tirsdag 10. mars 2020

Over 100 år med åpen slusa i Skjoldastraumen

Rutebåten «Robert» var fyrste båt gjennom slusa då den blei åpna i
november 1908. Foto: Arkivverket.

Rutebåten «Robert»fekk æra av å åpna slusa i Skjoldastraumen i november 1908. Ei storhending i den tida. Men visste du at slusa stadig er i bruk. Fritidsbåtane får stadig slusa seg gjennom på veg til eller frå Skjold eller Grindafjorden.

I snart 112 år har det vore sluse-trafikk i Skjoldastraumen. Slusa blei bygd for å gjera det tryggare for større båtar å passera her. Det kunne vera kraftig straum som gjorde det farleg å fara her. Sjøl om det er svært lite nyttetrafikk her i dag, er slusa åpen for lystbåtar heile sommaren.

\Slik såg det ut i Skjoldastraumen for 20 år sidan.


Det er Lilleskog bilverksted i Skjoldastraumen som har ansvaret for slusinga. Åpningstida er den same som for bilverkstedet: Frå klokka 8 til kl 16.

Vippebrua må opp og trafikken på fylkesveg 515 blir stansa medan båtane passerer. Slusa er 40 meter lang og sju meter brei.

Som dei lokalkjende ser, er ikkje bildet av ny dato. Eg har henta det frå heftet
«Lune havner» som Aftenbladet gav ut i 2001. Men her ser du kor slusa ligg i farvatnet. Innanom slusa ligg Skjold og Grindafjorden.

Stavangerske sette inn «Espedal» i Skjoldaruta i 1958. Foto: Espen Jonasen.
På slutten av 1950-talet var det slutt for dei gamle rutebåtane i Skjoldaruta. Passasjerane var omtrent borte og dermed leigde Stavangerske inn ein lastebåt til denne ruta.


«Espedal» på veg gjennom slusa i Skjoldastraumen.
Foto: Espen Jonassen.

 «Espedal» begynte å gå i ruta i 1958. Sjølv om båten kunne ta med seg nokre få passasjerar, var det fyrst og fremst kraftfôr-frakt til bygdene nord for Boknafjorden som var hovudoppgåva for denne båten.


Frå DSD-ruta sommaren 1958.


«Espedal» gjekk to rundturar i veka. Frå Stavanger gjekk båten tysdag og torsdag til Isvik og Skjoldavik. På veg tilbake til Stavanger, gjekk det mykje saft frå konservefabrikken i Hervik til Stavanger.

  - Når «Espedal» nærma seg slusa, blei det gitt eit signal med fløyta. Då kom kona til vegvaktaren og åpna sluseporten. Ho hjelpte mannskapet med dei tunge sluseportane, fortale Håkon Galta frå Rennesøy som var matros om bord frå 1964 til 1967.

Isen låg ofte tjukk i Skjoldafjorden. «Espedal» var isforsterka i baugen og stanga seg fram gjennom is som var så tjukk at mannskapet kunne gå på fjordisen på sida av båten. Når båten sette seg fast, blei lastebommen svinga ut på kvar side med eit tung mjølhiv for å rugga båten. Slik kom dei seg vidare innover.

Dei få passasjerane om bord blei godt behandla. Dei fekk kaffi av mannskapet. Ein gong kom det om bord to personar i Liarvåg som mannskapet trudde var eit ektepar. På grunn av tjukk skodde bestemte skipperen at båten skulle liggja over natta i Toftøysund. Paret blei plassert i same lugar. Morgonen etterpå kom det for dagen at paret ikkje kjende kvarandre frå før, fortalde Håkon Galta.


«Espedal» gjekk i denne ruta til langt ut på 1980-talet.









-  







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar