tirsdag 24. november 2020

Ola Buss - helten for guttane på Strandalandet

 


Ola Østerhus teikna av Henry Imsland i Aftenbladet i 1950.




Det hende i ein småskule-klasse inne på Stranda-landet under krigen. Læraren spurde ungane om dei visste namn på store menn. Han fekk svar som Hitler og Mussolini, Churchill og Roosevelt: Men ein liten kar sat og lurte litt.  Så kom det: Ola Buss.


For han var Ola den største, ikkje berre i Strand, men i heile verda. Ikkje nok med at han åtte alle dei store bussane, men han hadde fleire bilar. Nokon gjevare visste han ikkje om, veslekaren som laga bilar, teikna bilar, og ville verta sjåfør.


----------------------------------------------

Portrett-intervju med Ola Østerhus eller Ola Buss
i Aftenbladet 27. mai 1950.


Ola Østerhus ville vel knapt setja større pris på å verta sett i bås med storpolitikarane, men Buss-namnet har han måtta godta, og det er ikkje lenger noko klengjenamn. For han Ola er ikkje småskoren, korkje i tankegang eller å sjå til.


Når han stabbar i land på Taurakaien med open trøye og frakk og med blenkjande klokkekjede som bom for vesten, Eden-hatten passeleg bakpå så den vide hausen vert endå større, og med ei skinnveske så stor at kvar agent kan missunna han, ja, då meiner ein og annan strandbuen å sjå at han Ola Buss er storkar. Det er ikkje fritt for at han har vorte det med åra. Slik går det når det vert for mykje by-kar av ein mann, flirer somme.


Ola Østerhud med ein av sine fyrste bussar.


Sjølv tar han fliren med knusande ro. Han har vant seg til det med åra, frå han i 1933 fekk den fyrste bussen til Bjørheimsbygd, ein gamal «Republic» som helst ville ha vore på «Alders Hvile». Men Østerhus skuva på han, godsnakka og skrudde i han, og bussen sarra ruta ned til Tau. Det var mange slags ting som skulle fraktast, og ikkje mindre alt det han Ola skulle hugsa på.


- Kan du ikkje ta med denne kalven å få han ekspedert te Issen?


- Få med for 10 øre i gjær te meg og eit grovt siebrød. Eg må ha någe te eg får bakt i mårå. Å sei te han Tore at den mørjeta gimrå går innmed Lusabergknuden. Den gamle Republicen måtte ofte bera kalvar ned til Tau. Han Ola rigga til ein garde bak på bussen, og så vart bussen kalla for «Kalvagarden».


- Det kan aldri gå vel, sa folk. Ein dag må han Ola kjøra alt i grøfta. Han kan ikkje grusa på på denne måten. Kor får han pengane frå? Er det ikkje betre at kommunen overtar heile busstrafikken? Er det ikkje ansvarlege folk i bygda som kan gripa inn?


Vanleg syn på Tau.kaien på 1960-talet. Østerhus-bussar på ei rekkje. Fotograf var kaptein
Johan Warland på «Hjelmelandsfjord». Bildet tilhøyrer Steinar Warland.


Men han Ola trong ingen til å overta ansvaret. Den eine flotte bussen kom etter den andre. Rutene vart utvida og dei fekk betre materiell. I dag er Ola Østerhus ein av dei største rutebileigarane i landet, og det finst knapt noko selskap på våre kanter som har betre materiell.


Ennå er det mange som rister på hovudet, men i undring over at slikt kan gå. Dei har fått for mange døme på at ein mann med pågangsmot, dugleik og arbeidsvilje kan greia det umogelege. Det går aldri i verda, sa mange då Ola fôr rundt på gardane for å få bygdefolket med på å byggja kraftverk. Han måtte ut på åkrane, bruka si beste overteljingskunst for å samla dei til eit møte. Nokre trudde på Ola, og året etter, i 1929, sveiv kraftverket i Regnånå. Slik har han synt på ny at han trass i motbør kunne gjennomføra det andre rekna for umogleg.


---------------------------------


Østerhus-bussane sto klar på Tau-kaien då «Jøsenfjord» kom frå byen.

Alt i 1927 søkte Ola Østerhus konsesjon på bilrute mellom Tau og Bjørheimsbygd. Det fanst ikkje ein bil i Strand på den tida. Berre dei færraste tenkte då at dei i deira levetid skulle  «ta bussen». Fjørkjerra greidde det ho. Vegane passa også best til henne, så ingen fann det urimeleg at søknaden ikkje gjekk gjennom. Men Ola kom att år etter år, og i 1933 meinte heradstyret at han fekk lov til å prøva seg. Det kunne ikkje gå lenge. Men det gjekk. Konsesjonen vart utvida. Den eine nye bussen kom etter den andre, og det vart ruter til Jørpeland, Heia og Fiskå, og til Nes og Sørskår i Årdal.


Då krigen braut ut hadde Østerhus sju bussar, to drosje- og to lastebilar. Då krigen var over, var materiellet redusert til halvparten, og det var nedslite.


- Det var ei forskrekkjelege tid, seier Ola. Bussane var ofte så fulle at det var´kje plass te ein to toms spiker! Men du måtte aldri fortelja nokon at bussen var full. Kom dei kje inni, klauv dei oppå eller bakpå bussen.


Og så denne knotten då! Det var ikkje berre motorane som vart skitne. Sjåførane måtte helst leggjast i bløyt etter ei dagskjøring. Men passasjerane var rimelege den tida. Dei var like glade som oss når dei kom fram, om me måtte gjera kjøretida litt romsleg av og til.


Folk er verre til å klaga nå. Ingenting er godt nok. Men det er ei sykja som går, så det er ikkje noko å bry seg om.




Etter 1945 har det kome åtte nye bussar til Strand. Dessutan har Østerhus to eldre bussar, to lastebilar og ein drosjebil. Kvar einaste gong det kjem ein rutebåt inn på Stranda-landet er bussane på plassen, og hjelper folk heim etter byreisa. Det er mest det same kor dei bur. Det går faste ruter på alle dei vegar det går an å koma fram.


Men størst nytte har arbeidsfolket av bussane. Kvar einaste dag tar om lag 120 mann frå Strand og Årdal vegen til Stålverket på Jørpeland. Bussane må vera framme til kvart skift, og dei skal halda tida. Det går og fast skulerute til Jørpeland.


Men ikkje minst nytte har bygdene hatt av mjølkerutene. Kvar morgon samlast bussane på Tau med kvar sine mjølkespann. Det er ikkje mange på kvar. Alle spanna får plass på ein lastebil som kjører rett på båten og fylgjer med til Stavanger. Rutene går Bjørheimsbygd – Holta, Bjørheimsbygd – Tau – Strand. Tveit – Norland – Monane, Jørpeland – Tau og Erlien – Tau. Nokon lukrativ forretning er det ikkje å halda desse rutene for så få spann på kvar plass. Men samlar ein det opp, vert det noko av. Berre i fjor vart det frakta 1,3 million kilo mjølk frå Strand til Stavanger. Då skjønar ein at dette har noko å seia for heradet.


Fjorten sjåførar har fullt opp å gjera. Dessutan arbeider det tre mann fast på verkstaden. Bussane går i eitt frå klokka halv fem om morgonen til i 12-tida på kvelden. Det er mange hjul som skal gå inn i einannan og sviva saman for å få alt til å klaffa. Men det sviv godt for alle gjer sitt beste.


Østerhus gjer og sitt for å syna at han set pris på dugande folk. På Sørskår har han sett opp ein tomanns-bustad for sjåførane som må bu der, og i Bjørheimsbygda er han i ferd med å setja opp ein veldig driftsbygning og ein garasje på om lag eit halvt mål. Alle skal ha så gode arbeidsvilkår som mogleg. Sjåførane hans har elles fått prøva seg andre vegar og. Dei to siste sumrane har Østerhus hatt turistruter Stavanger – Kristiansand – Haukeli – Haugesund og retur.


--------------------------------------


Ein del av bussparken til Østerhus bilruter utanfor bygget på Tau. Foto: Rolf Sæbø.

Ola Østerhus er med i komiteen som arbeider med rasjonalisering av rutebiltrafikken i Rogaland. Det er ikkje alle som likar folk som balar med slikt. Men Østerhus tar det roleg om han får noko motbør inn i mellom. Han har ikkje vorte utskjemd med at folk klappar han på aksla. Ein drivande føregangsmann, ein framifrå administrator og dugande forretningsmann får ikkje berre vener. Det er ein altfor tung kombinasjon for folk flest. Men ei bygd treng ein slik mann inn i mellom, og kan han nyttast til bate for større deler av samfunnet, burde alle vera takksame for det.


Dette portrett-intervjuet med Ola Buss er skrive av journalist Per Barkved. Han var opprinneleg frå Stranda-landet, men arbeidde i mange år som journalist i Stavanger Aftenblad.  Ola Østerhus døydde i 1967. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar