onsdag 13. juli 2022

Fillerye-festival på Hjelmeland?

 

Nils Viga Hausken er mannen bak vevnad-utstillinga på Hjelmeland.



- Tenk ein ekta fillerye-festival, sa eg då eg tok turen til Spinneriet i Hjelmelandsvågen for å møta Nils Viga Hausken, mannen som har laga denne sommarutstillinga for Hjelmeland kommune.


For noko filleflåseri! Dette er ein seriøs utstilling med all slags vevnad som er laga i Ryfylke dei siste 150 åra. Her er det rugger (sengeteppe), kvitlar (ullteppe), åkle og all slags anna interessant for dei som forstår seg på slikt.


Dette åkle frå Viga blei vist fram på ein utstilling i Stavanger i 1955.
Eit bilde av det heng på Norsk folkemuseum i Oslo.



150 ulike gjenstandar blir vist på utstillingen som åpna i juni og blir ståande fram til 21. august. Den eldste gjenstanden på utstillinga er ei rugga frå 1857. Den tilhøyrer Jorunn Skålevik. Oldemora henna fekk den då ho gifta seg til Hjelmelandsvågen i 1857.


I det gamle, fattige Ryfylke var det sjølvsagt viktig å halda seg varm om nettene. Dermed vov dei rugger og kvitlar til å breia over seg i sengene. Etter som velstanden auka, blei det vove golvteppe som gjorde det lunare i stovene. Her kom fillene inn som råstoff teppa som dei la på golvet.


Veggteppe og bordløparar var det ikkje aktuelt å hefta seg vekk med i tidlegare tider. Dette kom fyrst då velstanden blei meir vanleg.


Vevstolen blei viktig for mange heimar i Hjelmeland. Det blei seld store kvanta ullstoff som var ein viktig del av økonomien. Hjelmeland hadde gode sauebeite og rikeleg med sauer. Dette førte til at spinning og veving blei ein viktig del av bygdeøkonomien.


- Einslege kvinner kunne ha spinning og veving som ein viktig del av levevegen. Men desse aktivitetene blei ikkje påakta i same grad som til dømes jærstol-produksjonen fordi det var kvinnene som spant, fortel Nils Viga Hausken.


Ryfylkerosa i rosemaling har inspirert den som laga dette putetrekket.



Utstillinga viser også korleis oppfatningar, motar og ideal skiftar. Dei eldste vevnadane var mønsterrike. Seinare blei dei enklare med færre fargar for så å få meir eksperimentelle uttrykk. Dei gamle vevnadane hadde heimelaga plantefargar. Seinare kom det sterkare industrifargar på vevnadane.


Ein av gjenstandane på utstillinga, eit åkle frå Viga, blei utstilt på Stavanger Museum i 1955. Det heng eit bilde av dette på Norsk Folkemuseum i Oslo. Dette åkle tilhøyrer Oddbjørg Randa Heggland.


Dei aller fleste av dei utstilte vevnadane er i privat eige. Nils Viga Hausken reknar med at det meste av det som nå blir vist fram, kjem til å forsvinna etterkvar som slektene går sin gang. Dei unge kjem ikkje til å ta vare på så mykje av dette.


Men utstillinga i Hjelmelandsvågen er åpen fram til 21. august.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar