tirsdag 6. oktober 2026

Fru Iversen i byen blei tante Ella på hyttå




Ella Iversen frå Stavanger var tante Ella på hytta i Vormedalen.




Tante Ella skulle me seia til henne. Den staselege bydamå hadde blitt fornærma viss ho hadde høyrt av me ungane kalla henne Fru Iversen. Ho hadde hytta på Meland i Vormedalen og kom reisande med bussen når ho skulle ha seg eit opphald på hytta. Me visste alltid når ho kom. 

Far min var buss-sjåføren og sto klar med bussen på kaien på Hjelmeland når ho steig i land frå rutebåten. Tidlegare på dagen hadde ho ringt heim til oss og fortalt at ho kom. - Kan dere gå bort i hytten og sette på den elektriske ovnen slik at det er varmt nå je komme, spurte tante Ella. Og det kunne me. 


Alltid någe å putla med på hytta i fint ver.



Dei hadde ein del pakke-nellikar med seg desse byfolka når dei kom. Men bytanten hadde ein heilt spesiell. Eit bur der pusekatten Prins var plassert. Der var fleire enn oss som var varsla om at tante Ella var ventande. 

Då bussen stoppa i Melandskrossen i Vormedalen sto Paul Mæland med hest og slede og heile ungeflokken klar til å transportera bytanten og bagasjen hennar siste etappen fram til hytta.


Hytta ligg høgt og fritt på Meland i Vormedalen.



Det fyrste ho gjorde etter å ha kommen fram til hytta, var å gå over vegen til Gunla Mæland, mor til Paul, med ein pose med grapefrukt. Grunnen var at Gunla hadde diabetes, men kunne kosa seg med denne slags frukt  med godt samvit. 

 Både hesten og hunden på garden kosa seg når tante Ella var på hytta. Når hesten passerte, var ho alltid ute ved porten med ein brødskalk til Stella som var hestenavnet. Og hunden hadde fast plass på dørhella på hytta. 

85-årige Ella Iversen var gjest då Hans Mæland feira 100-årsdagen.




Tante Ella var ikkje i slekt med dei på Meland, men ho hadde eit nært forhold til familien. Ho var i konfirmasjonane både til Gunnbjørg og Hans Ove, dei to eldste ungane til Serina og Paul. Då Gunnbjørg gifta seg i 1969, var ho blant gjestene. Då Hans Mæland feira sin 100 års-dag i 1976, var 85-årige fru Iversen på plass. 

Mor og far var også ofte innom på hytta. Tante Ella hadde fotoapparat og tok bilde av oss rett som det var. Me hadde fleire bilde i familiealbumet som viste det. Der var rikeleg møblert både inne og ute på terassen der ho sat i fint ver slik at ho fekk nyta utsikten over den vakre bygda vår. 



Slik ser hytta ut i dag. Liv Inger Mæland er eigaren.




I stova hang det ein kalender som viste ein dato i 1947. Denne kalenderen skulle ikkje rørast. For denne datoen var den siste dagen mannen hennar, eller onkel John som ho sa til oss, hadde vore på hytta. 

John Iversen døydde brått i september 1947, berre 60 år gammal. Sjøl om tante Ella hadde eit nært fohold til oss i Vormedalen, hadde ho ei stor hytta i sjøkanten på Bersagel også. Ein gong me var på besøk hjå slektningar som hadde hytta i nabolaget, var me innom hjå tante Ella også.

Ekteparet Iversen dreiv renseri og vaskeri i Birkelandsgata på Storhaug i Stavanger. Ella sat i sjefstolen der i mange år etter at ho blei enka. Då eg flytta på hybel i Stavanger i 1964 for å gå på realskulen, fekk eg beskjed om å levera alt som skulle vaskast til henne på kontoret. Så ho ordna gratis vask for meg i den tida. Eg blei også invitert heim til henne i det flotta huset hennar rett ved Nylund skole. Gunnbjørg Mæland var også gjest hjå tante Ella i byen.

Karluf Bråtveit som vaks opp på Mæland i nabolaget til Iversen-hytta. Far hans, Lars, var ein slag vaktmeister for byfrua. Han slo graset på eigedommen og gjorde ein del malararbeid både ute og inne. Karluf fekk også gratis klesvask på vaskeriet i Birkelandsgata då han var flytta til Strand og kjørte mjølkebil frå Strand til Frue Meieri i byen. Då var han innom med klesvask på mandagen og henta reint tøy til helga. 

Ella og John Iversen kjøpte hytte-eigedommen av Hans Mæland i 1941 og bygde hytta der. På sine eldre dagar overtok Andres Mæland hytta. Han var frå Hauen som dei kalla den garden. Han jobba i byen i mange år. Han gjorde også fru Iversen mange tjenester opp gjennom åra. I dei seinare år, fungerte nok han som privatsjåfør for henne. 

Som pensjonist budde han fast på hytta i ein del år. I dag er det Liv Inger Mæland, kona til Hans Ove, som står som eigar. Ella Iversen døde i 1982, 91 år gammal. Minnet om fru Iversen, eller tante Ella om du vil, lever ennå i Vormedalen.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar