onsdag 4. mai 2022

Mor mi hadde sju ektemenn, men Kåre Palmer Holm var den livslange kjærasten!

 


Kåre Palmer Holm var verdens snillaste mann. Det skulle
vore laga film om livet hans, seier Magne Høyland.
Foto: Jon Ingemundsen


- Mor mi, Ruth, var gift sju gonger, men det var Kåre Palmer Holm som var den store kjærleiken. Dei var kjærastar, av og på, heile livet.  Siste gongen forholdet flamma opp, møttest dei som pleiepasientar på dagsenter på sykehjem. Men dei blei aldri gift. Han var jo aldri hjemma, sa mor.


Kåre Palmrt Holm var ein heilt 
spesiell kriminell. Sjarmerande, 
gavmild og dyktig på mange 
slags vis.



Magne Manna Høyland, den kjende vokalisten frå Stavanger-rocken, har mange minne etter gentlemannsforbrytaren Kåre Palmer Holm.  Mannaen møtte han mange gonger opp gjennom åra og hugsar han som ein veldig kjekk mann som var utruleg flink til å fortelja.


Då han var på rømmen frå Stavanger kretsfengsel sommaren 1959 og sette grå hår i håvet på politiet, sende mora åtte år gamle Manna av gårde til snobå på hjørna for å kjøpa "1. mai" som mange stadig sa om Rogalands Avis på den tida. Mora hans var svært interessert i koss det gjekk med politi-jakta som pågjekk for fullt akkurat då. Avisene var jo fulle av Kåre Palmer Holm-stoff kvar einaste dag i juli 1959. 


- Kåre var ein flott mann. Han gjorde ikkje eit menneske fortred. Tvertimot var han både snill og omtenksom. Viss han forsto at nokon hadde det trangt, kunne han stikka til dei ein hundrelapp eller to i ein konvolutt. Mottakaren visste ikkje alltid kven givaren var.


Kvar jul fekk syster mi, Herdis, og eg hundre kroner av Kåre Palmer Holm. Dette var fast tradisjon heilt til eg var 18 år, fortel Mannaen.


I barndommen reiste dei med mora til Tau og besøkte Kåre på hytta og som vaksen var han også på besøk på Tau med sin eigen familie.


Her i Båsahuset, langt inne i Pedersgata, hadde Kåre Palmer Holm verksted i eit av 
kjellarlokala. Her laga han kopparstikk for det meste med dyremotiv. 


I ein periode hadde Kåre Palmer Holm  verksted i kjellaren i Båsahuset i Pedersgata. Der laga han blant anna  kopparstikk med ulike motiv. Mannaen fekk eit slikt stikk med bilde av ein hund. Det har han rota bort. 

 Men det var ikkje berre kunst som blei laga i Båsahuset. Kunstnaren hadde HB-apparat også og brente sprit til eige bruk.


 - Ein gong eg kom innom, sat han og mor mi og kosa seg med kvar sin "longdrink".  Kåre spurte og eg ville ha eit glass. Eg takka ja og drakk. Det smakte fusel. Litt brus oppi gjer drinken god, sa mor mi.


- Kåre Palmer Holm var ein fantastisk mann. Det burde vore laga film om han, Det kunne jo passa med premiere neste år. Då er det 100 år sidan han blei fødd, seier Magne Manna Høyland. 


Kåre Palmer Holm var fødd i mars 1923. Han omkom i ein brann i barndomsheimen i Skreddarsmauet i Stavanger i august 2004.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar