tirsdag 29. mars 2022

Lovlydige Kåre Palmer Holm blei ein populær vaktmeister

 

Kåre Palmer Holm blei ein populær vaktmeister for bygget til NSB bilruter og området der
mange av bussane i distriktet hadde oppstillingsplass. Holm hadde sitt eige kontor ved trappa
i enden av bygget.  Foto: Byarkivet.


Midt på 1960-talet la Kåre Palmer Holm si fortid som rømmingsekspert, skapsprengar-konge og gentlemannsforbrytar bak seg. Nå blei han ein seriøs samfunnsborgar og med jobb som vaktmester på NSB sin eigedom ved jernbanestasjonen i Stavanger.


Han hadde tilsynet med bygget der NSB bilruter hadde sine kontor og området der dei andre busselskapa hadde sine oppstillingsplasser.


Egil Nylund var disponent for NSB Bilruter
då han blei kjent med Kåre Palmer Holm.

- Han var ein gentlemann. Alltid velkledd, smilande, blid og hjelpsom både for reisande og alle som hadde sitt arbeid her, seier Egil Nylund som var disponent for NSB bilruter frå 1985 til 1988.


Fortida hans som kriminell var ikkje noko tema til vanleg. Men så ein vakker dag gjekk døra på den store safen til NSB bilruter i vranglås. Her var det vekslepengar og bussbillettar oppbevart. Kva skulle dei nå gjera?


- Kan me ikkje spørja om Kåre Palmer Holm kan hjelpa oss, var det ein som sa.


Han kom opp på kontoret og lyste opp i eit stort smil då han fekk spørsmålet. Men han hadde eit krav. Han ville vera åleine mens han gjorde jobben. Det fekk han.  Skapdøra blei åpna og fungerte bra etterpå.


- Eg har berre gode minne om Kåre Palmer Holm, seier Egil Nylund.



Lars Skipevåg møtte Kåre Palmer Holm då dei begge var elevar på Vaktmesterskolen på Bergeland i Stavanger.


Lars Skipevåg, klassekamerat frå 
vaktmesterskolen.

- Eg er usikker på årstalet, men eg trur det var tidleg på 1970-talet. Eg drog kjensel på denne karen og forsto kven det var då navnet hans blei ropt opp under presentasjonen. Eg er fødd i 1945 og var ein god eldre enn dei andre elevane som tydelegvis ikkje visste om dei tidlegere merittene til klassekameraten.


I friminutta kom me i drøs og eg fortalte at me som guttungar i 1959 hadde sykla rundt på Revheim og Sunde og lagt ut nistepakkar til han som var rømling frå fengslet og overnatta i løer og hesjer i dette området.


Det var viktig for han at dei andre medelevane ikkje fekk greie på kven dei hadde til klassekamerat.


For meg var det jo litt overraskande at ein tidlegare skapsprengar skulle bli vaktmester, men eg meiner han sa at dette var eit opplegg som kriminalomsorgen sto bak.


Sjøl fullførte eg ikkje kurset. Eg drog til sjøs. Men seinare traff eg han igjen som  vaktmester på jernbanen i Stavanger. Der besøkte eg han. Me hadde mange fine mimrestunder. Det var ein hyggeleg mann, seier Lars Skipevåg som i dag bur i Danmark.


Kåre Palmer Holm var bygutt, men hadde eit nært forhold til Strandalandet. Mora kom frå Tau og familien hadde ein eiendom der inne. Her var han mykje både som guttunge og som vaksen. I ein del år hadde han også ein eiendom ved Botnefjorden saman med ein bror.


På sine eldre dagar budde han i barndomsheimen i Skreddarsmauet i Østre bydel i Stavanger. Han fekk problem med beina og blei sittande i rullestol. Heimesjukepleien hjelpte han med dagleg stell. I periodar fekk han kortidsopphald på sjukeheim. Mange av pleiarane hugsar han stadig med glede.


Kåre Palmer Holm var ein storrøykar. Han sørga for alltid å ha eit rikeleg lager med Prince-sigarettar innan rekkevidde.


I 1999 sovna han frå ein brennande sigarett. Heldigvis vakna han og fekk varsla brannvesenet. Men han fekk stygge brannsår og havna på sjukehus.


I august 2004 gjekk det gale. Kåre Palmer Holm brant inne i Skreddarsmauet. Han blei 83 år gammal.


Eit spesielt liv var slutt. Men ein ting er sikkert. Mange hugsar han ennå med glede.


Oppslag i Aftenbladet 20. august 2004.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar