søndag 15. mars 2020

«Askøy 1» - DSD-konkurrenten som blei oppkjøpt

Stor stas då «Askøy 1» kom ny til Askje i 1934..


Då den nye«Askøy 1» kom til Askje for fyrste gong jonsokafta i 1934, var det stor stas i bygda. Den nye båten var bygd i tre og hadde ei stripe med dei norske fargane i skorsteinen.

- Både unge og gamle sprang på kaien for å sjå på vidunderet. Det hadde ikkje vore større stas om det var «Stavangerfjord» som kom, fortalde Sigurd Døskeland som var sju år gammal dette året.

 Sigurd Døskeland var sju år då «Askøy 1»
kom til Askje som ny i 1934. 
Rutebåten «Askøy 1» blei gåande i dei ytre Ryfylkefjordane i aldri så mange år, frå 1934 til 1968. Arne Aske frå Askje var både skipper og redar. Båten blei sett inn i rute på øyane i området som omfatta Rennesøy kommune fram til siste årsskifte.

«Askøy 1» konkurrerte med Stavangerske sin rutebåt «Øybuen». Dei to båtane kappkjørte i åtte knops fart frå byen til fyrste stopp på Bru. Båtane gjekk like seint. Vinnaren blei den som hadde komme raskast ut frå kaien i byen.

To daglege turar gjekk «Askøy 1» til byen. Den gjekk frå Voll klokka sju om morgonen og var innom Vikevåg og Dale på Rennesøy og så vidare til Askje, Vestre Åmøy, Sokn og Bru før den sette kursen mot byen. Returen frå byen gjekk klokka 12. Neste rundtur starta ved 16-tida.

Båten førte melk i alle år.  Ost og smør frå meieriet i Vikevåg blei sendt til byen med båten for å bli frakta vidare til Bergen med nattruta. Tilbake frå byen gjekk det i alle slags varer, mykje gjødsel og kraftfôr.

Avgangstidene frå øyane var slik cirka omtrent. Båten gjekk ikkje før alle melkespanna var om bord. På Askje hadde bøndene laga eit kjørelag som sørga for at dei omlag 30 spanna kom på kaien til båten skulle gå. Arne Aske starta også bussrute frå Kloster til Askje midt i 1930-åra med Harald Dirdal som sjåfør. Bussen korresponderte med båten på Askje. Arne Aske skaffa seg også ein lastebil til varetransport.


Ferdafolka var klar til å reisa då  «Askøy 1» kom. Bildet tilhøyrer Niikolai Edland.




Dei var tre mann om bord. To matrosar pluss skipperen. Jan Aske og Erik Vaula var to av dei faste om bord. Eilif Aske, bror av skipperen, var også matros ein periode. 

I 1941 blei både «Askøy 1» og redaren oppkjøpt av Stavangerske.

«Askøy 1» gjekk ikkje berre i Rennesøy-ruta som Stavangerske-båt. Den gjekk mykje på Kvitsøy under krigen.  var innom fleire av dei andre lokalrutene til Stavangerske

Stavangerske brukte «Askøy 1» både i Rennesøy-ruta og på Kvitsøy.  I etterkrigstida gjekk den også på Steinnesvåg og Vatlandsvåg.

Etter at Stavangerske overtok båten, var Racin Frafjord skipper i flere år. Han blei seinare kaptein på dampbåten «Sandeid». Han omkom då «Sandeid» forliste ved utløpet av Mastrafjorden 5. desember 1951.

Utover på 1950- og 1960-talet blei «Askøy 1» liggjande i opplag i fleire periodar. Sommaren 1959 var den igjen tilbake både i Rennesøy-ruta og i ruta til Tau - Jørpeland.

I januar 1968 blei «Askøy 1» kjøpt av Sverre Jørstad. Han var tilsett på Stavangerske-verkstedet på Klasaskjæret. Det hende fleire gonger i tida etterpå at Stavangerske måtte leiga båten tilbake frå Jørstad. Båten blei seldt vidare til eit firma i Haugesund som dreiv med sandsuging. 

Arne Aske var styrmann og kaptein på fjordabåtane til Stavangerske i mange år etterpå. Han var kaptein på «Fjorddrott» til han fekk problem med helsa  i 1968. Sonen Kjell var styrmann på ferjer og hurtigbåtar i mange år.

Fakta: «Askøy 1» var bygd i tre i 1934 på Gravdal Skipsbyggeri, Sunde i Sunnhordland. Båten blei senka ved Korsneset i Sunnhordland hausten 1977. Maskineri: Union 80/120 hk. Fart 8 knop.

(Stoffet til denne bloggen har eg henta frå Magnus Torgersen si bok «Fjordabådane» som kom i 1980 og ein artikkel som eg sjølv skreiv i Aftenbladet 6. mai 2006. Eg har ikkje greidd å finna bilde av redar og kapten Arne Aske. Svært takksam viss nokon kan skaffa fram det.)


Aftenbladet sin nekrolog over Arne Aske sto i Aftenbladet 18. april 1990.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar