tirsdag 11. mars 2025

Drapet på Ropeid-ferja

 

Kaptein Njål Lovra møtte ein mann med kniv i handa.




Mannen slo i ei dør. Eg bad han roa seg. Då snudde han seg mot meg med ein kriv i handa.


Slik ordla han seg, ferjekaptein Njål Lovra, då han vitna i Ryfylke heradsrett om den dramatiske hendinga om bord i ferja «Sand» på mandagskvelden 28. januar 2000.


Ferja låg i støa på Sand og venta på neste avgang denne stille kvelden. Kaptein Lovra var kommen ned i salongen under bildekket for ha ein kaffipause i mannskapet sitt opphaldsrom då han høyrte eit forferdeleg bråk.


Denne ferja fekk navnet "Sand" i 1993. 



- Fyrst trudde eg det var ein gjeng med guttungar som hadde vore på fotballkamp på Sand. Plutseleg kom to menn stormande ned i salongen. Den fyrste var blodig og eg hoppa vekk. Han fortsette innover og greidde å stengja ei dør bak seg slik at den andre mannen ikkje fekk tak i han.


- Då eg snakka til han, snudde han seg slik at eg oppdaga kniven. Eg forsto at eg ikkje kunne rydda opp i dette  sjøl. Difor sprang eg opp i styrehuset for å tilkalla hjelp, sa kaptein Lovra.


Slik blei den stillferdige og vanlegvis lågmælte ferjekapteinen og mannskapet innblanda i den mest dramatiske hendinga som skjedde i Ropeid-ferjene si historie. Dei andre som var om bord: Billettør Jan Henry Bergsbakk, matros Jan Helge Kvaløy og maskinist Jan Skaar.


Resten av mannskapet måtte også forklara seg som vitner om dramaet om bord. Den kurdiske asylssøkjaren Seerwan Saleem Mohammed døydde av skadene han fekk i knivstikkinga. Gjerningsmannen som også var kurdisk asylsøkar, stakk av etter hendinga. Begge dei to kurderane hadde tidlegare budd på asylmottaket på Sand. Ei konflikt mellom dei to, førte til at drapsmannen var sendt til eit mottak lenger nord. Men han kom tilbake til Sand for å ta eit endeleg oppgjer med landsmannen.


Væpna politi sjekka alle bilane som reiste med ferja heilt fram til drapsmannen blei 
arrestert i Tysvær to dagar seinare. Foto: Fredrik Refvem, Aftenbladet.





Gjerningsmannen forsvann sporlaust etter dramaet om bord i «Sand». Væpna politi leita etter han natta etterpå og den påfølgande dagen. Alle bilar som kjørte om bord i ferja blei sjekka av politiet.


Neste dag blei mannen arrestert utan dramatikk i Tysvær. Då var han passasjer på ein buss på veg til Haugesund.


Det gjekk over eit år før saka kom opp i Ryfylke herredsrett. Retten fastslo at tiltalte var skuldig i drap, men det blei ikkje avsagt ein endeleg dom. Den blei utsett inntil det var avgjort om mannen hadde vore psykotisk då drapet skjedde. På dette tidspunktet var han innlagt på sikkerhetsavdelinga på Trøndelag psykiatriske sjukehus. Eg har ikkje greidd å finna korleis denne saka blei endeleg avgjort i rettssystemet.


Denne ferja fekk navnet «Sand» i 1992. Eg kjem med eigen blogg om soga til ferja som blei bygd for HSD i 1969 og fekk navnet «Fusa». I 1987 overtok Stavangerske ferja og døypte den «Hjelmeland» . I 1993 blei ferja flytta til Ropeid-sambandet og fekk navnet «Sand».






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar