mandag 12. oktober 2026

«Ropeid» - Frå Sandsfjorden til København



"Ropeid" i København.


Den 61 år gamle ferja med det stolte navnet «Ropeid» ligg nå i København. Den gjorde i alle fall det for ei tid sidan. For eg fekk bilde tilsendt og lagra det utan å gjera meir med det. Så nå veit eg ikkje kven som er fotografen eller akkurat tidspunktet då eg fekk det. 


"Ropeid" fotografert etter at baugporten er montert i 1973. Foto: Leif Berge.


Det er ingen tvil om kva ferja dette er. Det gamle navnet frå 1965, står stadig på skutesida sjølv om det er overmalt.


Min slektning, Nils Viga Hausken, som bur i København store deler av året, seier at bildet viser ferja liggjande ved Kvæsthus-broen i den danske hovedstaden. Viss nokon veit kva tid den seilte frå Oslo til København eller veit kven som eig den nå, vil eg gjerne vita det. Alle opplysningar blir mottatt med takk og lagt inn i bloggen.


I 1965 blei «Ropeid» som ny sett inn i ruta over Sandsfjorden. Den nye ferja tok 12 bilar, men den fekk snart problem med å ta unna trafikken på Ryfylkeveien som åpna same året. Ferja over Jøsenfjorden tok fleire bilar og dermed hopa køane seg opp på Sand.


I 1973 blei «Ropeid» teken ut av ruta si. Den blei nå flytta til ferjeruta mellom Nedstrand og Jelsa. Det var eit meir vêrhardt samband. Derfor fekk ferja hydraulisk baugport før den blei sett inn i ruta. Den gamle «Ropeid» frå 1945 som gjekk melom Ropeid og Sand fekk kjælenavnet «Blomsterkorjå». Etter at baugporten blei montert, var det enkelte som kalla denne ferja for «Badekaret».


"Ropeid" som "Festival" i Oslo.



I dette sambandet var det mindre bilar, men fleire kaiar. Ferja var innom både Foldøy og Hebnes på turane mellom Jelsa og Nedstrand. Men i 1987 var det slutt. Stavangerske selde til rederiet Trollcruise i Oslo. Her gjekk ferja på blåturar og liknande i mange år med navnet «Festival».

Eg skreiv om «Ropeid» eller «Festival» om du vil i boka «Fjordabåtene» som kom ut i 1965. Viss nokon har opplysningar om ferjehistorien i nyare tid, tek eg gjerne i mot og legg dei inn i denne bloggen.




 Fakta: «Ropeid» 1965 - 1987

Historikk: Bygget Blaalid Slip, Raudeberg ved Måløy i 1965. Satt inn i ferjesambandet Sand-Ropeid 1. juni samme år. Ble etter få år for liten og tatt ut av sambandet i 1973.
Flyttet til Tverrsambandet Jelsa, Hebnes, Foldøy, Nedstrand. Stavangerske solgte ferja i 1987.
Eies nå av Trollcruise, Oslo, og brukes til blåturer og lignende. Navn: «Festival».
Maskineri: Normo diesel 150 HK. Som ny hadde ferja en marsjfart på 8,5 knop.
Kapasitet: Sertifisert for 125 passasjerer og 12 biler. mål: Lengde: 26,5 meter. Bredde: 7,5 meter. Dyptgående: 2,8 meter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar