutt.

Nattruteskipet "Stavanger" var ein tidlegare amerikansk-bygd britisk ubåtjagar og eit systerskip av "Haugesund", "Sunnhordland", "Sognefjord", "Sunnfjord" og "Jylland".  Den blei ulik systrene etter ombygginga til rutebåt. Den blei forlenga med 25 fot og fekk innebygd akterskip. "Stavanger" blei sett inn i nattruta Stavanger - Bergen i 1950 samtidig som nybygget "Sandnes".

Til venstre for den gamle nattruta stikk baugen på verkstadbåten "Klas" fram. Den blei bygd i 1967 av Stavangerske og blei brukt til mannskapstransport, bunkring av båtane og andre oppdrag. På den tida var ikkje Klasaskjæret landfast. I dag skal den vidaregåane skulen på Rubbestadneset vera eigar av "Klas". Den blir brukt til undervisning der. Denne linken fortel om dette:
 http://www.bomlo-nytt.no/nyhende/manovrerte-bat-i-morket-gjennom-stokksundet-1.1751580

Masta og bommen på eit kystskip stikk opp bak taket på det gamle sjøhuset. "Fjordbris", systerskipet til  "Fjordsol", ligg truleg også i opplag bak sjøhusa. "Brisen" blei teken ut av drift i 1975. I 1980 blei den sett på land på Tømmerodden og brukt til å trena oljefolk i røykdykking.

Baugen på "Jøsenfjord" stikk fram til venstre for sjøhusa. Fjordabåten som blei bygd i Kristiansand i 1886 og havna i Stavanger i 1929, blei Stavangerske-båt i 1976. Den gjekk sin siste tur i Ryfylke, frå Foreneset til byen, 19. desember 1978. Den var nok reservebåt dei siste åra.  I 1981 blei "Jøsenfjord" seldt til tyske interessentar. I 2011 kom den heim til Ryfylke igjen for å setjast i stand og bli veteranbåt.

Vidare mot venstre ligg "Ternøy". Den blei bygd i 1957 og døypt "Skudenes". Båten var spesialbygd for å kryssa Skudefjorden. Den blei tidleg for liten i ruta og blei omdøypt til "Ternøy" i 1970 då den første Skudenes-ferja blei sett i drift. DSD brukte "Ternøy" som reservebåt fram til den blei solgt til Simon Møkster i 1984. I 1985 overtok Rødne-rederiet båten og gav den navnet "Rygerfjell". Nå ligg båten for salg i Kopervik med navnet "Gamle Skudenes".

Westamaranen "Sauda" eller "Mayflower" ligg i flytedokken. Dei var på litt avstand heilt like å sjå til. "Sauda" blei sett inn i Sauda-ruta sommaren 1972. Den blei seldt til Hellas i 1989. "Mayflower" blei også bygd i 1972 for Stavangerske Westamarin for å gå i Karibien. I 1975 kom "Mayflower"  til Ryfylke. Blei seldt tilbake til Karibia i 1991.

Dette bildet frå Klasaskjæret er litt nyare. Det blei lagt ut på Facebook av Steinar Warland. Fotografer er ukjent.

Klasaskjæret ein gong etter 1977. Her ligg alle dei tre Flaggrute-westaranane i opplag. Fotografen er ukjent.


Viss du har innspel, "Fjordsol"-bilde eller andre opplysningar, er eg interessert i det. Mailadressa mi: hjelmelandsfjord@gmail.com.


Kommentar på Facebook:

Torstein Randa 1977 ja. Det var på den tid det lå så mange tankbåter i opplag i Pinå. Vi ser baugen på Veni under brunå. Vi ser og Sjernarøy eller Rennesøy (senere Hidle) på vei ut "Sødehålet". Er der någen så har hørt dette navnet på Engøysundet? Gamle engøyfolk?















fredag 1. desember 2017

Siste tur med "Fjordsol"

"Fjordsol" på veg frå Sauda onsdag 28. september 1977. Saudasjøen i bakgrunnen. Foto: Leif Berge


Fredag 30. september 1977 kom "Fjordsol" til Stavanger frå Sauda for siste gong. Den trufaste sjøbussen hadde då gått i 29 år mellom Sauda og byen.

Ein strålande rutebåt då den blei sett i fart våren 1948. Innhenta av nye tider og utgått på dato  gjekk "Fjordsol" i opplag på Klasaskjæret, Stavangerske sitt verksted midt i havnebassenget i Stavanger hausten 1977.

"Fjordsol" var ein spesiell båt på mange måtar. Den blei bygd i Stavanger og sett inn i fjordafarten i mai 1948. Dette var glanstida til Stavangerske. Dei gamle dampbåtane blei utrangerte og erstatta av nye kvitmalte fjordabåtar med gule skorsteinar. "Den hvite flåte" blei dei kalla og dei blei kjende over heile landet og vel så det.  Systera til "Fjordsol", "Fjordbris" kom rett etterpå. I juni gjekk den også i fjordane. Dei to fjordbussane var prikklike. Det var ikkje mange som kunne skilja dei frå kvarandre utan å sjå navna på skutesida.

Ein annan spesialitet med "Fjordsol": Dei fleste rutebåtane til Stavangerske blei brukt i allslags ruter. Dei gjekk i heile distriktet etterkvart. "Fjordsol" gjekk i Sauda-ruta i all si tid. Derfor blei dette rutebåten i mange saudabuar sitt liv. Det var den som skulle hatt navnet "Sauda", kan du skjøna.

"Fjordsol" hadde følgjande stoppestader i si glanstid: Sauda, Saudasjøen, Sand, Marvik, Jelsa, Stavanger. Avgang Sauda klokka 7. Framme i byen klokka 11.10. Marsjfarten var 14 knop.

Eg fortapte mi sjel til fjordabåtane tidleg i min barndom. Det meste av det eg høyrde om bådane, hugsa eg. Seinare fekk eg jobb som sommarmatros og fekk dermed ekstra mykje kunnskap om denne historia.

"Fjorjdsol"-reportasjen sto i Aftenbladet 1. okotber 1977.

I januar 1977 begynte eg som journalist i Aftenbladet. På denne tida skjedde det store endringar i fjordafarten. Dette var glanstida for westamarane. Flaggskipa frå etterkrigstida song på siste verset.

"Fjordsol" hadde siste sommaren i rutefart. Syster "Fjordbris" låg i opplag på Skjæret. "Fjorddrott" låg og rusta på Jørpeland.

I september masa eg meg til å laga ein laurdagsreportasje om "Fjordsol" sine siste dagar. Saman med fotograf Leif Berge reiste eg ein siste tur med båten. Dette blei halvanna side i avisa 1. oktober 1977.

Planen min nå er å laga adventsbloggar med utgangspunkt i bilda og minna frå denne siste turen med "Fjordsol". Det kan bli ein adventskalender for oss gamle gubbar.

Viss du har innspel, "Fjordsol"-bilde eller andre opplysningar, er eg interessert i det. Mailadressa mi: hjelmelandsfjord@gmail.com.

Kommentarer frå Facebook:

Kolbein Bakka Hugsar Fjordsol, kan du vita ! Ein bytur til året i heile oppveksten, og då me såg by'n langt der framme, var det som å vera på veg inn i eventyret. I gymnastida på Hetland, 1965-68, reiste me kanskje innover laurdag ettermiddag i 14-15-tida, kom til Osen i 19-tida, gjekk "ut på livet" om kvelden, sov neste morgon til langt på dag og reiste att i 15-16-tida. Annige tider, og mykje Fjordsol. Ein og annan gongen mot slutten, vart det Ekspressen på halve tida, men dyrare. Fekk ikkje nytte av "skulemoderasjonskortet" der. Elles minnest eg vėl at reisetida frå by'n var nok til at mange var komne litt i "gleden" før dei gjekk i land på Sand, og gjerne vidare på bussen opp til Osen. Når karane kom att frå Haustmarken i Hillevåg eller når påskatrafikken stod på, var somme jamnt ventande litt " i glansen" slik. Var stoda meir enn tydeleg, sa me ungane at me hadde sett "fudlebassar". Litt Fjordsol-soga dette òg 

Albert Moe Ja, å reisa med Fjordsol var som oftast ei gild reise. Og så den artige mannen i kiosken, Eg meiner han heitte Nilsen. Hugsar han som ein lunefull kar. Spøkefull og i godt humør eine dagen, men sur og gretten andre dagen.

Kolbein Bakka Nilsen heitte han, og humørsvingingar som du seier, Albert Moe. Hugsar du den handdrivne heisen han hadde inne i kiosken ? Kaffien kunne og verta rimeleg beisk utetter dagen, kokt som han var på stor kjel før avgang frå Sauda orle morgon.


Toralf Stuvik På 50talet hadde eg sauer samen med Syvert Nyvoll og David Hagen på beite i Svanndalen ,to sauer blei igjenn då me skulle henta dei.Utpå hausten kom dei med Fjordsol frå Saudasjøen til Jelsa!

Jørund Vandvik Etter eg blei fødd i Sauda 10. november 1955 tok mor og eg Fjordsol heim mot Sand. Men båten grunnstøytte i Saudasjøen, i tjukk tåke. Me måtte i livbåtane for å bli rodd til lands, for deretter å fortsetja med buss til Ropeid/Sand. Kanskje du har tilgang til SA arkiv om hendinga, slik omlag 15. november 55?

Kjell Løvås "Fjordsol" var reservebåt for "Haugesund" på 50 tallet. En kveld på den tiden da de skulle gå fra Kopervik fikk hun trossa i propellen. Hun drev utover. Det lyktes en båt å få sleper ombord slik at hun ikke drev på land.