onsdag 11. mai 2022

Øystein Sandvik er død

 


Mange ryfylkingar hugsar ennå Øystein Sandvik som
matros og billettør på Tau-ferjene. 


Øystein Sandvik, Tau, er død. Han ville blitt 90 år 17. mai.


Mange strandbuar og hjelmelandsbuar vil hugsa Øystein Sandvik som matros på Tau-ferjene i mange år.


Øystein Sandvik var frisk 
og rask til nå i vår. 

Den store og som oftast smilande matrosen sto klar når ferja klappa til kai. Han åpna ferjeporten og slapp folk om bord og på land, gjekk rundt i salongen og samla inn billettar og i tillegg sto han  til rors på annankvar tur frå Tau til byen.


Øystein Sandvik blei ferjemann då han gjekk om bord i «Tau» våren 1962. Den gongen var Jørpelandsbussen gul, Årdalsbussen grå og ferje-ekspeditør Johannes Stensen styrte som ein småkonge på Tau-kaien. Ikkje rart at Øystein Sandvik blei verande på denne ferja så lenge den gjekk i Tau-sambandet.

Dette var i glanstida då ei ferjereis kosta tre kroner og 20 øre for ein vaksen frå Tau til byen.


Ingen stjernetydar ville ha funne ut i 1932 at den nyfødde guttungen skulle enda som sjømann i innanriks ferjefart. Tvertimot. Han blei fødd i Suldal. Faren kjøpte gard i Hetlandsbygda i gamle Fister kommune. Øystein var eldst og odelsgutt. Men garden interesserte ikkje han.


Fjordabåter derimot. Det var spennande.


Sommaren 1954 fekk han sommarjobb på «Jøsenfjord». Dette var springbrettet for å få fast matros-jobb på «Hjelmelandsfjord». I 1957 slutta han i Jøsenfjord Rutelag og melde overgang til Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD).


I 1962 begynte Øystein Sandvik på ferja «Tau». Og i Tau-sambandet blei han verande i resten av si tid som matros. Like til han fekk hjerteproblem og måtte gå i land i 1985.


I mange år var Øystein Sandvik engasjert i fagforeningsarbeid. Han var tillitsmann for mannskapa på ferjene. Ein periode var han nestformann i Stavanger-avdelinga av Sjømannsforbundet.


Etter at han gjekk i land har han dyrka mange slags interesser. Han var levande interessert både i lokalhistorie og slektsgranskning. Trekkspelet trakterte han også i mange år.


Øystein Sandvik blei gift med Liv frå Hjelmeland. Dei bygde seg hus i Ugeli på Tau i 1965. Der budde dei i alle år. Kona døydde for eit par år sidan. Etter det budde Øystein aleine i huset og greidde seg sjølv. Han var frisk og rask heilt fram til for eit par-tre veker sidan.


Øystein Sandvik etterlet seg to barn, barnebarn og oldebarn. Han blir gravlagd frå Strand kyrkje fredag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar