torsdag 28. juli 2022

Bensin – snart dyrare enn brennevin!

 

Shell Haukås ved E 39 i Sveio hadde lågast bensinpris mellom Bergen 
og Stavanger sist mandag.



Hei! Bensin til 22 kroner literen. Eg bråsvinga inn på Shellstasjonen ved E 39 på Haukås i Sveio og fylte tanken. Eit røvarkjøp!


Auene mine blir store som tinntallerkar når eg fyller bensin og ser at telleverket på bensin-pumpa går bananas og nærmar seg tusenlappen før det blir fullt på tanken.


Som den gamle mannen eg er, kan eg hugsa bensinprisar mellom ei og to kroner og eg ser endå for meg at far min som var buss-sjåfør, fylte diesel til 39 øre pr literen for mange år sidan.


Eg kjører ikkje mykje bil lenger. Men det hender at eg fyrer opp doningen og tek ut på landevegen. Den siste veka har det blitt meiningslaust mykje kjøring etter min målestokk. Det har blitt to dryge dagsturar: Ein dagstur Stavanger – Sand og deretter ein endå drygare frå Stavanger til Bergen og heim igjen. Det blei 70 - 80 mil tilsaman.


- Du må ikkje fortapa deg i desse prisvariasjonane. Det er berre snakk om to-tri få kroner når du fyller tanken likevel, har eg sagt til kona. Men eg har begynt å lura litt etter det eg såg då eg var ute og kjørte nå nettopp.


På Hjelmeland fylte eg bensin som kosta 22 kroner 99 øre pr. liter for to veker sidan. I byen var den minst ei krone dyrare då eg skulle fylla opp før turen til Sand. Då eg passerte Hjelmeland på veg innover såg at det stadig var billegare der enn i byen.


Sist mandag gjekk så turen til Bergen. Når du kjører E 39 gjennom Sveio, er det ikkje all verda å studera på langs vegen. Derfor kunne eg ikkje unngå å få med meg bensinprisen på Shell-stasjonen på Haukås. Den var lågare enn i Stavanger.


På turen heimover var eg på vakt då me kom sørigjønå Sveio. Då var prisen endå lågare. 22,09 for både bensin og diesel. Eg slo til og fylte tanken. Den var dessverre halvfull frå før. Fekk ikkje spart så mykje som eg kunne tenkt meg.


- Folk bemerkar av og til at me ligg forholdsvis lågt i prisar, seier Evy Ann Økland på Shell Haukås. Inntrykket er at det er mindre turist-trafikk denne sommaren enn i fjor. Årsaka er ikkje drivstoffprisen, men at fleire dreg til utlandet på ferie. Prisane i Sveio låg i dag torsdag på 22,59 for både bensin og diesel då eg snakka med Evy Ann Økland.


På Hjelmeland var torsdagsprisen 22,29 for diesel og 23,29 for bensin.


Kor skal dette enda henne?


Når det gjeld brennevin, har eg slutta med det. Du kjører tross alt mykje bedre med bensin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar