fredag 15. juli 2022

Den grusomme dompappen har herja i plommetrea!

 

Dompappen er hata av fruktbøndene.


Fruktdyrkarar i Ryfylke har i alle år kasta julekort med dompapp rett i bosset. Dei hatar denne raudbrysta, fjørkledde skapningen som år om anna kan komma på besøk i frukttrea og gjera ende på plomme-knoppen på kort tid.


For å seia som sant er, det har blitt skote massevis av dompapp i Ryfylke opp gjennom åra.


Eg, mi enkle sjel, har knapt nok sett dompapp andre stader enn på julakort. Derfor var eg vilt begeistra her i vinter då eg såg ein skapning på fuglabrettet i hytte-hagen på Hjelmeland. Der tok eg feil.


Georg Sæbø gav niese Tone hagle-
gevær då ho overtok garden.

Mellom alle ting som eg ikkje har greia på, må også fruktdyrking reknast med. Men for eit par år sidan planta me tre plommetre i hagen. To med gammaldags blåplomma og eit opaltre. Eit opaltre skal trekkja til seg meir bier, homler og vaps enn dei andre trauste plommetrea. Dette er til gunst også for dei andre plommetrea, har eg forstått.


Plommehausten vår var heilt eineståande i fjor. Det var godt med blåplomma og på opaltreet var det mange fine plommer. Me åt oss mette på plomma to dagar på rad. Kva meir kan du kreva som frukt-amatør?


Denne våren gjekk eg og kosa meg. Det kom fint med blom på begge blåplomme-trea. Opal-treet blømer litt seinare, konstaterte eg då. Men det kom aldri ein einaste opal-blom, viste det seg.


Det har vore så mykje anna å undra seg over denne sommaren. Difor har eg ikkje fått undersøkt dette spørsmålet før nå.


- Dompappen har forsynt seg grovt av knoppane på opaltreet mitt. Avlinga blir redusert med 90 prosent i år. Det ser noko betre ut med blåplomma. Dei andre plommesortane har klart seg mykje betre, seier fruktbonde Tone Sæbø. Ho er nabo av meg på Hjelmeland.


Ho såg aldri dompapp nå i år, men ut frå skaden som ho har sett på fruktknoppane, er ho sikker på at det er denne fuglen som har vore på ferde. Dei brukar ikkje lang tid på å forsyna seg i trea.


Då Tone Sæbø i si tid overtok garden til farbror Georg, fekk ho og broren Oddbjørn ei hagle i presang slik at dei skulle vera i stand til å skyta den fordervelege dompappen.


- Eg har aldri brukt børsa. Oddbjørn har heller ikkje vore nokon ivrig skyttar, seier Tone Sæbø.


Viktig å tynna i både plomma og eple,
seier Terje Pundsnes.

Tidlegare kommunegartner i Hjelmeland, Terje Pundsnes, har også sett dompapp i frukthagen sin i år, men stiller seg litt tvilande til at det er julakort-fuglen som har heile skulda for reduserte plommeavlingar dette året.


- Det var eit godt plommeår i fjor. Viss ein ikkje tynna godt i plomma i fjor, blir avlingane mindre det påfølgande året, seier Pundnes som akkurat nå tynnar i epletrea.


Blomster-knoppane på Opal-trea har ei spesiell lukt. Denne likar dompappen og dermed går den amok i akkurat denne sorten plommetre. Og den brukar ikkje lang tid på å gjera stor skade.


Forresten var det Terje Pundsnes som sa at han kasta julekort med dompapp-motiv. Og så lo han godt etterpå.


Eg har vore inne i Aftenblad-arkivet og funne ein del dompapp-meldingar frå tidlegare år. Les og lær:











Aftenbladet 5-6-1954.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar