onsdag 11. mars 2020

Spett, sleggja og ein gammal Rubbestad-motor




Torstein Randa med Rubben om bord i gamle "Jøsenfjord". 400-hestaren er frå 1934. Randa hjelpte meg med opplysningar
då eg skulle skriva denne bloggen.

 
Eit spett, ei sleggja og ein bunt med ståltråd var alt du trong for å halda ein Rubbestad-motor i svevet, blei det sagt. Dette var ukompliserte og driftsikre konstruksjonar. Sutalaust å fara på sjøen med ein Rubb om bord.

Dette var alt eg visste då eg fekk telefonen: Om eg kunne skriva ein epistel om Rubben til årboka til Sunnhordland eit eller anna? Det blei ikkje plass til mine skriverier i den årboka. Difor har eg laga ein blogg av det sidan det aldri kom på  trykk.

Eg ringte ein venn, som dei sa på TV.

Koss va dette med spett, sleggja og ståltråd nå igjen?

Spettet brukte du til å lea svinghjulet i posisjon når du skulle starta. Eit merke på svinghjulet skulle stå over-ett med eit merke på maskinen. Då var stempelet på topp.

Det sto ein 50 hestars Rubb om bord i "Jo Odd" frå Kvitsøy då den blei
sjøsett i Erfjord i 1954. Mange meiner dette var det vakraste fiskefartyet
som nokon gong har høyrt heime på Kvitsøy.


Så skulle du fyra opp. Ein fyrlampe sørga for at toppen blei raudglødande etter fire-fem minutt. Starten nærma seg. Rart at det ikkje tok fyr nede i motorrommet. Der var ikkje reinhaldet alltid patent.

Og han som fyrte var ikkje alltid like klar i toppen. Han hadde dyppa ein tvistdott i solar og med den fekk han eld i fyrlampa. Det ville helst gå godt, kan du skjøna.

Malvin Langvik var den andre som hjelpte
meg med Rubb-opplysningar.
Trykkluft sette fart på svinghjulet og ein fin dusj med solar (dieselolje) inn i sylinderen eksploderte med eit puff og dermed skulle motoren gå. Den gjekk. Det kunne den gjera i dagavis.

Når du då skulle dra av garde med Rubben, hadde du tre ulike hendlar å styra med.

Med regulatoren styrte du farten.

Spredaren sørga for ein dusj av solar inn i sylinderen. Gjekk du på sakte, skulle det vera ein fin dusj. Med større fart skulle solar-dusjen bli grovare.

Med reverseringa fekk du fartyet til å gå forover, akterover eller liggja i ro. Her var det vridbar propell. Når du vreid propellane i den eine retninga, blei vatnet skuva bakover og båten gjekk framover. Er du med?

Han går med altfor tunge vengjer, blei det sagt av folk som sto på land og såg eit farty fara forbi.

Då hadde dei vridd propellvengjene for mykje. Det blei for tungt for maskinen. Akkurat som om du kjører ein bil på for høgt gir. Maskinen skulle trippa lett i veg.

Skulle du inn til kai, var det følgjande prosedyre:

Slakka på med regulatoren. Skrua igjen på spredaren. Ta inn på vengjene. Då sakta du på.

Du ser fartyet for deg. Sigande inn mot bryggja.

Hei! Du må bakka opp!

Då skulle vengjene i akterover-posisjon, maskinfarten blei auka med regulatoren og spredaren sytte for meir drivstoff. Rubben livna til og sytte for at skøyta la seg fint inntil.

Familien Haldorsen sløste ikkje med brevpapiret sjølv om dei skifta firma-navn. Det viser dette brevet frå 1951.


Var ikkje dette eit fæla stress for mannen i styrehuset?

Dei hadde god trening. Det gjekk automatisk.

Du kunne ikkje berre stoppa Rubben utan vidare. Viss det ikkje var startluft på flaska, var du skjersette. Fyrst pumpa luft, så stoppa. På trykkluftflaska skulle det vera nok luft til eit par bomstartar for å vera sikker.

Mykje å setja seg inn i. Kan tru dei hadde lese mykje i instruksjonsboka.

Instruksjonsboka? Slikt fantes ikkje for dei gamle Rubbane. Dei laga ei på islandsk ein gong. På norskekysten var det rekna som ein del av barnelærdommen å kunna styra med ein 50 hestars Rubb.

Det med sleggja og ståltråden? Nei, det var det ikkje plass til denne gongen.

1 kommentar:

  1. Det var visstnok enkelte som klarte å starta 50 Rubb med handmakt?

    Tunge propellvinger: Onkel Kristoffer på Langøy kunne sei kven som var i styrehuset på Hundvaag 1 ut frå koss vingene var innstilt

    SvarSlett