onsdag 18. november 2020

Sjåførar med tunnel-angst må telja dører i Ryfast

 

Når du kjører over den flotte Ryfast-brua, er du halvvegs mellom Hundvåg og Solbakk.  Bildet er tatt
av Tor Inge Jøssang i Aftenbladet før åpninga i fjor.  
 

Koss mange grønne dører med tal på er det i Ryfast-tunnelen? 58 eller 59, trur eg. Når eg er kommen så langt at eg kan sjå dagslyset på Solbakk, er lettelsen min så stor at dørene blir gløymde resten av turen.


Sjølv ein del eldre mannfolk som likar å framstå som tøffe i trynet, kan ha ein liten klump i magen når bilen susar inn i tunnelen. Til og med i dei flotte Ryfast-tunnelane.


For oss halv-tøffingar er det ei trøyst at det er skilt i tunnelane som fortel koss mange kilometer du har kjørt og koss langt det er til du er ute. Og gleda er like stor kvar gong ein passerer skiltet som fortel at du nå har mindre enn ein kilometer igjen til du er ute.


Anleggsleiarane – heilt sikkert kloke folk utan snev av tunnel-skrekk har tydelegvis fått det for seg at det ikkje skal vera slike skilt i Ryfast. Kor er slike folk i frå? Har dei ikkje kjørt i Rennfast, Finnfast og Trekant-sambandet? Eller Svo-tunnelen for den saks skuld. Alle desse har slike tak-skilt som eg saknar i Ryfast.


Som gammal tunnel-skeptiker hadde eg ikkje lese meg særleg opp på Ryfast før fyrste turen frå Solbakk til byen i begynnelsen av januar i år. Med mange turar i dei andre undersjøiske tunnelane i våre deler av landet og ei forsmedeleg fartsbot i Rennfast i bagasjen, styrte eg ned i det underjordiske.


Det var jo ikkje bratt her i det heila tatt, var min fyrste tanke. Og då eg hadde kjørt ei stund, begynte eg å lura på om det gjekk oppover igjen. Skiltet som fortel når du er på det djupaste i denne tunnelen, mangla også her.


Flotte tunnelar, men det var dumt med dessa skilta som mangla. Det var min fyrste konklusjon.


Alt på den neste turen begynte eg å studera tala på dei grønne dørene til alle nødutgangane. Det startar med eit ett-tal på Hundvåg-sida og endar rett før nummer 60 på Solbakk. Som sagt er eg då så letta av sjå at enden er nær, at eg gløymer å sjå dørene.


Eg har reist fleire turar med buss gjennom Ryfast. Det var god plass då
eg var med. 

Nå har eg så mange turar bak meg gjennom Ryfast både som busspassasjer og som sjåfør i eigen bil at eg har rekna ut at når du passerer den flotte lysbrua, er du omtrent halveis mellom Hundvåg og Solbakk. Det finst også andre forseggjorde lyskontruksjonar der stigninga endra seg, har eg forstått etterkvart.


Viss avstandsskilta inne i tunnelane er fjerna for å gjera det tryggare, trur eg det resultatet er det motsette.


Når me sjåførar med eit snev av tunnel-angst sit og virrar med håvet og ser på nødutgang-dører, gjer det ikkje trafikken tryggare. Det er 250 meter mellom dørene og ein bil som kjører 80 kilometer i timen passerer fire-fem slike i minuttet.


Det hadde vore tryggare å gløtta eit avstandsskilt ein gong i minuttet, spør du meg.


Forøvrig er det mi meining at Ryfast-tunnelane er flotte!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar