lørdag 30. juli 2022

Kjempestein på hyttebesøk!

 

Hytteeigar Audun Tenden viste fram skadene på hytta.


Ein svær stein på minst tre tonn kom dundrande ned bakken og inn gjennom hytteveggen. Den gjekk rett gjennom stova og la seg til ro på det eine soverommet. Det meste av hytteinventaret blei knust til pinneved. Takk og pris for at det ikkje var folk heime. Då kunne dette ha blitt ei tragisk ulukke.


Dette hende i januar 1979 i Ilstadvika i Saudafjorden. Det var familien Tenden frå Sauda som var hytteeigarar. På den tida pågjekk det omfattande vegarbeid på vegen mellom Sauda og Ropeid og denne steinen begynte å trilla etter at ein gravemaskin hadde blitt for nærgåandde mot den.


Arbeidsformannen hadde sett at steinen hadde begynt å trilla og ante uråd. Difor gjekk han nedover lia og fann ut kor steinen hadde enda. Dermed blei hytteeigar Audun Tenden varsla. Han reiste ut og såg på koss steingale dette hadde gått.


På denne tida var eg journalist på Aftenbladet sitt Sauda-kontor og var stadig på utkikk etter noko å skriva om. Eg fekk tips om denne saka og ringde til Audun Tenden, som var ein av sjefane på smelteverket, og spurde om han kunne riva seg laust frå jobben og visa meg koss det såg ut på familiehytta.


Joda, Tenden stilte opp og me tok oss ein tur ut og studerte elendigheta. Han understreka at han på ingen måte var forarga på Vegvesenet. Dei hadde vore raska med å varsla han, og han var lova skikkeleg kompensasjon for øydeleggingane. Det einaste han kritiserte var at folk ikkje var advart mot å vera i dette området medan vegarbeidet pågjekk.


Sjølv var eg glad og fornøgd over at Tenden var så grei å visa meg hytta slik at eg fekk laga ein passeleg dramatisk historie til avisa.


Dei tilsette i lokalavisa Ryfylke i Sauda vinteren 1979. Frå venstre:
forretningsførar Turid Tafjord, journalist Wenche Pleym og redaktør Dagny
Salveson Fløgstad.


Koss fekk eg vita denne hyttekatastrofen? For meg var dette det løgnaste og grunnen til at eg hugsar dette ennå.


Telefonen ringde på ein stille januardag på Sauda-kontoret. Det var redaktøren i lokalavisa Ryfylke, Dagny Salveson Fløgstad, som ville snakka med meg.


- Kan eg inngå same avtalen med deg som eg hadde med din forgjengar på kontoret, Torbjørn Kindingstad?


- Koss var den avtalen?


Det viste seg når Ryfylke-redaktøren fekk eit godt tips og ikkje kunne rykka ut frå kontoret, då ringde ho til Aftenblad-journalisten og tipsa han. Så fekk han saka og tok bilder. Poenget med avtalen var at han hadde med seg to film-rullar. Den eine sende han til byen til Aftenbladet. Den andre blei levert til fotograf Jakobsson i Sauda som laga bilda som Ryfylke trong.


Derme fekk både Aftenbladet si nyhetssak og Ryfylke sin eit par dagar seinare.


Dagny Salveson Fløgstad var eit kjekk dame som eg kom godt ut av det med. Eg tenkjer ofte med glede på henne og kollegene hennar i Ryfylke.


Her kjem reportasjen som sto i Aftenbladet i januar 1979:




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar