![]() |
| Her i Melandskrossen i Vormedalen var det både poståpneri og butikk for 50 år sidan. Huset var i si tid bygd som garasje. |
Viss eg skulle fått tilsendt brev eller annan post i mine ganske unge år, kunne det stå Jone Laugaland, Laugaland brevhus pr. Stavanger. Det ville komme fram til meg heilt garantert sikkert.
For i 1937 åpna Postverket eige brevhus på Laugaland. Eit brevhus var eit enkelt postkontor der dei fleste posttenester blei utført. Eige stempel og allslags.
| Laugaland hadde sjølsagt eige poststempel. |
Det var bestefaren min, Johannes Laugaland, som påtok seg ansvaret med å husa brevhuset i 1937. Eg reknar med at det var bestemor, Serina, og seinare dottera deira, Anna Johanna, som ordna opp med det daglege postarbeidet.
Årsaka til at det blei aktuelt med eit eige postkontor, var at det nå kom dagleg bussrute mellom Laugaland i Vormedalen og Hjelmelandsvågen. Frå før var det poståpneri for heile bygda hjå handelsmannen i Tøtlandsvik. Han fekk posten med rutebåten forholdsvis seint på kvelden. Posten, brev og aviser bei ofte liggjande til neste dag. På Laugaland kom det buss frå Hjelmeland. Dermed fekk folk i den øvre delen av bygda tidlegare daglege aviser enn i Tøtlandsvik. Folk oppe i dalen hadde fire-fem kilometers veg til handelsmannen ved sjøen.
![]() |
| Denne meldinga sto i Aftenbladet i 1937. |
Då bestefar leverte garden vidare til sonen Andres, fylgde brevhuset med til folgehuset på andre sida av vegen. Her blei det også telefonstasjon med det offisielle navnet "Vormedal i Ryfylke". I min barndom var det tanten min, Anna Johanna som styrte med både brevhus og telefonstasjon. Arbeidsmengda var ikkje størren enn at faster Tulla, som me kalla henne, kunne delta i husarbeidet, saman med mor si meste av dagen.
![]() |
| Det fyrste telefonskiltet på Laugaland. |
Telefonstasjonen hadde åpningstider. Du kunne ikkje ringja ut av bygda heile tida. Men sidan det som regel var fleire abonnentar på same linja, kunne dei ringja til kvarandre. Til dei ulike abonnentane måtte du ringja ein, to eller tre gonger. Slik visste folk kven som skulle skulle ha samtalen.
![]() |
| Brevhuset på Laugaland blei nedlagt i 1964. |
Posten kom med bussen frå Hjelmeland ved sju-tida om kvelden. Til vanleg var det far min som var sjåføren. Han varsla postdama med eit kraftig fløytesignal. Dermed kom ho springande for henta postsekkene. Av og til fekk ho hjelp med å bera sekkene opp til brevhuset. I juletrafikken fekk eg og sikkert andre i slekta lov til å vera med på å stempla julekort.
Ein flokk med vaksne og ungar venta på at brev og aviser var sortert. Så gjekk døra opp. Posten blei levert og alle gjekk heim. Slik var det.
Laugaland fekk som nevnt eige postnummer, 4133. Nokre få år seinare, i 1962, døydde besteforeldra mine. Då slutta faster Tulla med post og telefon. Ho fekk jobb på telefonstasjonen på Moi og reiste frå Laugaland. Då blei det krise.
Eg trur Vormedalen var den fyrste bygda i Hjelmeland der telefonen blei automatisert. Det var slutt med sveivetelefon. Sentralen var nå i Hjelmelandsvågen.
![]() |
| Den nye postordninga blei vedtatt i 1964. |
Men posten var eit problem. Postverket ville flytta poståpneriet i Tøtlandsvik til Laugaland. Men dei i Tøtlandsvik og på Vormeland protesterte. Enden på visa var likevel at poståpneriet blei flytta til Melandsdkrossen på Laugaland. Her budde Johan Tytlandsvik, sonen til den tidlegare handelsmannen. Han åpna postkontor og ein liten butikk i garasjen er han tidlegare hadde hatt to lastebilar. Han blei også landpostbud i dalen. Dottera til Johan, Olava, hadde ansvar for butikken.
I ein del år framover var det både butikk og postkontor i øvre delen av dalen. Og folk fekk posten levert i næraste postkasse.
I 1987 blei poståpneriet nedlagt. 4133 Laugaland var dermed historie. Kva tid butikken stengde, veit eg ikkje. Eg tek gjerne mot opplysningar om både post og butikk-drifta. Bilder også.





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar