![]() |
Fjordabåten "Sand" var ny i 1953. |
«Sand» er det vakreste skipet i "Den hvite flåte", slo Aftenbladet fast etter prøveturen med den nye fjordabåten i mars 1953.
Tre tidlegare landgangsbåtar frå den andre verdenskrig fekk lite eller ingenting å gjera i krigen, men dei kom til god nytte som fjordabåtar i Ryfylke etterpå.
Stavangerske skaffa seg to slike landgangsbåtar etter krigen. Dei blei bygde om til rutebåtar. Den fyrste var ferdig i 1950 og fekk navnet «Sauda». Den neste, «Sand», var ikkje ferdig før i 1953. Jøsenfjord Rutelag kjøpte også ein slik båt. Den blei sett i fart i 1949 med navnet «Hjelmelandsfjord».
- «Sand» er landets vakreste sjøbuss, sa Stavangerske-direktør Erling Aanensen. DSD-sjefen understreka også at "Den hvite flåte" nå var blitt eit begrep som var blitt kjent også i utlandet. Selskapet hadde nettopp fått eit brev adressert til "The White Fleet, Stavanger, Norway". Avsendar var ei kanadisk kvinne som skulle bestilla plass for ein bil frå Stavanger til Sand til den kommande sommaren.
Skroget var ombygd ved Haugesund Mek.Verksted. Innredning og utrusting var gjort ved Stavangerske sitt eige verksted på Klasaskjæret. «Sand» hadde større vindu i salongane og tok seg mykje betre ut på fjorden enn søsterskipet «Sauda».
![]() |
Kaptein Magnus Mikkelsen og styrmann Jostein Aske på brua på "Sand". Rormannen er Johan Lund frå Høyvik. |
Aftenbladet hadde også mange lovord om kor lyst og hyggeleg det var i salongane om bord. - Måtte berre dei reisande vera så hensynsfulle som det vakre interiøret hadde krav på, sto det i avisa.
Eit flott maleri av den gamle dampbåten «Sand» med baugspryd og åpent promenadedekk laga av teatermalar Gunnar Alme, hadde fått plass i nedre salong.
«Sand» var utstyrt med to bommar på formasta. Dermed kunne ein plassera bilar på bakken når det var behov for det. Båten hadde plass til 12 bilar og 427 passasjerar. To dieselmotorar, begge på 300 HK, gav båten ein toppfart på 12 knop.
A. Andersen var fyrste kaptein på «Sand». Arne Fagerland var maskinsjef og Karsten Næss var restauratør.
Jostein Aske frå Mosterøy kom om bord som ung styrmann i 1955. På den tida gjekk båten i turistruta mellom Stavanger og Sand om somrane. Den gjekk frå Stavanger klokka 9.30 og var framme på Sand i 14-tida. Turistane drog vidare med buss opp over til Suldalsvatnet.
Det gjekk mange år før «Sand» fekk radar. Det skjedde fyrst då det gamle nattruteskipet «Kong Sverre» blei utrangert og skulle hoggast opp.
På vinterstid blei «Sand» brukt i ulike ruter. Den gjekk i lasteruter på Sauda og Sandeid i fleire år. Seinare gjekk den på Haugesund.
Frå 1966 gjekk «Sand» i Rennesøy-ruta. Nå var turistane erstatta med daglegdagse reisande og mykje last av alle slag og mange kaiar. Det var tøffe tider for mannskapet om bord. Dei sleit hardt for å halda ruta. Båten blei ofte for sein. I 1969 kom ferja «Rennesøy» og «Sand» var uttjent som fjordabåt.
Båten med dei vakre linjene blei seldt til ein italiener som bygde den om til lystyacht. I 1975 forliste den i Middelhavet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar