«Øybuen» hadde fast liggeplass ved Steinkarkaien i Stavanger. Foto: Hans Thostensen. |
Når gamle, ekta
rennesøybuar skal oppsummera historia, går det svært raskt frå Adam og Eva fram til den gamle
dampbåten «Øybuen». Men då tek dei seg god tid. For denne båten gjekk i Rennesøyruta
i opptil fleire mannsaldrar. 64 år gammal var denne rutebåten då
den endeleg fekk avløysing av den nybygde «Rennesøy» i
1958.
Utdrag frå Stavangerske si vinterrute 1956-57. |
Det var alvorleg mykje last i Rennesøyruta. For å få plass til alt blei det stua tomatkassar i salongen, hønsekassar og høyballar på taket av aktersalongen. Mjølkespann på bakken og bensinfat og mjølsekker på fordekket. Båten tok ikkje bilar, men traktorar var det råd å få med på «Øybuen».
Dette var ein gammaldags båt alt då den blei sett inn i Ryfylke-rutene. Dører hadde dei ikkje i styrehuset dei fyrste åra. Kapteinane sto i ulster og oljehyre på brua i den fæle, kalde trekken. Likevel blei kapteinane verande lenge om bord. Mandius T. Nesvik var der frå 1916 til 1919. Han blei avløyst av Kristoffer Asheim som var om bord frå 1920 til 1937, Deretter blei Halvard Løvig kaptein på «Øybuen» etter 10 år som styrmann. Han var stadig om bord då båten gjekk sin siste tur i 1958.
«Øybuen» fekk avløysing av nye «Rennesøy» i 1958. Den skifta seinare navn til «Hidle». Her på veg til kai på Østhusvik. Foto. Jon Ingemundsen. |
For unge rennesøybuar som kunne tenkja seg jobb om bord i fjordabåtane til Stavangerske, blei «Øybuen» eit slags skuleskip. I 2006 snakka eg med Hjalmar Galta som var matros om bord i 1950-åra.
- Me var fem mann om bord. Kaptein, styrmann, maskinist og to matrosar. Fredrik Løvik var matros saman med meg. Enok Dalaker, Sigurd Døskeland og Ole Søllesvik var om bord som styrmenn i mi tid. Løvvig var kaptein, Johan Falkeid var maskinist. Bjarne Nesvik var avløysar-maskinist, fortalde Hjalmar Galta som likte seg godt om bord sjøl om det var ein gammal båt og mykje slit med all lasta.
Erling Olsen starta si karriere i DSD som styrmann på «Øybuen» i 1955. |
Rutebåten
var blitt 19 år gammal då Stavangerske kjøpte den og gav den
navnet «Øybuen».
Båten var bygd på Laksevåg ved Bergen i 1894 og gjekk som rutebåt
i Bergensområdet med navnet «Sotra». Stavangerske fekk akutt
behov for ny båt etter at den fyrste «Øibuen» brann
opp på Reianes på Rennesøy.
«Øybuen»
blei ombygd og modernisert fleire gonger i løpet av si tid som
Stavangerske-båt. Siste gongen var i 1951. Då fekk båten den
utsjånaden som folk hugsar i dag.
Dei
reisande hadde tre salongar å velja mellom om bord. Ein liten
framme under bakken. Der var det stort sett berre mannfolk. Dei
fleste foretrakk hovedsalongen midtskips. På vinterstid var det
godt og varmt der nærast maskindøra. I salongen heilt akter var det
sjelden folk.
Det
var trongt om bord i «Øybuen». Matroslugaren var plassert
heilt forut. Der skulle to matrosar sova, men det var knapt nok plass
til ein. Men sidan begge matrosane høyrte til på Sørbø, kunne dei
sova heime om nettene.
«Øybuen»
gjekk frå Sørbø klokka 7.15. Den gjekk deretter til Utstein
Kloster, Mosterøy, Vikevåg, Dale, Askje, Vestre Åmøy, Sokn og Bru
og var framme Stavanger kl. 10. Der hadde båten fast
liggjeplass ved Steinkarkaien. Sjøbussane «Ekspress»
og «Strand» gjekk mykje i Rennesøy-ruta i 1950-åra.
Mjølka
frå dei ytre kaiane blei frakta til meieriet på Vikevåg. Resten av
mjølka gjekk til Frue Meieri i byen.
I
1959 selde Stavangerske «Øybuen» til Ole Reilstad frå
Finnøy. Planen var å byggja om den gamle rutebåten til lastebåt,
Men det viste seg at den var i så dårleg stand at salget blei
oppheva. Dermed enda «Øybuen» hjå Brødrene Anda som hogg
den opp i 1961.
Kommentarer til denne bloggen som er lagt inn på Facebook:
Njål Gjedrem Øybuen gjekk og i rute på Finnøy. Gjekk kl 07 frå Judaberg, Reilstad, Talgje, Hidle. Det må ha vært etter at den slutta på Rennesøy. Kan ha vært reserve båt. Eg huske båten fordi han gjekk så seint. Me vitsa me at han gjorde full gass for å komma opp i 5 knop som bar øvre grense frå Grasholmen
Odd Asheim Den låg på Judaberg om natten og starta ruta derfra om morgen. Husker vi var en gjeng med unger som fisket mort fra kaien om kvelden og Øybuen hadde topprekke på utsiden av salongen som vi kunne stå på. Vi fant fort ut at var vi mange som gikk opp der og ned på kaien samtidig, da startet Øybuen og vagge fra side til side. Etter en stund hørte vi bøtter og spann startet og skramle ombord. Tilslutt kom skipperen ut og kjeftet og vi måtte slutte den moroen
Jahn Erik Jonassen Og jeg minnest. Første turen med Øybuen sommeren 1947, 5 år gammel, på veg til familien på Mosterøy. Akterdekket var åpent med harde trebenker. Klosettet hadde noe spesielt, håndpumpe til å spyle ned. Damesalongen var under dekk, med dyprøde benker i fløyel med dusker under. Salongen ble modernisert i tidlig 50 åra, med moderne seter. Noen ganger var en lik-kiste med, og da var det fullstendig stillhet ombord, hørte bare klirringen fra strikkepinnene til de kvinnelige reisende. Mannfolka sto som regel på dekk med pipa og skråtobakk, og spytta snus over rekka. Øyfolket kjendte jo alle, også de som døde på sykehuset, og ble fraktet hjem. Det ble mange turer med Øybuen, inntil den ble borte, og nye skip overtok. Biler krevde ferger, og hadde min første bil på tvers på fordekket på Bokn. I dag går det i full fart under havet, og biler står det på envær gard på øyene. Nå har 5 åringen blitt en gammel gubbe, men reiser fortsatt til Mosterøy, så lenge helsa holder, og hilser på den økende familien, og besøk på gravplassene for de som har flyttet dit, for der har også mange havnet etterhvert.
Ola Helgeland Sjølv om eg er erfjordbu, har eg reist fleire gonger med "Øybuen". Eg gjekk på framhaldsskulen i Vikevåg då det ikkje var nok elevar i Erfjord. Eg budde hjå morbror Lars, som då budde i Vikevåg med familien sin. Det var jo litt rart, tykte eg, at Rennesøy hadde "dårlegare" båt enn Erfjord hadde. I den tida gjekk for det meste "Fisterfjord" til Erfjord.
Christian Nedland Takk for god beretning om gamle Øybuen, Jone! Det vekker minner frå den tida (1938-39!) då vi ferierte på Vestre Åmøy, på Hegreberg. Biletet må vera tatt etter ombygginga i 1951, for etter det eg minnest var det eit anna "vindus-arrangement" midtskips. (Berre vindu, ikkje ventilar/"koøyer"). Kan det stemma?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar