tirsdag 14. april 2020

Tysk losbåt blei den fyrste «Hylsfjord»


Sanitetsdamer på tur med «Hylsfjord» . Foto: Liv Stokkedal.


Den fyrste rutebåten med navnet «Hylsfjord» blei sett i rute mellom bygdene i Hylsfjorden og Sand i januar 1947. Denne båten avløyste skøyta «Ørnen» som då hadde gått i denne ruta i 21 år.

«Hylsfjord» var ingen ny båt. Den var bygd som tysk losbåt og den havna i Danmark i 1945. Der skifta båten navn til «Viking» og gjekk der eit års tid til den blei kjøpt av Stavangerske for å bli omgjort til rutebåt i Ryfylke.

To ukjende jenter på dekket på «Hylsfjord».
På same tid som båten blei henta frå Danmark var det i januar 1947 konstituerande generalforsamling i Hylsfjord Rutelag AS på Sand. Aksjekapitalen var på 50 000 kroner fordelt på 500 aksjar. DSD hadde 303 aksjar. Resten av aksjane kjøpte folk frå Hylsfjorden. Største lokale aksjonær var Knut Tengesdal med 50 aksjar.

«Viking» kosta 24 818 kroner og det blei brukt eit like stort beløp til overtaking, heimføring, ombygging og utstyr. «Viking» fekk nå navnet «Hylsfjord» og båten var på 29 tonn. Motoren var ein Humbolt Køln diesel på 75 hestar som gav ein fart på 10 knop.

Skipsekspeditør Sverre Underbakke på Sand blei forretningsførar for det nye selskapet. Direktør Johs. Johansen var styreformann. Direktør Erling Aanensen, bonde Knut Tengesdal og bonde Ingemund Drarvik var styremedlemmer.

«Hylsfjord» ved kai i Vanvik. Foto: Digitalt museum.


Så kunne «Hylsfjord» byrja med rutefart. Johs. Løland var førar og Lars J. Tjelmeland var nummer to-,mann om bord. Takstane blei fastsett til 60 øre mellom Sand og Tangen. Mellom Sand og Vanvik og mellom Sand og Suldalseidet kosta ein vaksen billett kr 1,25. I oktober 1948 overtok Einar Løland som førar med Gulleik Andersen som matros og motormann.

«Hylsfjord» hadde ikkje gått så lenge i ruta før det blei klart at den var for liten. Den mangla plass til last. Difor blei det snakka om å forlengja båten eller skaffa ein ny båt. Eit alvorleg motorhavari sette «Hylsfjord» ut av spel og ein reparasjon ville bli altfor dyr.

Hylsfjord Rutelag hadde generalforsamling i slutten av juni 1958. Der blei det avgjort at selskapet skulle kjøpa Flekkefjord Dampskibsselskabs båt «Alf». I Flekkefjord skulle det komma ny båt hausten 1958. Men «Alf» kom aldri til Hylsfjorden. Rutelaget kom på andre tankar og bestilte heilt ny båt hjå Westermoen i Mandal. Den nye båten blei levert i 1959.


Tidlegare «Hylsfjord» blei ombygd til slepebåten «Jadarholm».


Gamle «Hylsfjord» blei i 1960 seldt til Brødrene Anda for 4500 kroner. Den hadde lege på Klasaskjæret i Stavanger sidan motorhavariet.

Båten blei ombygd til det ugjenkjennelege og enda opp som slepebåten «Jadarholm». Nå blei det sett inn ein tresylindra Rubb på 350 hestar.

Kjelde: Ein artikkel av Njål Tjeltveit i tidsskriftetet «Folk i Ryfylke» frå 1989. Magnus Torgersens bok: «Fjordabådane».




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar