![]() |
Gudmor Magnhild Meltveit Kleppa og kaptein Endre Eide. Foto: Steinar Warland. |
Det var ikkje folkefesten då den nye ferja «Sand» blei døypt i 2007 eller grunnstøytinga i 2010 med både personskade og materielle skader som sørga for at Ropeid-ferja kom på riksnyhetene. Nei du! Det var gullarmbåndet som Magnhild Meltveit Kleppa fekk som gudmor for ferja.
Det kom for ein dag at dette armbåndet som ho fekk av Fiskerstrand Verft, ikkje var innrapportert til skattevesenet eller meldt inn til Stortinget sitt frivillige gaveregister. Tabloid-journalistane gassa seg med saka.
![]() |
Den tredje ferja med navnet "Sand" gjekk i sambandet frå 2007 til 2015 då brua over Sandsfjorden blei åpna. Foto: Jon Ingemundsen. |
Dette armbåndet hadde aldri vore i bruk. I 2007 var Kleppa stortingsrepresentant for Senterpartiet. Seinare same året blei ho kommunalminister og seinare blei ho samferdsesminister. Øskja med armbåndet blei med på flyttelasset frå Stortinget til departementet.
Tre år etter den store ferjedåpen rykka Magnhild ut og beklaga hendinga. Ho returnerte gåva.
Denne saka blei omtala vidt og breidt.
Magnhild tok lærdom av dette. Då ho var gudmor for ei Bokna-ferja ei tid seinare, fekk ho ei pengegåve som blei gitt vidare til Frelsesarmeen.
Den tredje ferja med navnet «Sand» var tidleg ute. Ferja kom til Stavanger i april 2007. Skroget var bygd i Litauen og ferja blei utrusta ved Fiskarstrand Verft på Sunnmøre. Ferja kosta 60 millionar kroner. Den tok 50 bilar og 255 passasjerar. Det sto fire motorar om bord på tilsaman 2396 hk. Berre to av motorane skulle brukast samtidig.
![]() |
Kaptein Steinar Skogli på brua på "Sand". Foto: Jon Ingemundsen. |
![]() |
Over 300 frammøtt på den store ferjedåpen på Sand 24. mai 2007. Foto: Steinar Warland. |
Ferjedåpen 24. mai blei reine folkefesten med over 300 frammøtte. Her blei det dåp og korpsmusikk og ein halvtime fri for regn.
Dåpsdagen fall saman med fødselsdagen til kommunen sin eigen diktar, Rasmus Løland. Dette sett ein spiss på dåpen. Salongane på ferja fekk navna «Kvitebjørn» og «Nashornet» og bildekket blei krydra med Løland-sitat. - Nå kan bilistane sitja og grubla og diskutera på overfarten, meinte direktøren i Stavangerske, Egil Nylund. Ferja blei sett inn i sambandet i løpet av mai 2007.
Grunnstøytinga skjedde 4. november 2010. Ferja gjekk for full fart og blei så skada at den måtte på verkstad. Fem passasjerat fekk lettare skade og ein del bilar fekk bulker.
![]() |
Frå Aftenbladet i november 2010. |
I 2015 gjekk ferja 68 turar i døgeret. I sommarhalvåret frakta den 1000 personbil-einingar kvar dag.
27. november 2015 blei brua over Sandsfjorden åpna. Det blei ei ny tid. Ropeid-ferja var overflødig, men ruta gjekk fram til nyttårsskiftet. Dette var punktum for ferjehistoria som hadde starta i 1928.
«Sand» blei nå sendt til sambandet Årvik – Koparneset på Mørekysten. Kor ferja med Løland-sitata er nå, har eg ikkje undersøkt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar