![]() |
"Sand", den fyrste ferja med dette navnet, gjekk trufast mellom Sand og Ropeid frå 1973 til 1993. |
Tida gjekk fort i frå den åtte år gamle ferja «Ropeid». Den hadde vore for liten frå fyrste dag. Her var det ikkje plass til meir enn 12 bilar. Hausten 1973 blei den nye ferja med navnet «Sand» sett inn i sambandet. Den hadde plass til 24 bilar og 200 passasjerar.
«Sand» fordobla kapasiteten i dette ferjesambandet og i distriktet såg ein fram til dagen ferja ble sett inn i trafikken. Ferja «Tau», bygd i 1961, vikarierte i Ropeid-sambandet sommaren 1973.
![]() |
"Sand" var eit fast innslag i dagleglivet på Sand frå 1973 til 1993. Foto: Aftenbladet. |
Den nye ferja blei overlevert frå Skaalurens skipsbyggeri i Rosendal til Stavangerske fredag 31. august, halvannan månad før leveringsfristen i kontrakten. Dette var byggjenummer 221 frå det tradisjonsrike skipsbyggjeriet.
I Aftenbladet sin artikkel frå overleveringa står det at dette var ei standardferje etter Vegdirektoratet sine teikningar. Den var såkalla dobbeltsymmetrisk. Det vil seia at ferja var sett saman av to like halvdeler. Praktisk ferje, men ikkje så vakker som dei ferjene som blei bygd etter tradisjonelle mål der ein la vekt på koss eit pent skip skulle sjå ut, sto det i avisa.
På Torjå på på Sand venta skulekorpset då ferja kom "him" dagen etterpå. Der venta halve kommunestyret og mange andre. Politikarar og framtidig mannskap steig om bord. Ordførar Odd Bråtveit heldt tale og det blei servert smørbrød. Deretter var det ein rask "jomfrutur" med den flaggpynta ferja innover fjorden mot Sauda og Hylsfjorden. Dette står i Suldal sogelag sitt årsskrift frå 2015.
Den nye ferja var for brei for ferjeleiet på Sand så dermed gjekk det meir tid enn planlagt før ferja kunne setjast inn i ruta.
«Sand» var 39,5 meter lang og 9,5 meter brei. Ein Wichmann dieselmotor på 625 HK gav ferja ein fart på 11 knop.
![]() |
Kaptein Bjarne Grønnevik. |
Heile mannskapet på «Ropeid», med administrerande kaptein, Johannes Jonnassen i spissen, blei overført til den nye ferja. Jonassen hadde vore i Rosendal og sett etter bygginga den siste tida før overleveringa. Resten av mannskapet bestod av kapteinane Bjarne Grønnevik og Bjørn Lund, maskinistane Harry Hovden og Lars Moe, Tolleif Selvåg, Endre Øvrebø og Einar Halvorsen var billettørar og matrosar.
![]() |
Kaptein Bjørn Lund. |
Det var tre skift på denne ferja som hadde beredskap døgnet rundt. Fire mann på kvart skift.
Dei tre kapteinane budde på Sand, men kom alle frå gamle Jelsa kommune. Johannes Jonassen var bror til bakarane på Jelsa, Bjarne Grønnevik kom frå Økstrafjorden og Bjørn Lund frå Høyvik. Bjørn Lund er i dag ein sprek pensjonist på 86 år.
Carstein Mortensen frå Sand kom også om bord som billettør. Tidlegare hadde han vore motormann på fjordabåten «Fjordsol». Mortensen var kjent som Sand sitt svar på Harry Brandelius. Han sat også i kommunestyret for Arbeidarpartiet.
![]() |
Billettør Carstein Mortensen. |
«Sand» var romsleg og god då den kom, men trafikken auka kraftig då arbeidet begynte på Ulla-Førre-anlegget utover på 1970-talet. Spesielt i helgene når arbeidsfolket skulle heim. Då blei det mange ekstraturar.
Ferja fungerte godt i alle år i ruta. Vedlikehaldet var på topp. Ferja såg like fin ut etter 20 år i sambandet.
Då Ulla-Førre var ferdig, gjekk trafikken ned. Men med Suldalsvegen tok trafikken seg opp igjen og «Sand» blei i minste laget.
I 1992 blei «Sand» omdøypt til «Ropeid» og den blei avløyst av ferja «Hjelmeland» som overtok navnet. Nå blei ferja frå 1973 seldt til Austlandet. Nytt navn blei «Hurumferja».
Nekrolog i Aftenbladet 7-9-2007. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar