onsdag 18. mai 2022

Gubba-tur til innbruddspris!


Ikkje rart Sigvart Østrem er blid. Han bussa i timavis 
for 55 kroner.

- Denne tjangsen kan du ikkje la gå i frå deg? Du kan få vera med meg på ein råbillige busstur i Ryfylke i mårå. Fram og tilbake i mila-vis. Eg skal visa deg alt som finst av attraksjonar og vel så det. Og vett du ka det kostar? 51 kroner. 24-timars billett for oss gamle gubbar kostar ikkje meir. Då kan me bussa på Nord-Jæren og i Ryfylke til me får terylen-smag i rauå.


Min tidlegare nabo på Byhaugen, Sigvart Østrem, er barnefødd i Etne, men blei med åra det ein må kunna kalla ein kosmopolitt. Han har vore over omtrent heile verda og har budd både i Kenya, i Oslo og på Ormøy. Ryfylke kjenner han om han ikkje kan kallast ekspert akkurat. Sjølv er eg altfor smålåten til å bruka slike framandord om meg sjølv. Eg er jo innante og gjekk og les med både den eine og andre.


Ikkje vanskeleg å ta buss nå til dags. Det står på bussen når han skal gå. Bloggaren
fotografert av Sigvar Østrem.


For meg var jo dette meir enn ein tilfeldig busstur. Dette var eit nødvendig ærend. Vår vesle motorbåt hadde vore til litt behandling hjå ein gilde mann på Fister. Nå skulle den attende til si hjemmehavn i Hjelmelandsvågen.


Eg måtte bussa! Viss eg kjørte bil til Fister og gjekk med båten til Hjelmeland, var eg like langt. Då hadde eg bil på Fister. Ikkje bitten betre det.


Billetten.

Kolumbus sine bussruter blei lasta ned frå verdensveven. Som den enkle sjela eg er, trudde eg at dei aller fleste bussane mellom Solbakk og Hjelmeland gjekk forbi Fister. Der tok eg feil. Midt på dagen går bussane over Ingvaldstad og Byrkja.


Eg fann ei løysing. Det går ein buss frå Byterminalen i Stavanger om kvardagen klokka 15.03. Den korresponderer på Solbakk med bussen til Hjelmeland. Men det er så knappe tid til å skifta buss at eg satsa på bussen som gjekk frå byen til Solbakk eit kvarter tidlegare. 14.48.


Sigvart var lett å lokka med på busstur. Han sto og venta på meg på Byterminalen då eg kom dit med buss nummer 5 frå Tasta.



Full fres under fjorden.


Me karane, som nå var turistar for ein dag, er så innimarisk gamle at berre tunnelturen frå Hundvåg til Solbakk grensar til det heilt eventyrlege og utrulege. Tenkja seg til å reisa i buss under Hidlefjorden!


Jobben som Ryfylke-guide tok eg på det største alvor så snart me såg dagslyset i enden av tunnelen. Esau og Jakob var første post på programmet. Rett utforbi den gamle rutebåtkaien på Solbakk ligg det to holmar. Den eine er heilt snaue som ein runde stein. Den andre er meir begrodde. Dei heiter Esau og Jakob akkurat som i Bibelen. Du ser dei med ein gong du kjem ut av tunnelen på Solbakk med Idse i bakgrunnen.


På Solbakk var det buss-skifte. Me måtte ut av ein stor Jørpelandsbuss og inn i det som før i tiå blei kalla ein bussongje. Den skulle til Hjelmeland.


Me hadde sju ulike sjåførar på Ryfylke-turen. Siri Aasen var den einaste kvnna
bak rattet.



Her rigga me oss til på seta heilt framme, rett ved sjåføren som heiter Jostein Nørstebø og bur i Årdal. Han kjende eg frå før. Den bussen Kolumbus ville me skulle reisa med frå byen, var så sein at sjåføren kunne ha kjørt utan å venta. Men i si godhet venta sjåfør Nørstebø til den kom. Og der var det opptil fleire som kom springande og ville vera med. Endeleg kunne bussen kjøra. Riksveg 13, here we come.


An Sigvart spør og grev om allslags. Når du passerar Strandastøa og Strandakyrkja, går riksvegen i ein lang, slakk bakke vidare mot Tau. Midt i bakken er det eit buss-stopp med navnet Giljebakken.


- Kaffor hette det Giljebakken, spurte Sigvart.


Der var eg heldige: - Ser du huset med det flada taket. Det bygde distriktslege Gilje på 1960-talet. Dermed blei det Giljebakken, forklarte eg elegant.


Men turkameraten prosterte kraftig då eg viste han fiskastang-fabrikken i Torjerskrossen på Tau. Det er lenge sidan dei laga fiskastenger her, sa han.


- Uvesentleg. Eg visste kem grunnleggarane var og eg kjente sonen til ein av dei. Dessuten begynte brørne med å laga fiskastenger av stål hima på Tjøstheim, svara eg.


For oss godt vaksne innante er det tre berømte personar frå Bjørheimsbygdå. Hadja Tadjik, Gunn Rita Dahle og Ola Buss. For meg har jo alltid Ola Buss vore ein stor mann. Han grunnla eit stort buss-selskap og bygde vei til Preikestol-hytta. Turkameraten viste lita interesse då eg viste han det tidlegare hovedkvarteret til Ola Buss. Men barndomsheimane til dei kjende Bjørheimsbygd-kvinnene noterte han med stor interesse.


Målandsdalen der opptil fleire tidlegare pressefolk har henta sitt familie-navn, var også av ei viss interesse for den tidlegare NRK-mannen som var sjef for Rogaland Radio i fleire år.


Det er klart at for ein eldre, utanbygds mann kan det bli i meste laget og bli nedlessa med Årdal-informasjon av typen Lyngsheia, Ullestad, Tjentland, Soppaland og Riskadal. Eg sparte han for at bestemor mi kom frå Årdal og at eg i min ungdom hadde kjørt melkebil i denne bygda: kombinert buss og lastebil.


Bak GEA-bygget i Årdal sto det ein ny bussongje og venta på oss. Den skulle til Fister. Eg kunne fortalt mykje om landskapet, men me roa oss ned til me skulle stiga av bussen. Nå var båtturen neste post på programmet.


Yachten er trygt i havn igjen.

Å gå med eigen båt frå Fister til Hjelmelandsvågen var eit kjærkomment avbrekk frå bussinga. Ikkje akkurat någen oligark-yacht, men god nok for kånå og meg. Me somla oss til Hjelmeland på ein times tid. Etter å ha surra båten fast i land etter alle kunstens regler, sat me og gassa oss med den svære nistepakken som Sigvart hadde i ryggsekken.


Men dette var ein edrueleg tur utan tull og vas. Bussen frå Hjelmeland til Solbakk skulle gå 18.25. Inga tid å mista.


Eg trudde det var nok ein liten bussongje med den kraftige Olaus Meltveit bak rattet, som sto og venta på oss. Heilt feil! Nede ved kommunehuset sto det ein stor flott buss med ei smilande blid dama bak rattet. Me opplevde sju ulike sjåførar på turen, Siri Aasen frå Strand var den einaste kvinnelege.


På veg langs Riskadalsvatnet. Sanitas er å sjå i bakgrunnen midt i bildet.



På turen utover peika eg ut tre stader for turkameraten. Tidlegare Askvik skule der eg gjekk på framhaldskulen i 1963-1964, huset til tidlegare Frp-politikar Olav Ingvaldstad og den tidlegare feriekolonien Sanitas ved Riskadalsvatnet i Årdal.


Då me kom fram til Solbakk, var det eit par minutt å venta på bussen til Stavanger. Der oppdaga eg Olaus Meltveit med bussongjen og fekk vinka til han. Nå var han klar for å kjøra til Hjelmeland.


- Du lurte meg. Dette buss-eventyret kosta meir enn du lova. 55 kroner blei det på kvar, sa Sigvart og lo.


Deretter steig me om bord i buss nr. 5 ved Breiavatnet. Den går til Vardeneset.


Sigvart gjekk av bussen ved Solvang Omsorgsboliger. Tasta sykehjem passa for meg.


(Psst Sigvart: Eg trur dei fleste lesarane datt av for lenge sidan)


På facebook fann eg desse to kommentarane  som Årstein Skiftun har skrive etter å ha lese denne bloggen:

Årstein Skiftun

Eit lite innspel om Ryfylke og journalistikkens vesen, når eg første er i farta: Far min var journalist i dagsavisa Rogaland i nokre mellomkrigsår. Han var ein gong litt ekstra kry av ein omfattande reportasje han hadde laga med tittelen "Sju øyar - Stjernarøy" Den kom over to sider i ei laurdagsutgave. Då han på mandagen på ny reiste på reportasjetur i Ryfylke, måtte han innom veslehuset i ei bygd. Der låg "Sju øyar - Stjernarøy" alt halvvegs oppbrukt! Han sjølv måtte bruke siste halvdelen!

Eit innspel frå tidlegare ryfylkereiser: Når vi køyrde gjennom Bjørheimsbygdå siterte mor mi alltid mor si: "Bjørheimsbygdå sine begravelsesskiver er dei beste!" - Mor kom frå Idsal og mormor hadde full oversikt over Strand kommune der mannen Per hadde vore tung kommunepolitiker. Det er såleis ikkje berre to damer og ein mann som har gjort bygda kjent!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar