søndag 8. mars 2020

Kan du bli så lei av jobben at du døyr av den?



«Ekspress» ved kai på Bru i Rennesøy-ruta. Her
venta det mange mjølkespann på matrosen.
Ingen matros på Stavangerske sine fjordabåtar er meir myte-omspunnen enn Oddvin Døskeland. Han var matros på «Ekspress», seinare «Snøgg», som gjekk i Rennesøy-ruta åravis. Når gamle rennesøybuar begynnar å fortelja om han, får du lett inntrykk av han var matrosen på «Ekspress», det var ingen andre enn han. Det er sjølvsagt feil, men ingen andre har det oppstått fleire historier om.

Det var berre ein matros om bord i «Ekspress». Alt som ikkje greidde å kreka seg sjøl om bord og på land med eiga hjelp, måtte berast av den eine stakkars matrosen. For sjøl om dette var ein liten båt, mangla det ikkje på last. Melkespann, tomatkassar, postsekker og all slags ditt og datt. Du kan sjøl tenkja deg alt dette kunne vera.

Ein dag var Oddvin så lei av jobben at han blei alvorleg bekymra. Då gjekk han til skipperen på «Ekspress» og spurde om det gjekk an å døy av leielse, som han sa. Kva svaret var, har eg aldri høyrt, men han overlevde.

 «Ekspress» og «Strand» gjekk i alle Stavangerske-ruter. Som ny i 1938 var «Strand» døypt  «Ekspress 2»,  men det blei
så forvirrande for dei reisande at båten skifta navn. 


Gravalvorleg sto han der med tauen når båten seig mot land og matrosen skulle sørga for å få tampen i land så folk og last kunne komma trygt om bord.

- Han lo berre ein gong påstår dei på Rennesøy. Det var den gongen slangen som låg på botnen av Mastrafjorden og blei brukt til å transportera returmjølk frå meieriet på Vikevåg til bøndene på Mosterøy flotna opp og blei liggjande i vasskorpa og flyta. «Ekspress» kom durande og gjekk rett på mjølkeslangen og kutta den av. Heile Mastrafjorden blei kvit. Då lo Oddvin Døskeland.

Ein gong bar han dynamitt-kassar i land på ein stoppestad: - Nå håpar eg det smedle, skal han ha sagt.

 Aftenbladet sin omtale av Oddvin Døskeland då han fylte 80 år
 i mai  1997.

At Oddvin Døskeland skulle ha vore ein gammal og sur mosterøybu, tvilar eg sterkt på. At han såg alvorleg og kanskje sur ut der han gjekk om bord i «Ekspress», trur eg nok. Men dette var nok heller ein ytterst smålåten mann som hadde ei litt spesiell form for humor, og han var godt likt av sine kolleger på båtane. 

Når Oddvin Døskeland hadde fri på båten, var han med
 på gardsarbeid på Mosterøy. Johan Dirdal  på traktoren.
  Bildet tilhøyrer Kjetil Edland.
Broren Sigurd som også hadde ein lang karriere som matros, styrmann og kaptein på Stavangerske-båtane fortalte ei anna historie.

- Oddvin var til sjøs i sin ungdom og mønstra av i ei havn i Europa og måtte reisa heim for eigen rekning saman med ein skipskamerat.

- Då me kom til Oslo, hadde me nesten ikkje pengar igjen. Me måtte velja om pengane skulle gå til mat eller tobakk. Då kjøpte me sjølsagt tobakk, fortalde Oddvin Døskeland.

Matrosen var ikkje arbeidssky. Når han var fri på båten, var han med på gardsarbeid når det passa. 

Oddvin Døskeland fekk mange gode år som pensjonist. Han var 81 år gammal då han segla ut av tida i 1997.

I Aftenbladet sto det omtale av den gamle matrosen då han fylte 80 år i mai 1995. Koseleg lesnad for oss som stadig hugsar den gamle matrosen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar