torsdag 19. mars 2020

Mallin-huset med trygdekassen i bestastova

Mallin-huset innringa med raudt. Bak stoveglasa her var det både
 trygdekasse og ligningskontor i mange år heilt fram til det
nye kommunehuset på Hjelmeland var ferdig i 1962.

«Hjelmeland Trygdekasse» sto det med gullskrift i det øverste stoveglaset på Mallin-huset.  Her i bestastova på det store bustadhuset heldt trygdesjef Johannes Fosså til.

Bak skiltet i stoveglaset  hadde Fossåen kontor. Sonen
Arnfinn har teke vare på skiltet.
Han kunne ikkje berre stengja kontoret og gå heim frå jobben ut på ettermiddagen, må du tru. Så enkelt var det ikkje for trygdesjefen på Hjelmeland.

Han var jo frå Jøsneset og jøsnesbuane som var i Vågen i eit eller anna ærend, tok det som sjølvsagt at Fossåen hadde døra åpen og var interessert i å drøsa og bli orientert om siste nytt i heimbygda.

Så Johannes Fosså stelte ikkje berre med trygdekassen og fiskarmanntalet, han dreiv også ei slags varmestove for sine gamle sambygdingar på andre sida av fjorden.

Fyrst då «Hjelmelandsfjord» var kommen og gått vidare over fjorden, kunne Fossåen gå heim til Hagahaugen. Eg torer ikkje tenkja på koss det var dei dagane båten var forsinka og det var den jo rett som det var.

I den andre stova i Mallin-huset var det Olav Hagalid som rådde. Han dreiv ligningskontoret. I den gamle, litle Hjemeland kommune var likning og Hagalien synonyme ord. Når du venta at folk skulle seia skatt, sa dei like ofte Hagalien. Ikkje noko vondt i det: Hagalien var ein blid og omgjengeleg mann som både gjekk på dyrajakt og var med i skyttarlaget.

Slik gjekk dagane på 1950-talet i Hjelmelandsvågen og i Mallin-huset som folk på Hjelmeland kallar dette huset i dag.

Grunnen til at Fossåen havna i Mallin-huset? Dette huset sto uskada igjen etter flaumen i 1940. Det gamle huset til Ragna Thorsen der kommunekassen og trygdekassen heldt til før, blei teke av den ville elva. Det var så vidt at Fossåen rakk å berga kontantene til kommunen før huset fôr.

Johs. Fosså likte ikkje å bli fotografert.
Dette bildet var det beste sonen
Arnfinn kunne tilby.
Raskt oppsummert: Fossåen var seniorbyråkraten. I 1933 blei han tilsett i Hjelmeland kommune. Det skulle ikkje forundra meg om han var komunebyråkratiet i Hjelmeland på den tida. At han var den einaste kontoristen med fast jobb, er eg heilt sikkert på fram til nokon greier overtyda meg om at det var fleire.

Johannes Fosså var fødd i 1904 og kom frå ein heim prega av ein streng og alvorleg kristendom på Jøsneset. Foreldra såg nok at guten hadde gode evner og sende han til Indremisjonens kristerleg ungdomsskole i Stavanger med håp om at han der ville bli styrt inn på den smale veg. Men kristendommen fekk ikkje tak i han eller omvendt. Men å gå på skule ville han.

Som nittenåring tok han middelskule-eksamen og deretter handelsgymnas-eksamen i 1926. Han jobba på eit kontor i byen før han strauk til USA. Det blei ingen stor suksess der borte. Den unge jøsnesbuen kom til det forjettede land omtrent samstundes med det store børskrakket. Eg forstår det slik at Amerika-opphaldet blei ein nedtur. Han var glad for å komma heim igjen.

Frå mai 1933 blei Fossåen tilsett som kommunkasserar i Hjelmeland kommune. I 1935 fekk han også stillinga som trygdesjef. Han hadde begge desse jobbane fram til 1957. I tillegg hadde han hatt ansvaret for fiskarmanntalet fram til 1957.

Likninga hadde han også ansvaret for ein del år på 1930-talet til det kom eigen liknings-sekretær.

Johs. Fosså, som han heitte på trykk, blei pensjonist i 1971. Han var frisk og rask i mange år. I 1994 døydde han.

Likningssjefen.

Likningssjef Olav Hagalid  var ein både blid og
omgjengeleg mann. Dette bildet sto i Aftenbladet
 i januar  1971.
Olav Hagalid, som var den personifiserte likning i Hjelmeland på 1950-talet, var likningssjef i Hjelmeland i 35 år.


Han var fødd i 1915 på den veglause garden Hagalid og farbror til den seinare ordføraren i Hjelmeland, Ola J. Hagalid.

Til liks med trygdekasse-sjefen, Johannes Fosså, blei Olav Hagalid også sendt til Indremisjonens ungdomsskule Solborg i Stavanger. Deretter tok han handelsskule i byen før han vende attende til Hjelmeland. I fleire år arbeidde han på Hjelmeland handelslag før han blei liknings-sekretær i 1943.

Han hadde fleire andre tillitsverv i kommunen. Hagalien var med i overformynderiet i alle år. Frå 1946 til 1966 var han med i styret for Hjelmeland Sparebank, det meste av tida som formann.

Som dei aller fleste med Hagalid-blod i årane, var han ein mann som gjekk med liv og sjel og godt humør opp i det han var oppteken av. Reinsdyrjakt og skyttarlag var hobbyar for Hagalien. Dessutan var han med i mannskoret Andvake.

Han blei ikkje så gammal.Vinteren 1978 døydde han, berre 63 år.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar